Livvakten av Tove Taalesen

Endelig er den frittstående oppfølgeren til «Dronningen» her!

  • Norsk tittel: Livvakten
  • Forfatter: Tove Taalesen
  • Sjanger: Krim, Thriller
  • Antall sider: 447
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Nettavisen Forlag

Tove Taalesen har jobba som HR direktør ved ein av dei største restaurantgruppene på Aker Brygge. Ho var Norges fyrste kvinnelege lakei for det norske kongeparet. Ho starta i jobben i 2007. Ho jobba ved Det Kongelege hoff fram til 2018. Sidan har ho reist verda rundt som reiseskribent. «Dronningen» er hennes bokdebut, og vart utgitt i 2020. «Livvakten» kom ut i 2023, og er oppfølgeren til hennes fyrste utgivelse.

Kunstgalleriet i stallbygningen på Slottet forbereder en kontroversiell fotoutstilling som satiriserer over religion, menn og makt. Det inviteres til en mottakelse for Corps Diplomatique og kunstkritikere fra Oslo og New York. I kulissene planlegger Utenriksdepartementet og Det kongelige hoff å bruke mottakelsen som skalkeskjul for et møte mellom Ukraina og Russland. Første episode av en dokumentar fra innsiden av det høyreekstreme miljøet i Norge sendes på TV. Det setter sinnene i kok i et farlig og svært organisert miljø som ikke skyr noe middel for å beskytte sin egen organisasjon. Den kongelige politieskorte er underlagt Politiets sikker. hetstjeneste (PST). Livvakten Tormod Beyer har fått jobben som sikkerhetssjef ved hoffet. Men når ekskona plutselig dukker opp, mister Beyer fokuset. Assisterende hoffintendant Stampe er på full fart opp karrierestigen ved Det kongelige hoff og truer Peder Høeghs posisjon, og hans skjulte agenda får faretruende følger …

Denne boka er eit leseeksemplar frå Nettavisen Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Livvakten».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein psykologisk krimthriller og er ein frittståande fortsettelse av «Dronningen», som vart utgitt i 2020. Sidan boka har forgreininger til den forrige boka, så vil eg anbefale å lese den fyrst.

Forfatter viderefører hovedkarakterene frå den fyrste boka, og introduserer nokre nye. Me møter dermed att blant andre lakei Tale Voss, livvakten Tormod Beyer og hoffmarskalken Peder Høegh. Og sjølvsagt er Dronning Ingeborg i sentrum for handlinga. I tillegg er det fokus på den unge og fremadstormende assisterende hoffinterdanten Stampe.

Tove Taalesen har skifta forlag sidan forrige bok, utan at det har gått ut over kvaliteten.
Eg la raskt merke til tekststørrelsen i boka. Den er eit hakk og to større enn det ein gjerne finn i voksenlitteratur, men dette fann eg utelukkende positivt.

Starten av boka setter standarden for resten. Det er ein rå og brutal opningssekvens, som nok vil ta fleire på senga. Høyreekstreme finner tilfeldige mørkhudede ofre på gata og rett og slett grisebanker dei, og det som verre er. Også dei som har tilknytning til desse offera får unngjelde. Og nettopp dette med rått og brutalt er noko ein finn att seinare i denne krimthrilleren også. Hatet mot enkeltpersoner og grupper er så intenst, og det bygger opp under det som hender videre. Taalesen har ikkje spart på detaljene i voldshendingene, så her er det berre å setja to streker under på at denne boka passer ikkje for sarte sjeler.

I sidesynet så han den ekle svartingen som lå på magen på den snødekte bakken og fikk en omgang velfortjent juling. Gjentatte ganger sparket aggressive skotupper i lårene hans, på anklene og mot ribbeina.

Tale Voss kjem langt meir i bakgrunnen i denne boka. Ho har riktignok ein vesentleg rolle, men ho speler definitivt annenfiolin. Denne gongen er det meir den interne maktkampen mellom Stampe og Høeg, samt gjentatte uenigheter i saker og ting mellom desse og sikkerhetssjef/livvakt Tormod Beyer. Og Dronningen er like bastant og egenrådig som i den fyrste boka. Det er dermed duket for intern uro djupt inne i den innerste sirkel rundt Dronningen. Det er ikkje noko godt utgangspunkt når ein forbereder ein kontroversiell fotoutstilling i stallbygningen ved Slottet, i tillegg til å være vert for eit toppmøte mellom Ukraina og Russland som skal møtes til hemmelige samtaler. Sikkerheten er på topp, men det er noko som skurrer. Vil dei klare å forhindre at noko skjer?

Parallellt med dette er også historien om Anne Brenna som har infiltrert det høyreekstreme miljøet over fleire år. Dette er blitt til ein dokumentar i fleire deler som vert sendt i desse dager. Ho lever under ein konstant redsel for hevn, samtidig som ho springer fra det eine intervjuet til det andre. Ho får til og med audiens hos Dronninga… Ein fin bi-historie som vert fletta inn i hovedforteljinga.
Også ein historie om ein ung gut som vert mobba fysisk og psykisk på barneskulen, og som me fylgjer gjennom oppveksten er ein strålende bi-historie.

«Jeg er satt på listen. Enten så er du venn eller fiende. Det finnes ingenting imellom, ingen nyanser. Det vil ikke nødvendigvis komme represalier med en gang, men jeg kan aldri være hundre prosent trygg. Det visste jeg da jeg gikk inn i det, men omfanget av den organiserte brutaliteten gruppen gjennomfører, hadde jeg ingen forutsetning for å kjenne til. Psykisk terror er utbredt for å kontrollere atferd og handlinger.»

I dei mest actionfylte så følte eg det vart litt uoversiktlig her og der. Forfatter vil masse, men det var ikkje alltid ho nådde heilt ut med sin tankegang i mine auge. I tillegg var det ein episode eg stusset ekstra over, all den tid det ikkje låg ei forklaring til grunn. Om den er blitt borte på vegen, eller om det var noko eg har oversett skal ikkje eg konkludere med her, men litt rart var det…

Taalesen er dyktig til å komme med korte og informative opplysninger på ein naturleg måte. Som når ho bruker ord som «buldrende stemme». Slike små ord er nok til at ein formelig kan høyre den høglytte diskusjonen som pågår. Eller når ho lekende lett fletter inn alder og utseende i teksten. Det ser lett ut, men det er ein kunst å få det inn i ein flytende setning.

Noen få grå hår truet med å avsløre at hun nærmet seg førti, men utover det så hun ung ut for alderen.

Historien er velskrevet, og den har eit herlig driv over seg. Karakterene varierer fra de sympatiske til det mest usympatiske ein kan finna. Forfatter skaper ei naturleg ramme rundt personlighetene og kva dei står for. Historia har eit politisk spel i kulissene, og eit meget solid forspill og opptrekk til det som synes å komme seinere.

Tidsmessig er det ein konsentrert historie, der det aller meste foregår over ein tidsperiode på 2 dager. Dermed er det ikkje tid til unødvendig fyllstoff, all den tid me fylgjer fleire historier parallelt og det skjer ein dynamisk utvikling heile tida. Dette er eit meget godt verkemiddel og som passer forfatter som hånd i hanske i denne boka.

Dette er den vanskelege andre boka, men for Tove Taalesen virker det som ein lek. Ho har valgt å stå for den retninga ho peika ut med «Dronningen», og fortset i det samme sporet her. Å skrive ein psykologisk krimthriller er ingen enkel oppgåve, men dette har forfatter nå vist at ho meistrer gjennom to bokutgivelser. Det er det berre å ta av seg hatten for.

«Livvakten» er ein intens og til tider bestialsk krimthriller med eit høgt tempo. Boka er definitivt ikkje for sarte sjeler, der Taalesen graver seg inn i det djupeste sinnet på nokre sadistiske og syke personligheter og viser kva dei er i stand til å gjere med andre mennesker. Dette var nok ein strålende utgivelse fra Tove Taalesen. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar