Magica og Dommedagsboken av Mirka Andolfo og Luca Blengino

Ein nymoderne utgåve av 14 år gamle Magica fra Tryll.

  • Norsk tittel: Magica og Dommedagsboken
  • Forfattere: Mirka Andolfo & Luca Blengino
  • Illustratør: Greta Xella
  • Sjanger: Teikneserie, Born og Ungdom
  • Antall sider: 90
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Egmont Kids Media

Mirka Andolfo (Født 1989) er ein italiensk teikneserieskaper. Ho er blant anna skaperen av teikneserien «Sweet Paprika» som vant pris for Best International Book i 2021.
Luca Blengino (Født 1978) er ein italiensk teikneserieskaper som har utgitt ein heile rekke med teikneserier.

Fjorten år gamle Magica fra Tryll har verden for sine føtter som arvtager til rollen som yppersteheks – den mest respekterte tittelen i magiens verden. Det er dette hun har jobbet for hele livet, og hun føler seg klar for enhver utfordring som blir kastet hennes vei. Det hun ikke har tatt i betraktning er at i mørket skjuler det seg farer som gjerne vil ha en finger med i spillet … Farer som i verste fall kan bety slutten på den magiske verden slik vi kjenner den i dag … GISP!

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Egmont Kids Media Nordic. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Magica og Dommedagsboken».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein teikneserie med 14 år gamle Magica fra Tryll i hovedrollen.

Me møter Magica som 14 åring, der ho har framtida foran seg. Men allereie her ligg det masse press på unge skuldre, all den tid ho er arvtaker til rollen som yppersteheks. No skal ho vise kva ho kan, og for å overbevise den regjerende ypperseheksa, som også er tanta hennes, så gir ho seg i kast med mørk magi. Noko som fører ho og alle hekser ut i stor fare.

Det italienske temaet som står bak denne utgivelsen har virkelig gitt Magica og hennes omgivnader eit visuelt løft. Det er eit moderne uttrykk, nærmest som manga med fantasy-elementer. Her vil det nok være litt delt i synet på om denne fornyinga er til det betre eller ikkje. Den eldre garde vil kanskje rynke på nasa av det visuelle, medan den yngre garde kanskje vil fatte meir interesse for Magica fra Tryll enn det ein ellers ville gjort. Det er uansett eit spenstig val av teamet.

Borte er flyvende koster, gryter og dei meir gammelmodige redskapa. Her finn ein blant anna biler, luftskip moderne PC’er, smarttelefoner og mikrobølgeovn.

Historien starter med ein «advarsel»; «Du vil ikke finne moral eller lærdom i denne historien». Med andre ord er dette ei historie der ein kan lene seg tilbake og berre kose seg med, utan at ein blir overlessa med moralpreken.

Magica er 14 år, og bur hos tanta si, Marelia. Ho er yppersteheks og stadig på reis, noko som gjer til at Magica ofte er åleine. Ho har knapt nok vener, og går masse for seg sjølv, og det sjølv om ho er med på masse og har fullt opp om ettermiddagene. Det er eit einsamt liv ho lever, og ein kan føle på den følelsen ho må ha når ho legg seg for kvelden.

På trollmannskulen for trolldom og heksekunst er folk redde for ho, og ingen våger å ta kontakt. Magica ser også på dei andre som «dårligere» enn ho, og har dermed allereie distansert seg frå dei på denne måten. Likevel er det ein meir ydmyk Magica me møter som ung, der ho vil bruke sin magi på å gjere verda til ein betre plass.

Hold munn! Vil du at hun skal høre deg? Hun er i stand til å utføre mørk magi! Hun gir meg frysninger!

Det er masse magi og «lyn» som brukes, og dermed kan enkelte illustrasjoner verta uoversiktlige. Mange ting skjer samtidig og det er visuelt mykje farger i nærkamper, i motsetning til dei meir mørke og duse fargane ellers. Dette er eit godt verkemiddel, og ein vert dratt rett inn i kampene på denne måten.

Når det onde skal beseires, så er det likevel ein moral inni biletet. Og det er at ein klarer det ikkje åleine. Ein må ha gode vener rundt seg, men ein finn nødvendigvis ikkje dei rette vennene der ein kanskje trur. Eg likte måten historien utvikler seg. Magica har fått eit meir moderne uttrykksform, og er ein person som unge faktisk kan dra paralleller til. På denne måten fremstår ho langt meir sympatisk enn i Disney sine klassiske forteljinger i sin kamp om Skrue McDuck sin lykketiøring.

Det er mange ruter og ein god del snakkebobler. Det er stort sett godt organisert og det flyt fint. Med så mange ruter så får me ein meir omfattende og detaljert historie. Forfatterne har valgt å la Magica være forteljar. Denne teksten er ført inn i svarte bokser, og fungerer som ei fortellerstemme. Også dette fungerer veldig fint. Det er med andre ord ein gjennomtenkt og godt utført teiknserie me får ta del i.

Du har ødelagt alt, Magica fra Tryll! Og nå må du stå til ansvar for det! Dine uansvarlige handlinger vil få konsekvenser! Som også er uopprettelige!

Historia kan kanskje være litt skummel for dei aller minste, der mørke krefter regjerer. Framtoning og historie peiler seg nok meir inn på eldre born og ungdom, der me får den klassiske kampen mellom det gode og det onde.

«Magica og Dommedagsboken» er nymoderne i sitt innhald og i det visuelle. Den vil definitivt tiltrekke seg nye lesere med sin manga-inspirerte framtoning. Med masse magi og heksekunstner, så er dette ein teikneserie med karakterer som byr på seg sjølv i eit raskt tempo.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar