Klokkemakar Alfreds mysterium av Olla Rypdal & Tarjei Rypdal Eide

Rosie og Tobias er to søskenbarn som møter på Alfred, ein gammal klokkemakar som fortel om eit fleire hundre år gammalt klokkemysterium. Saman vil dei forsøka å løysa mysteriet.

  • Norsk tittel: Klokkemakar Alfreds mysterium
  • Forfattar: Olla Rypdal & Tarjei Rypdal Eide
  • Sjanger: Barn og Ungdom
  • Antall sider: 84
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Olla Forlag

Olla Rypdal er forfattar og teaterpedagog, og jobber som freelancer. I 2017 grunnla ho forlaget Olla, og gav ut den fyrste boka i serien om Anna, nemlig «Amulettmysteriet». Etter denne har det komt ytterligare to bøker i denne serien, «Det gamle slottet» og Kodemysteriet».
Tarjei Rypdal Eide er illustratør, og har vert med å lage «Tippoldefar Jacobs julekort» og «Klokkemakar Alfreds mysterium».

Rosie og Tobias er søskenbarn. Når vinterferien står for døra, finn dei ut at alle venene skal reise vekk fra byen. Då bestem dei seg for å reise på ferie til tante Lea, som bur på nordvestlandet. Ein dag når dei går ein tur i skogen, oppdagar dei ei gammalt falleferdig hus. Den gamle mannen som bur i huset er klokkemakar og heiter Alfred. I dette huset er det fullt av gamle klokker. Ein dag fortel han barna om eit fleire år hundre gammalt , uløyst mysterium om to heilt spesielle klokker. Samstundes er det ein kvit varebil som står gøymt i skogen, og ein person fylgjer med på Alfreds hus. Plutseleg er Alfred sporlaust vekke…

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar Olla Rypdal. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet mi eiga subjektive vurdering av «Klokkemakar Alfreds mysterium».

Denne boka er retta mot born i aldersgruppa 8-12 år. Men historia er såpass bra, at det er ingen hindringar for at eldre også kan kose seg med denne romanen. Boka er på nynorsk.

Forordet i boka forklarar innholdet, at det er skråskrift når forteljinga går bak i tid, og ein introduksjon av dei viktigaste personane i boka. Lesaren får all informasjon ein treng, før sjølve historia byrjar, så dette var ein veldig fin måte å starte boka på.

«Tobias hadde opna munnen for å seia noko, men orda blei ståande fast då det i det same braut ut eit øyredøyvande spetakkel. Det ljoma og klang, ringde og runga. Tobias var sikker på at vindauga og veggane vibrerte.»

Boka tar utgangspunkt i faktiske hendingar frå 1700-talet, og omhandlar fyrst og fremst den berømte klokkemakaren Abraham Louis Breguet, Marie-Antoinette, dronning av Frankrike, og Axel Von Fersen, greve og nær ven av dronninga. Så flettar forfattar inn fri fantasi og drar oss inn i skogen eit sted på nordvestlandet i nåtid. Men den inneheld gode og interessante opplysningar, og blir dermed også lærerik. Og kanskje nokon vert så nysgjerrig at dei vil læra meir?

Boka er veldig oversikteleg, og det er ingen tvil om kvar tid handlinga foregår i. Den er skrevet for barn, og da kjem også fram i tekst og oppsett. Det er nokre flotte teikningar som går over to sider her og der i boka. Desse er virkningsfulle og litt «mørke». Her må Rypdal Eide få stor honnør for formidlingsevne.

Sjølve historia er velskrevet. Den er ikkje så veldig spennande og skummel, men meir ei hyggjeleg forteljing, der to barn prøver etter beste evne å hjelpe ein gammal mann med eit mysterium. Dei tar saka i eigne hender, og prøver å løyse klokkemysteriet for han. Ein kanskje litt enkel avslutning på boka, men det er ei avslutning som barn vil forstå seg på, og det er nok også baktanken med dette.

Denne passar fint for barn som har bra leseferdigheter, eller den kan godt brukes som høytlesningsbok. Den er på 84 sider inkludert teikningar og fakta om tid og klokker, så den er lettlest og kan fint fullførast på nokre få kveldsstunder.

«Klokkemakar Alfreds mysterium» er eit veldig fint avbrekk frå alt som skjer i verda idag. Her kan borna (og vaksne) læra noko, samtidig som dei får servert ein god historie. Rett og slett ei kjekk lesestund.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s