Kanskje fuglane vett? – Dikt til trøyst og glede av Arne Torget

Ei diktsamling der alvor og lun humor går hånd i hånd.

  • Norsk tittel: Kanskje fuglane vett?
  • Forfatter: Arne Torget
  • Sjanger: Dikt, Poesi
  • Antall sider: 96
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Kapabel Forlag

Arne Torget (Født 1966) er kunderådgjevar, stuntpoet og forfattar, og har blant anna vert med i Norske Talenter. I 2011 gav han ut diktsamlinga «Soldråpar», og i 2022 gav han ut «Kanskje fuglane vett?».

Kanskje fuglane vett?
Eg vonar du kan kose deg med versa mine. Sjølv om norsklæraren gjerne hadde brukt raudblyanten, fortener versa å komme fram i ljoset med dei lyter og språklege fridommar dei er fødd med. Etter eit langt liv på scena er eg nok blitt ein språkleg rabulist som har latt alle hemningar fare i jakta på dei vanvitige formuleringane som ikkje finst andre stader enn i mitt univers. Eg innrømmer glatt at eg juksar og krøllar til språket for å gje deg ei oppleving. Vanlegvis framfører eg versa sjølv, og då merker du ingenting, men nokre av dei galnaste versa fortener å komme på trykk, for i mitt hovud er det uperfekte heilt perfekt. Boka er ei samling vers med humor, ettertanke og alvor. Eg vonar du ser livsglede og alvor i humoren, og glimt i auga i alvoret. Her er meininga at du skal finne litt av kvart frå mitt univers. Til både trøyst og glede.

Denne boka er frå eiga bokhylle.

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei diktsamling på nynorsk med humor og eit stort glimt i auga. Men det er også eit alvor og seriøsitet i mange av dikta.

Det er i alt 56 dikt med, og enkelte heilsides svart/kvit bilete. Det er også ein lita tilleggstekst øverst foran kvart dikt som skildrer innhaldet. Ofte i ein humoristisk tone.

Arne Torget vart rikskjendis når han fremførte sine eigne dikt i Norske Talenter i 2019. Han vart også viden kjent for sitt strålende dikt «Han kjem, den dagen», som vart til under koronatida. Dette diktet er sjølvsagt med i denne boka.

Det er dikt på rim, og enkelte stadar har forfatter nytta seg av enkelte «jukseord» for å få til rim. Men det fungerer som berre det, og poenget og bodskapet kjem flott fram.

Temaene foregår over eit vidt spekter. Her finn ein alt frå alvor og vemod til reinspikka galskap og humor. Det er sjølvironi og gullkorna kjem som perler på ei snor. Som stuntpoet bruker han ofte dei små øyeblikksbileta som oppstår. Ofte useriøst og med ein lun humor. Men han treff også særs godt når han tar på seg den seriøse tonen i det han skriv om.

Det er dagen til mamma, mødre, og mor
verdas viktigaste og vakraste ord.
Uansett kven vi er så har vi ei ramma
vi hadde ikkje vore noko utan mamma.

Utdrag frå diktet «Til mor».

Ein finn både kloke ord og gode betraktninger, og enkelte visdomsord kjem han også med. Det er ingen struktur i rekkefølgen, så ein veit aldri kva neste dikt inneheld, eller i kva tone det er skrevet i. Ei diktsamling bør i utgongspunktet ha ein viss form for struktur og raud tråd, men slik oppsettet er i denne boka, og den vekslinga mellom alvor og humor gjer til at det er ein fordel at det kjem litt om ein annen.

Torget er innom blant anna betydninga av 1.mai, konfirmantene, hyllest til Utøya-ofrene, hyllest til mødrene på morsdagen, og det å vere den beste versjonen av seg sjølv. Han tar også for seg den store folkesykdommen Mannfluensa, radio på do, bykjøring og veps i vindauga. Som ein ser så varierer det stort og han treff ytterpunktene på kvar side av alvorlighetsgraden, og her vil alle finne minst eit eller fleire dikt som setter seg. Enten det er av det humoristiske slaget, eller av det vemodige og alvorlige slaget.

Eg låg på sofaen som ei halvdaud råtte
temperaturen var feberheite trettisju komma åtte.
Da va nokon så banka med ein hammar inne i knollen
der var så vidt eg orka å trykka på fjernkontrollen.

Utdrag frå diktet «Mannfluensa».

Torget er ein kunstner med ord. Det er særs få, om nokon, som kan bruke ordets makt og skrive og dikte som Arne Torget. Som stuntpoet så vert diktene skrevet i øyeblikka, og det er berre å la seg imponere over sluttresultatet.

Kvardagsproblemene er satt litt på spissen, men du verden som han treff spikeren på hovudet. Det er strålende betraktninger og synsing rundt diverse ting, og ein må berre le av galskapen. Og det verste er jo at det ligg ein viss sanning i det han skriv. Han setter ord på det andre kanskje ikkje tenker over i det daglege. Det er folkelig og gjenkjennbart, og er ei bok ein kan ta frem i lystig lag.

Eg kjøpte ei saks, den var pakka i plast
plasten var hard, saksa sat fast.
Eg kjøpte saksa, for eg trong ho straks
men eg får ho ikkje ut, for eg har ikkje saks.

Eg vart etterkvart ein rasande gut
og sat med ei saks eg ikkje fekk ut.
Eg klypte opp plasten med ei saks som eg fann
så no har eg to, og er ein lukkeleg mann.

Utdrag frå diktet «Bom fast og pakka i plast».

Forfatter er flink til å variere i sine rimeord. Det er få gjentakinger, noko som ikkje er ei lett oppgåve. Han har eit imponerende ordforråd, og innehar ein strålende formidlingsevne. Han leikar med ord som få andre er forunt. Han er rett og slett ordlekens svar på Lionel Messi.

«Kanskje fuglane vett?» er ei diktsamling som ein ynskjer aldri skal ta slutt. Med sin vidstrakte tematikk og veksling mellom humor og alvor, er dette ei bok som passar for ALLE. Her treng ein overhodet ikkje vera ein sofistikert dikt-kjenner for å humre og le, eller kanskje felle ei tåre. Anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s