Fem barn våkner opp i ein by der alle beboarane er forsvunnet. No må dei læra seg å samarbeida og overleva… Alene!
- Norsk tittel: Alene
- Original tittel: Seuls
- Forfattar: Bruno Gazzotti & Fabien Vehlmann
- Sjanger: Barn og ungdom, Teikneserie
- Antall sider: 238 sider fordelt på 5 bøker
- Utgivelsesår: 2017-2019
- Utgiver: QlturRebus Forlag
Bruno Gazzotti (Født 1970) er ein belgisk teikneserieforfattar. Han var med på den store suksessen med krimteikneserien «Soda» i åra 1989-2005, før han saman med Vehlmann skapte bestselgaren «Seuls», som er «Alene»-serien i Noreg.
Fabien Vehlmann (Født 1972) er ein fransk teikneserieforfattar. I 2009 fekk overtok han ansvaret for teikneserien «Sprint».

I denne serien er det dei fem barna, Ivan, Lea, Camilla, Tommy og Dodji som er hovudpersonane. Det er ein heilt vanleg kveld, dei er heime i sine respektive hus og familier. Alt er som vanleg, men i løpet av denne natta skal mystiske ting skje. Når dei våknar neste dag, har alle beboerene i byen forsvunnet sporlaust. Dei finn kvarandre gjennom ein tur i byen. No må dei begi seg ut på ei reise for å finne andre mennesker. Men fyrst må dei kunne samarbeida, for i skuggane er det eit eller anna som fylgjer med på dei. Dei må læra seg å overleva… Alene!
Desse bøkene er leseeksemplarer frå QlturRebus Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet mi eiga subjektive vurdering av «Alene».
Del 1 består av bok 1 til og med 5 i denne serien, og det er desse eg har lest og skriv om i denne bokanmeldelsen. Må òg få understreket at serien ikkje sluttar ved bok nr 5.
Dette er ein litt mørk teikneserie for barn frå 8-10 års alderen og oppover. Den fyrste boka startar med ein flott intro av desse fem barna. Den er kort, men samtidig får me masse informasjon ut av få bilete og lite tekst. Bøkene fortsetter der forrige bok slutta, så ein må lesa dei kronologisk. Bøkene er på 46 til 48 sider kvar.
Karakterene er ein god miks. Dodji som er på barneheim, og har opplevd ting barn ikkje skal oppleva, tar på seg ein sjefrolle i gruppa. Ivan, som virker som ein einsam gut, der foreldra er masse vekke, men som har teoriar om det meste. Lea, som konstant kranglar med far sin, men som er ei lita «MacGyver»-jente. Camilla, som sit og pugger lekser og er eit skulelys. Og Tommy, den minste i gjengen, og etter min mening den artigste karakteren. Ein liten pjokk som tydeligvis er vant med å få viljen sin.
Handlinga er litt skummel, der mange overraskende ting skjer undervegs. Det kan vere greit å vere oppmerksom på at enkelte banneord forekommer i teksten. Den innehar også slåssescener med kniver og skytevåpen. Men det er også ein herleg humor i denne serien. Eg humra fleire gongar av enkelte kommentarar og teikningar. Spesielt scenen i kinosalen er særdeles artig.
Det er forskjellige temaer fofattarane er innom i denne serien. Samarbeid er sjølvsagt nøkkeltemaet. Men det er også om kjønnsroller, finna sin plass i ei lita gruppe, og om mot og overmot. Sorg og sakn etter foreldra stikk djupt hos barna, som fell mange tårer i desse bøkene.
«Jeg elsker sovekroken vår. Den er enda bredere enn den jeg lager med pappa! Pappa….»
Det er også mange dyr barna må forholda seg til. Alt frå tiger, nashorn og aper. Ja, endatil ein stor hai. Barna møter på mange hindringar, og uenigheitar innad i gruppa gjer at dei havnar i farlege situasjonar. Overmot og dumdristighet på eigahand lønar seg sjeldan.
Som ein voksen person syntes eg dette var ein spennande og veldig kjekk teikneserie. Eg er heilt sikker på at barna vil elske denne serien. Den er original, og veldig ulikt det eg har lest før. Teikningane er veldig bra og forklarande. Da er ein del tekst i bøkene, men heldigvis ikkje så mange «lydeffekter» som ein ofte finn i teikneserier. Men enkelte av tekstboksane er nok litt for små i forhold til lengda på teksten, så der er skrifta i redusert størrelse og kan gjer at ein må konsentrere seg litt for å lese. Men det er heller unntaket.
Sjølv om den kan vera litt skummel for dei minste barna, vil eg absolutt anbefale Alene-serien på det varmeste. Den inneheld alt ein god teikneserie skal inneholde, uavhengig av aldersgruppe. Desse bøkene kan heile familien kose seg med.
TERNINGKAST: 5+