Denne boka omhandlar krigsseilere frå Troms, der me får sterke skildringar i deira kamp på liv og død. Ei bok med mange sterke enkelthistoriar og faktaopplysningar om da å vera ein krigsseiler under Den 2. verdskrig.
- Norsk tittel: Krigsseilere fra nord – Troms
- Forfattar: Roger Albrigtsen
- Sjanger: Krigsdokumentar
- Antall sider: 215
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Forlaget Kristiansen
Roger Albrigtsen (Født 1971) kjem frå Evenes i Nordland. Han bur no i Porsanger, Finnmark. Han har skrevet ein rekkje bøker om norsk krigshistorie, særskilt frå Nord-Norge. I 2020 gav han ut ‘Krigsseilere fra nord – Finnmark», den fyrste boken er om finnmarkinger, de to kommende er om henholdsvis tromsværinger og nordlendinger. I 2021 gav han ut «Krigsseilere fra nord – Troms».

«Krigsseilere fra nord» er ein serie på tre bøker som omhandlar krigsseilaser i perioden 1939-1945. Denne andre boken omhandler tromsværinger. Med utgongspunkt i personlege historiar, dokument og bilete, samt sjøforklaringar og tyske ubåtlogger får me ei sterk skildring på den brutale verkelegheita krigsseilarane levde under.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Krigsseilere fra nord – Troms».
Eg kunne nesten ha kopiert bokanmeldelsen frå «Krigsseilere fra nord – Finnmark», for denne boka er like god, og har samme oppskrift som den fyrste boka.
Da er 35 historier med sterke skildringar om enkeltpersoner som viet livet sitt på sjøen under den andre verdskrigen. Det ligg masse informasjon i kvart kapittel, og det er eit stort og møysommelig arbeid forfattar har lagt ned i boka. Her finn ein opplysningar rundt personer, navn på båter og ubåter, frå begge sider. Eg synes det er veldig bra at Albrigtsen har tatt med (der da lar seg gjere i forhold til informasjon) korleis det gjekk med f.eks tyske ubåter som senka allierte skip. Me får dermed opplysningar og informasjon om begge partar.
Kildemateriale er veldig godt opplyst ved kvart kapittel, og da er bilete med undertekst, som er oversikteleg og ryddig satt opp. Nokre kapittel er kortare enn andre. Dette er logisk med tanke på kva informasjon som er tilgjengeleg, men eg synes Albrigtsen får masse ut av begrensa materiale. Han skriv nært om den brutale sanninga, men samtidig viser han den ytterste respekt for både krigsseilere og etterlatte.
Ein del oppramsinger er det her og der, men da må det óg vere i denne typen bok. Språkvasken er upåklagelig, og språket viser at dette med krigsseilere er noko Albrigtsen verkeleg brenn for.
Enkelte kapitler inneheld f.eks utdrag frå personlege brev, augevitneskildringar, og historier frå krigsseileren sjølv eller hans familie. Desse kapitla er ekstra spanande og interessante. Når ein får litt bakgrunnsinformasjon så er det ikkje lenger berre eit navn, men ein person som er ein son, ein far eller bror. Då vert det ekstra nært, og med tanke på alt dei har vert gjennom, sit ein hoderystende tilbake når kapittelet er slutt.
Heldigvis er ikkje dette ei bok om berre dysterhet og død. Nokre kjem seg gjennom krigen og lever eit tilnærma normalt liv, medan andre slit meir med seinverknadar som mareritt og slitne nerver. Eit kjærestepar får til og med jobbe og seile på samme båt, noko som ikkje var vanleg på den tida.
«I årene etter krigen var synlige tegn for familiene av krigsseilere marerittene, skrikene i natten. Noen ganger ble smerten borte en stakket stund om man drakk. Men så begynte det igjen. Knut Emil Ross Bendixen skrek i søvne. Han ropte til alle som ble borte i flammer, i iskaldt hav og i mørket. Han ropte til sine kamerater. Det var viktig for han å fortelle at de var kamerater de som ble borte, venner som døde.»
Forfattar har skrevet litt meir om sjøforklaringar, og kvar du som lesar kan gå for å finna desse. Nokre av skipsforlisa og historiene rundt er meir kjente enn andre, men felles for dei alle er den dramatikken og dødsangsten som ligg bak.
Siste del av boka er viet til omkomne krigsseilere fra Troms. Kvar person har fått eit avsnitt med diverse informasjon. Berre denne delen åleine bør vere nok til at dei fleste tromsværinger kjøper boka.
Serien om «Krigsseilere fra nord» er ein fantastisk hyllest til alle krigsseilere. Bøkene er eit viktig bidrag til den norske krigshistoria, og at denne innsatsen desse menneska gjorde, ikkje går i gløymeboka for kommende generasjoner. Viss du er interessert i krigshistorie, så er denne boka og serien eit særs godt alternativ.
TERNINGKAST: 5+