Redebyggeren av Merete Junker

Journalist Mette Minde er endelig tilbake.

  • Norsk tittel: Redebyggeren
  • Forfatter: Merete Junker
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 298
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Gyldendal Norsk Forlag

Merete Junker (Født 1959) debuterte som forfattar med krimromanen «Jenta med ballongen» i 2008. Sidan den gong har ho gitt ut ei rekke krimromaner, og «Redebyggeren» som kom ut i 2024, er hennes sjuende krimbok.

Gårdbruker Einar Engelmark blir funnet skutt og drept i skogen utenfor Seljord. Til sin store overraskelse er journalist Mette Minde nærmeste arving til Engelmarks gård, hester og skogseiendommer. Men hvem var egentlig denne ukjente onkelen hennes – og hvorfor brøt moren all kontakt med ham før Mette ble født? Motvillig må Mette forlate Finnmark og vende tilbake til Telemarkslandskapet og bygda moren forlot. 

Denne boka er eit leseeksemplar frå Gyldendal. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Redebyggeren».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman, og er bok nr. 4 i serien om journalist Mette Minde. Boka kan fint leses frittstående.

Mette Minde vert noko overraskende arving til blant anna ein gård og store skogsområder. Onkelen hennes vart drept, og medan ho tar over gård og grunn etter han, så gjer ho også sine eigne undersøkelser rundt drapet. Kven hadde noko uoppklart med han, og vil vedkommende fortsette å drepe?

Mange har etterlyst fleire bøker om denne journalisten. Det har faktisk gått over 10 år sidan sist Mette Minde var i aksjon, så her har Merete Junker børstet støvet av ein gammel kjenning for mange.

Mette er utdanna politi, men er no journalist av yrke. Ho er rundt 40 år, er skilt og har to tvillinger i tenårene. Denne karakteren er nysgjerrig av natur, men samtidig vaksen nok til å sjå sine begrensninger. Samtidig vert det litt ofte «skal berre…» i hennes tankegong, og det tar ikkje så lang tid før ho er djupt involvert i noko ho i utgangspunktet ikkje skulle involvere seg i. Dette er ein fin karakter som er tøff og standhaftig på den eine sida, og redd og usikker på den andre siden.

Det hadde trolig ingenting med drapet å gjøre. Men det kunne ha noe med saken å gjøre, det var det som var problemet. Når hun først hadde fått ferten, var det helt umulig for henne å stanse nysgjerrigheten.

Boka starter relativt roleg. Ein ser raskt at Junker ikkje forhaster seg på noko som helst måte. Ho er opptatt av å få lesar med i hennes tankebane og univers.

Handlinga er lagt til 2015, og til eit lite bygdesamfunn. Her finn ein fleire som veit noko, men som ikkje vil snakka. Enkelte lyg for å dekke over fortida, og det er ei bygd som føler på urolighet og er oppskremt av at ein er blitt drept i deira eiga bygd. Drap er noko som skjer alle andre plasser, enn i denne rolege bygda…

Språket er i klassisk Junker-stil, der ein får servert ein oppbyggende historie som er spennende, utan å gjere den actionfylt og overdrevet. Det er ingen enkel jobb, men forfatter klarer å holde på spenninga boka gjennom.

Ein fylgjer fleire personer parallelt, og til tross for at boka ikkje har kapitler, kjem det cliffhangere som perler på ei snor. Istadenfor kapitler, så er det lagt inn luftig avsnitt med ei lita stjerne i midten for å skilje teksten frå kvarandre.

Det er ein del personer å holde kontroll på, og ein må holde tunga beint i munnen når det kjem til relasjoner og slektskap. Nokre personer er meir framtredende enn andre, men dei aller fleste speler ein eller anna form for ein rolle i saken.

Det er ein god del detaljerte miljøskildringer. Med desse skildringene, så senkes også tempoet i historien. Her er det ein hårfin balansegang om ein lykkes eller ikkje. Eg synes at Junker treff godt, og ein ser at ein har med ein erfaren krimforfatter å gjere.

Hun så utover vannet. En svak vind fikk overflaten til å kruse seg og skimre som kråkesølv der sollyset slapp igjennom det hvite skydekket.

Det vert ein god del hundesnakk, utan at det nødvendigvis har noko med saken og historia å gjere. Det tar fokuset vekk frå det som faktisk er reellt.

Det er eit relativt defensivt politiarbeid som vert utført, og enkelte snarveier vert tatt. Actionscenene tar seg opp på slutten, noko eg syntes var unødvendig. Junker kunne fint redda inn slutten utan å gi seg i kast med slike scener, som i mine auge ender på ein urealistisk måte. Men når ho fyrst har satt i gong snøballen, så må den rulle seg stor før det vert stopp.

Plottet er velskrevet, der forfatter nøster fint opp i trådene og runder av med stil. Enkelte tvister her og der, og ein god del gravejobb i fortida må til for å skjønne bakteppet for drapet.

Det er ein fin nerve i historia med ein stor, mørk skog som omkranser gården. Denne skogen «sluker» mennesker, og skaper ein uhyggeleg stemning for ein person som bur åleine der oppe, medan ein morder går laus.

«Redebyggeren» er ein krimroman med ein oppbyggende historie og ein bankende nerve. Eit bygdesamfunn vert satt i fokus, og her finn ein alt frå bygdeoriginaler til personer med gamle skjelett i skapa. Mette Minde er endelig tilbake, til stor glede for mange lesarar.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar