Ei novellesamling for ungdom, som er trist og fin på ein gong.
- Norsk tittel: Sumarvariasjonar
- Forfattar: Tone Nilsen-Bie
- Sjanger: Ungdom, Noveller
- Antall sider: 87
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Skriveakademiet
Tone Nilsen-Bie er tidlegare publisert i ulike antologiar, og skriv i tillegg for scenen. «Sumarvariasjonar» som kom ut i 2021, er hennar skjønnlitterære debut.

Kvifor lyg nokon om kven dei er?
Kvifor blir nokon så blenda av andre at deg ikkje lenger ser seg sjølve?
Kvifor vel nokon døden framfor livet?
Kan ein liten augneblink gje lys nok til å møte ein mørk kvardag?
Og kva med den sorga som kjem når ein ikkje lenger har eit val?
Med novellesamlinga «Sumarvariasjonar» vil forfattaren vise lesarane at andre ikkje alltid har det betre. – Det er ikkje alt vi ser.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måten påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Sumarvariasjonar».
Dette er ei novellesamling for ungdom. Det er i alt fem noveller, og boka er skrevet på nynorsk.
Historiene er relativt korte, og boka er på under 90 sider. Med andre ord er dette ei lettlest bok, som passar utmerket for dei som vegrer seg med å gi seg i kast med tjukke bøker, eller som slit med å lesa. Dette er ein fin inngangsport til å bli glad i å lesa bøker. I tillegg er det ei bok med viktige og gode temaer, som alle bør få med seg, ungdom som vaksen.
Tekstane er ungdommelige, og forfattar treff godt med språket. Temaene varierar litt, men kjærleik går att som ein raud tråd. Nilsen-Bie har skildra eg-personene på ein var og fin måte. Dei er sjenerte personar som ikkje vert sett. Dei har dårleg sjølvbilete, og føler seg mindre verdt. Det er ein kjensgjerning at mange slit med psykiske problem, vert mobba osv. Forfattar har skrevet historiar som viser at det å være seg sjølv, kjem ein langt med, uavhengig av utsjånad eller om ein ikkje finn noko sterk tilhørighet. Folk blir glad i deg for den du er.
No vinkar han i min retning. Eg snur meg for å sjå om det står nokon bak meg, men der er ingen. Det er uansett ikkje meg han vinkar til, så eg stirer stivt til motsett side og kan knapt puste. Valkane bølgar seg rundt midja og puppane veks jo faen ikkje. Er berre så vidt ein liten kul på kvar side.
Ved å lese denne novellesamlinga, så ser ein at det er ikkje så masse som skal til for å lyse opp ein mørk kvardag til ein som kanskje ikkje har det så bra. Den viser også kvifor nokon prøver å forandre eget sitt, for å passe inn i eit bilete, skapt av andre. Det er sårbarhet, og følelsen av å ikkje vere god nok, som preger nokre av novellene.
Eg synes kanskje at novellene var litt like i tematikk. Skulle gjerne sett at forfattar varierte litt meir, for å treffe breiere blant ungdommen. Men som det står på omslaget: «Forfattar vil vise at andre ikkje alltid har det betre. – Det er ikkje alt vi ser». Og dette poengterer ho meget bra, og viser eit stort innblikk og forståelse for tematikken.
Litt moralsk preken vert det, men det handlar mest om følelsar, og det å våge å kjenne på desse følelsene, og være deg sjølv. Ein historie handlar om sjukdom og død. Den er fryktelig trist, men samtidig er den så fint skrevet. Forfattar poengterer også dette med å snakke om eventuelle problem, og ikkje bære det åleine. Det er eit viktig emne ho tar opp, og eg er glad ho set søkelys på dette.
«- Det er jo ikkje alltid medvind inni oss, sa den gamle og saumfór den hengslete kroppen hans med blikket. – Det kan vere lurt å snakke med nokon. Å få alt ut. Ikkje bere det med seg som ein løyndom.»
Forfattar har gjort ein kjempejobb med karakterene sine. Sjølv om det er korte historier, følte eg at eg vart kjent med dei. Me kjem så nært på dei, der me får ta del i deira usikkerhet og sårbarhet, og ikkje minst får me servert historier frå dei viktigste øyeblikka i livet.
Det eg likte best med heile boka var slutten på novellene. Det er ein open slutt, men samtidig ein avslutning. Her kan lesar ha forskjellige tolkninger om kva som eigentleg skjer. I så måte er denne boka perfekt å ha som f.eks leseprosjekt i ein ungdomsskuleklasse. Til alle lærere der ute; sjekk ut denne boka.
I «Sumarvariasjonar» kjem me tett på sårbare mennesker. Den er skrevet med eit flott og ungdommelig språk, og treff veldig godt med målgruppa. Den er lettlest, og tar opp viktige temaer som berører ungdom. Anbefales.
TERNINGKAST: 5-