Ingen til bords av Lene Lauritsen Kjølner

Olivia lovar å holde seg langt unna etterforskninga når eit lik dukker opp på ein utendørsscene i Tønsberg. Men ikkje alt går som ho har tenkt. Dette er bok nr. 4 om privattetterforskar Olivia Henriksen.

  • Norsk tittel: Ingen til bords
  • Forfattar: Lene Lauritsen Kjølner
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 301
  • Utgivelsesår: 2017
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Lene Lauritsen Kjølner (Født 1962) er skribent og forfattar. Ho debuterte som forfattar med novella «Armer og Bein» i 2013. I 2014 kom den fyrste av til no sju bøker (2020) om privatetterforskar Olivia Henriksen. Med «Høyt henger de» vann ho Nytt blod-prisen for beste krimdebut. Ho har også gitt ut ei rekkje noveller. I 2020 gav ho ut «Petra Pettersens perfekte plan».

Eit lik dukker opp på utendørsscenen til eit lokalteater i Tønsberg. Privatetterforskar Olivia Henriksen blir sjølvsagt nysgjerrig på saken. Men denne gongen har ho lova kjæresten sin, polititimannen Torstein, om ikkje å blande seg inn, og dermed unngå vanskar for han på stasjonen. No har Olivia hendene fulle sjølv, då ein fortvila ektemann kontaktar ho i forbindelse med at han fryktar kona er utro. Alle som kjenner Olivia Henriksen veit at ho går inn i sakane sine med liv og lyst, og denne gongen vert ingen unntak. Men det skal visa seg at hennes sak har nokre fellespunkt med drapssaken, og dermed vert det etterkvart vanskelig å forklara Torstein kvifor ho stadig blandar seg inn i hans etterforskning.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar Lene Lauritsen Kjølner. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet mi eiga subjektive vurdering av «Ingen til bords».

Dette er bok nr. 4 om privatetterforskar Olivia Henriksen. Eg syntes den forrige boka, «Dakota Rød» var ein liten nedtur. Så eg var spent på denne boka. Eg kan seie såpass at Kjølner er tilbake på det rette sporet. Denne gongen er ho litt inspirert av Agatha Christies krimroman «Tretten til bords».

Boka innheld mange morosamme betraktningar og dialogar. Ein kjenn att språket med ein gong. Det litt særegne Kjølner-språket, og det herlige universet ho har skapt på idylliske Ankerholmen, viss ein ser bort fra alle drapa som ha foregått der då sjølvsagt.

«Det fantes en eksmann som var ute av bildet for minst ti år siden. Teoriene var mange, men etter det jeg kunne finne ut, burde dama være like blakk som en gatesanger i stemmeskifte.»

Denne gongen har ho satt søkelyset på skodespelarar og det alternative med healing og steiner og slikt. Me møter nokre skodespelarar med primadonnanykker og store egoer. Olivia meldar seg frivillig til å hjelpe i det lokale teateret, og dermed får me eit innblikk i dette miljøet. Same dame klarar også å få seg ein liten jobb på ei alternativmesse. Også her får me nokre synspunkt på klassisk Kjølner-vis. Det er stor underholdning å lese denne boka, og som alltid er det eit lite spark oppover i systema her og der.

Ellers byggjer forfattar vidare på forhold mellom personar frå dei tidlegare bøkene i denne serien. Så les dei kronologisk for å få størst utbytte av bøkene.

I «Ingen til bords» er det særskilt drapssaken og utroskapssaken som får fokuset. Men det er også gode skildringar når det oppstår gnisningar mellom Olivia og Torstein, grunna arbeidsforholda. Olivia rotar seg i kjent stil inn i eit lite spindelvev av små løgner, noko som får Torstein til å tvile på ho, og det vert dermed eit anspent forhold mellom dei. Forfattar har klart å skapa eit spennande og morosamt plott, der ho held på spenninga til siste slutt.

Eg går jo litt tom for superlativer når da kjem til denne serien. Det er herleg og ironisk humor, samtidig som det er spennande å lesa. Som alltid ein befrielse å lesa bøker av Kjølner, og dette er intet unntak.

«Ingen til bords» er etter mi meining den beste boka så langt i denne serien. Eg håpar så mange som mogleg får opp augene for denne serien, for dette er kosekrim på sitt aller beste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s