Kokain av Pascal Engman

Bok nr. 4 i serien om politietterforsker Vanessa Frank.

  • Original tittel: Kokain
  • Norsk tittel: Kokain
  • Forfatter: Pascal Engman
  • Sjanger, Krim, Spenning
  • Antall sider: 543
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Gyldendal Norsk Forlag

Pascal Engman (Født 1986) er journalist og forfattar. Han debuterte som forfattar i 2017 med «Patriotene». Engman gav ut boka «Ildlandet» i 2018, som er hans fyrste krimroman med Vanessa Frank i hovedrollen. «Rottekongen» vart utgitt i 2019, «Enkene» kom ut i 2020, og «Kokain» i 2021.

En død mann blir funnet i skjærgården et stykke utenfor Stockholm. Samtidig oversvømmes hovedstaden av billig kokain, og de kriminelle gjengene bruker brutal vold for å befeste sine posisjoner. Det skjer et drap på åpen gate i en av de mest belastede bydelene, men ingen tør å snakke med politiet. Politietterforsker Vanessa Frank blir satt til å etterforske drapet og trekkes inn i gjengenes rivalisering om makt og posisjon. Samtidig forsøker Vanessa å finne sin rolle som fostermor for tenåringen Celine.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Gyldendal Norsk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Kokain».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Bok nr. 4 om politietterforsker Vanessa Frank, som greit kan leses frittstående, men det anbefales på det sterkeste å lese bøkene kronologisk då privatlivet utvikler seg gjennom bøkene.

For dei som ikkje kjenner til desse bøkene, så er det svensk spenningskrim med ein kvinneleg hovedkarakter. Vanessa Frank er ein kompleks karakter som gjerne går eigne veger og som levner liten forståelse og empati for dei ho jakter. Samtidig slit ho i kjærleikslivet, og har også fått ansvaret for 14 år gamle Celine. Bøkene så langt har vert av høg internasjonal klasse, så denne var eg ekstra spent på.

Me vert kasta rett inn i den mørke underverdenen med narkotikasmugling, gjenger og utnytting av andre personer på det groveste. Engman tar oss med inn i ein avkrok av eit samfunn som eksisterer der ute, men som dei aller fleste lukker augene for. Makt, penger og enda meir makt og penger driver bakmennene til å utvide sine markeder og til å ta større sjanser.

«I fjor hadde vi tjuefem døde i Stockholm. Gud vet hvor mange skadde. Tenåringer skyter hverandre i hodet, selger og begår ydmykelsesran. De er avstumpet, helt jævlig gærne. Null respekt for menneskeliv. Volden er helt ute av proporsjoner.

Ein død mann vert funnen i den svenske skjærgården. Ikkje langt frå funnet av mannen, dukker det opp store mengder narkotika på ei strand. Vanessa Frank og hennes team vert satt på saken. Ei sak som skal få uante konsekvenser og utvikling.

Persongalleriet er av ypperste nivå. Her finn ein hat og elsk-forhold til karakterene, der motsetningene knapt kunne vert større. Ein får på denne måten fleire bi-historier som opprettholder tempoet og intensiteten i romanen.
Ulvene er ei gruppe som terroriserer innbyggerne, samtidig som dei slepp unna fordi folk er redde for å stå fram. Dei fleste veit, men ingen våger å setje seg sjølv og familien i livsfare ved å vitne i saker. Lederen for Ulvene er den 25 år gamle somalieren Said Abdullahi. Dette er ein karakter som me vert meget godt kjent med, og som Engman verkeleg har polert til å bli ein særs realistisk og dynamisk person.

Dette er som tidlegare nevnt ein spenningskrim, der me fylgjer både etterforskning og dei som utfører brotsverk parallelt. Forfatter har denne gongen valgt å rette fokuset mot gjenger og gjengkriminalitet, Drivet i boka er enestående, og eg kan ikkje komme på så mange forfattere som holder dette nivået i bok etter bok. Pascal Engman plasserer seg sjølv på det internasjonale krimkartet med denne serien og boka.

Engman kjem raskt i gang med historia og spenningsnivået stig nærast umiddelbart frå fyrste side av. Det er korte kapitler, fantastiske cliffhangere og eit altoppslukende innhald. Politi vs gjengkriminalitet i stor skala, med drap og trusler er eit stort samfunnsproblem. Forfatter tar oss med inn i underverdenen og viser oss kva som foregår, korleis dei jobber og kva for mentalitet dei har. Ingen, og da meiner eg INGEN står i vegen for desse personene uten å verta straffa for det.

Språket er til dels røft, og det er enkeltsituasjoner som kan være i grenseland for enkelte. Likevel auker det realismen, og eg følte på ingen måte at forfatter har overdrevet voldsbruk for å skape ekstra spenning. Det er skrevet i kontrollerte former og han lar det aldri bikke over til å verte urealistisk.

Han tok tak i håndleddet til den ene gutten, presset den andre hånden mot skulderbladet hans og dro. Skulderen gikk ut av ledd med en knasende lyd.

Det skjer ting stort sett heile vegen, samtidig som ting bygger seg opp over tid og er klar for den store finalen til slutt. Sjølv om det ikkje alltid er actionscener og spenning, og forfatter drar tempoet ned eit hakk og to, så er nerven der og innhaldet i det han skriv gjer til at det likevel føles intenst.

Nokre dager etter at boka var ferdiglest fekk eg flashback til nokre scener eg hadde sett. Fyrst trudde eg det var frå ein film, men etter litt grubling fant eg fort ut av dette var scener frå boka. Innhaldet fester seg til underbevisstheten med sitt sterke bodskap og situasjoner.

Gatevolden som utspeler seg går inn på sjølv den mest hardbarka politietterforskeren. Det er veldig masse som skjer, som f.eks gateopptøyer. Likevel har Engman klart og holde det oversiktlig. Det er ein kunstform som ikkje alle mestrer. Engman gjer det til fulle.

Nicolas Paredes er sjølvsagt også med i denne romanen. Han er ikkje like involvert boka gjennom, men har ein desto viktigere rolle. Engman har valgt å fremheve Vanessa Frank i denne boka, og det gjer han på ein mesterlig måte. Det er ein fryd å fylgje denne karakteren i jobb og privatliv, og sjå korleis ho utvikler seg i takt med ting som skjer.

Med parallelle historier og utvidet synsvinkel frå forskjellige parter og personer, så føles det som ein får ein 360 grader panoramautsikt til historien som utspiller seg foran augene på deg. Det er stadige vendinger i eit forrykende tempo. Likevel legg forfatter nokre føringer som gjer til at ein misser enkelte overraskelsesmoment. Men utfallet av ting klarer han å holde tett til brystet.

Kvinnen hylte. Tok tak i jentas skuldre og ristet dem som om hun prøvde å få henne til å våkne. Vanessa sto maktesløs ved siden av. Det var som å se en yngre versjon av seg selv, tjue år tidligere på sykesalen i Havanna, der hennes datter, Adeline, langsomt hadde svunnet hen.

Engman er også inne på dette med medmenneskelighet i ein tøff situasjon. Han retter fokuset på korleis mennesker forenes når det oppstår ein krisesituasjon. Dette varmer eit lesehjerte oppi alt det mørke som foregår.

Det er eit mektig språk og fantastiske dialoger. Engman skriv realistisk spenningskrim og tar opp store samfunnsproblem. Han skildrer korleis personer tar irrasjonelle valg og handler deretter i ein pressa situasjon. Dette viser han frå fleire ståsteder, og viser at eit menneske berre er eit menneske, enten ein er politi, sørgende mor eller far, eller er ein mektig bakmann med enorm makt og innflytelse.

«Kokain» er nok ein fantastisk spenningskrim frå Pascal Engman. Serien om Vanessa Frank er på øverste hylle i internasjonal sammenheng, og han befester sin posisjon som Skandinavias fremste forfatter innenfor sin sjanger. Nå er «Kokain» endeleg oversatt til norsk, og eg bøyer meg i støvet for det Engman presterer.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s