Tankeslottet – En antologi av diverse forfattere

Ein poetisk antologi med eit høgt nivå.

  • Norsk tittel: Tankeslottet – En antologi
  • Forfatter: Diverse forfattere
  • Sjanger: Dikt, Poesi
  • Antall sider: 76
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Rebecca Blix Forlag

Denne boka er eit leseeksemplar frå Rebecca Blix Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tankeslottet – En antologi».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein antologi i form av dikt og poesi med 46 forskjellige bidragsytere.

Boka starter med ein kort introduksjon av alle bidragsyterne. Det er store forskjeller i alder og erfaring, og ein finn eit og anna kjent navn som Jarl Goli, Svanhild Fosback og Rebecca Blix. Goli står også for illustrasjon på omslag.

Siden dette er ein antologi, så er det eit vidt spekter av skrivestiler og måter å fremheve bodskap på. Det varierer mellom svevende og konkrete dikt og mellom heile setninger og korte dikt. Det som er så kjekt med antologier, er at ein aldri veit kva som venter deg på neste side.

Tematikken varierer ein del, men hovedsaklig så handler det om kjærleik, tanker og draumer. Naturskildringer og metaforbruk innan natur står også sterkt.

Eg må få rose initiativtaker Rebecca Blix for å samle saman eit så sterkt felt av gode dikt og poesiforfattere. Det er generelt høg kvalitet på bidragene, og her finn ein mange kloke ord og fornuftige tanker.

For å gi slipp
må du legge noe
bak deg,
ikke foran deg
slik at du stadig
snubler i det.

Kjersti Hammarqvist

Det er fri-dikt, det er dikt på rim, og det er sågar ei forteljing som er både poetisk og sår. Dei aller fleste er på bokmål, men ein finn også innslag av nynorsk og dialekt.

Det er fryktelig vanskelig å trekke fram enkeltbidrag i ei slik bok, men eg må seie at eg falt litt for «Alveguttens sorg» av Cili Holm. Det er ei forteljing på rim som gir inntrykk.

Det oser positivitet ut av mange av diktene, noko som gjer det til ei meir lystig lesestund. Samtidig er det alvor og tunge stunder innimellom. Det handler blant anna om livet, døden og kjærleiken på godt og vondt. Ein lar seg berøre av ordene som slår ned over deg som eit hammerslag.

Det er eit flott oppsett i boka, med oversiktelige og gode skiller mellom diktene. Riktignok er det kun enkelte dikt som har overskrifter. Her kunne det i mine auge vert enten eller, for å få ein heilhet.

Antologien viser at korte, konsise dikt kan innehalde vél så masse som eit langt og utbroderende dikt. Dette viser mangfaldet i stiloppbygging og leik med ord. Nokre nytter seg av enkle, men småartige ordspel, medan andre går djupare til verks i sine bidrag.

Jeg ga så mye
av meg selv til deg.
Så nå som du er ferdig med meg,
er det fint om du
leverer meg tilbake.

Line Storstein

«Tankeslottet – En antologi» er ein fin mix av dikt og poesi frå mange forskjellige bidragsytere. Her er det garantert noko for ein kvar. Innhaldet kan få deg til å smile, le, føle på sorg og medlidenhet, og egentlig berre være glad for at ein er til. Er du glad i poesi og dikt generelt, så bør du definitivt sjekke ut denne boka.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar