Spøkelsesstasjonen av Anne Elvedal

Ein særs velskrevet og spennende bok for born og unge.

  • Norsk tittel: Spøkelsesstasjonen
  • Forfatter: Anne Elvedal
  • Illustratør: Hedda Kverndalen
  • Sjanger: Ung, Grøsser, Overnaturlig
  • Antall sider: 256
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Cappelen Damm

Anne Elvedal (Født 1973) er ein ettertraktet manusforfattar. Ho har skrevet manus til filmer og TV-serier som «Børning 2», «Elias og jakten på havets gull» og ikkje minst serien «Twin», som er solgt til 46 land. «Dødens spill» (2020) er hennes skjønnlitterære debut. Dette er den fyrste boka i ein grøssertrilogi for ungdom. I 2021 kom «Den sorte bruden», og i 2022 gav ho ut «Mørkets tjener» som er den siste boka i trilogien. I 2024 kom ho ut med barneboka «Spøkelsesstasjonen».

Billie og familien flytter fra storbyen til en nedlagt togstasjon i lille Helgrenda. Et gammelt hus med sjel, som mammaen til Billie sier. Men hva betyr det? Det tar ikke lang tid før Billie oppdager flere mystiske og merkelige ting. Hva er de rare lydene fra underetasjen om natta? Hvorfor kalles skogen ved stasjonen for Sørgeskogen? Og hvem har skrevet en advarsel til dem på veggen? Sammen med sin nye klassekamerat Rasmus begynner Billie å undersøke hva som egentlig foregår på stasjonen, men det viser seg at ingenting er slik de tror.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Spøkelsesstasjonen».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein roman som passer for born og unge i alderen 9-12 år. Innhaldet kan være litt skummelt for dei yngste, medan boka veldig fint kan leses av ungdommer også.

Me møter Billie og hennes familie som er på flyttefot. Moren er lege og faren er sjukepleier. Når moren mister jobben i Oslo, så flytter dei like godt til ein lita stad som heiter Helgrenda. Her har begge foreldra fått jobb, og saman med Billie og vetlebroren, Lukas på 3 år, forsøker dei å finne seg til rette i ein nedlagt togstasjon. Det tar riktignok ikkje lang tid før Billie byrjar å oppdage fleire mystiske ting inne i huset. Kva er det som eigentleg skjer, og kva for lyder er det Billie høyrer? Saman med klassekameraten Rasmus forsøker dei å komme til bunns i saken.

Det fyrste ein ser når ein åpner boka, er ein oversiktsteikning av området. Dette er eit veldig godt hjelpemiddel for den som les, og ein fin måte å bli kjent med dei viktigste lokasjonene i bygda.

Anne Elvedal hopper rett inn i eit makaber opningsparti. Det setter stemningen for det som skal komme seinare, der ein finn ein lett blanding av små grøss og skumle hendinger.

Alt begynte med at lillebroren min spiste et fuglehode. Ikke et kråkehode eller et ørnehode, det hadde ikke Lukas stor nok kjeft til, men et lite spurvehode.

Billie er 12 år, og har ingen ho kjenner frå før av på den nye plassen. Men ved fyrste besøk i sentrum så oppdagar ho ein gut som syklar rundt der. Han ser ut til å vera rundt hennes alder. Det skal vise seg å være Rasmus, som går i samme klasse, og ho havner ved sida av han i klasserommet. Rasmus har konsentrasjonsvansker, og får komme og gå litt som han vil. Dei andre elevene overser han, og han er ein einsam gut som har falt utenfor fellesskapet i klassen. Billie tar han under sine vinger, og saman forstår dei kvarandre og eit venskap oppstår.

Eg liker måten Elvedal snur litt opp-ned på ting. Normalt sett så ville kanskje hovedkarakteren, nyinnflytta og litt sær, slite med å få innpass i klassemiljøet. Men her vert ho møtt med opne armer av to jenter som heile tida forsøker å inkludere ho både på skule og i fritid. Men sidan dei overser Rasmus, så velger ho å unngå dei og heller nytte tida saman med Rasmus.

Karakterene er solide, og det ligg ein viss mystikk rundt dei. Særskilt Lukas på 3 år. Han har ingen språk, og har ikkje sagt eit einaste ord. Likevel klarer han å formidle følelser, men det er noko rart som skjer medan dei bur på den nedlagt togstasjonen. Dette er ein god bi-historie, som får lov til å utvikle seg gjennom heile romanen.

To rotter har fått stor plass i historia. Det kan nok høyres rart ut, men det føles heilt naturleg når ein les. Forfatter viser nok ein gong at ho kan spele på mange strenger i forhold til mennesker og dyr.

Det handler logisk nok ein god del om det overnaturlege. Men sjølv om dette er grunnvollen i heile historia, så inneheld den så mykje meir. Eg digger måten Billie er bygget opp på. Ei jente som er klok og tenker konsekvenser, som har eit stort hjerte, og som likevel ikkje aner kva som faktisk skjer rundt ho. Ho har stor omsut for vetlebror sin og for Rasmus. Ho virker å vere den einaste som faktisk bryr seg om han, på tross av dei utfordringene han har. Dette er ein hjertevarm forteljing, som treff leseren.

Jeg skyndte meg etter ham, og da jeg kom opp i klasserommet, satt han allerede ved pulten sin. På min pult lå det et kort. Det var en invitasjon til halloweenfest hjemme hos Sarah i kveld. Det lå invitasjoner på alle pultene, bortsett fra Rasmus sin. Han så ut av vinduet mens han ristet rastløst på beina. Jeg visste ikke helt hva jeg skulle si til ham. Hvor jeg skulle begynne.

Språket er utsøkt, og historia er rett og slett fabelaktig. Det er ikkje så ofte at eg, som antikk ungdom, storkoser meg med ei bok som har ei målgruppe på 9-12 år. Men det gjorde eg med denne. Dette er ei bok som eg definitivt kjem til å lese opp att ved ein seinare anledning, no når eg veit korleis det heile ender.

Kapittellengden synes eg er ekstra viktig i bøker der målgruppa er litt i oppstartfasen av å lese lengre bøker på eiga hand. Denne boka treff godt der, og i tillegg er den rikt illustrert som bryt teksten fint.

Det er små og store illustrasjoner. Dei er utført i ein form for blyantteikning, og skaper ein heilt spesiell atmosfære. Her har samarbeidet mellom forfatter og illustratør, Hedda Kverndalen, vert særs god. Det er ingen tvil om at illustratør har klart å plukke opp dei viktigste punkta i historia, og maner med dette fram informative bilete for lesar. Teikningane er verkeleg gode, og passer boka som hånd i hanske. Kverndalen viser her sitt talent og sin utsøkte forståelse for å lese tekst og situasjoner og gjere det om til illustrasjon.

Det er mange grøsser-element som er nytta, men det tar aldri overhand. Elvedal har full kontroll på kor langt ho skal strekke strikken i forhold til målgruppa.

Inni hetta kom et hode til syne. Ingen øyne stirret på meg, ingen nese rynket seg, ingen munn åpnet seg og freste mot meg. Jeg så på en hvit hud som var helt glatt, som silke. Jeg så rett på et hode uten ansikt. Likevel var det som om hun skrek mot meg, uten lyd.

Forfatter nytter dyr og naturelement som stemningsoppbygging. Det er eit uhyggelig miljø, med tett skog rundt. Når ein i tillegg ikkje kan føla seg trygg i sitt eiga hus, kvar kan ein då føla seg trygg?

«Spøkelsesstasjonen» er ein fabelaktig god historie med stemningsskapende illustrasjoner. Dette er ei bok eg også kan anbefale til ungdom og vaksne, for den innehar så mange element av medmenneskelighet, mystikk og skumle hendinger. Anne Elvdal fornekter seg ikkje, og dette er rett og slett nok ein maktdemonstrasjon av ei bok!

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar