Krigsseilere fra nord – Finnmark av Roger Albrigtsen

Denne boka omhandlar krigsseilere frå Finnmark, der me får sterke skildringar i deira kamp på liv og død. Ei bok med mange sterke enkelthistoriar og faktaopplysningar om da å vera ein krigsseiler under Den 2. verdskrig.

  • Norsk tittel: Krigsseilere fra nord – Finnmark
  • Forfattar: Roger Albrigtsen
  • Sjanger: Krigsdokumentar
  • Antall sider: 207
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Forlaget Kristiansen

Roger Albrigtsen (Født 1971) kjem frå Evenes i Nordland. Han bur no i Porsanger, Finnmark. Han har skrevet ein rekkje bøker om norsk krigshistorie, særskilt frå Nord-Norge. Denne boka var hans sjuende bok, og kom ut i 2018. I 2020 gav han ut ‘Krigsseilere fra nord», den fyrste boken er om finnmarkinger, de to kommende er om henholdsvis tromsværinger og nordlendinger.

«Krigsseilere fra nord» er ein serie på tre bøker som omhandlar krigsseilaser i perioden 1939-1945. Denne fyrste boka tar for seg finnmarkingar. Med utgongspunkt i personlege historiar, dokument og bilete, samt sjøforklaringar og tyske ubåtlogger får me ei sterk skildring på den brutale verkelegheita krigsseilarane levde under.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Krigsseilere fra nord – Finnmark».

I denne boka får me eit klart bilete på ein krigsseilars liv under Den 2. verdskrig. Dei levde under eit konstant press og nervene var på høgkant 24 timer i døgnet. Mange av dei sov med redningsvestane på seg, viss dei i det heile tatt klarte å sove. Når som helst kunne dei bli truffet av ein torpedo eller gå på ei mine som låg og venta på dei i det mørke og til tider opprørske havet. For dei som overlevde krigen, vart det ofte seinskader som f.eks posttraumatisk stress og store nerveplager. Det er registrert 349 krigsseilere fra Finnmark, 52 av desse omkom. Dette er foreløpige tall. Nokre av desse dramatiske dødsfalla og andre hendingar kan du lese om i denne boka.

Klokken 10 om kvelden fant Ostermann og U-754 sitt offer. I periskopet kom D/S William Hansen til syne. Torpedoen rammet skipet, men ombord var det ikke alle som hørte at noe traff. Flammene spredde seg raskt og røyken sivet inn i lugaren til et av mannskapet som våknet av at det brant utenfor døren.

Roger Albrigtsen har skrevet ei meget oversikteleg bok. Det er korte kapitlar, masse faktaopplysningar og flotte bilete. Eg må få understreka at Albrigtsen verkeleg har lagt ned eit massivt arbeid med å få på plass alle fakta rundt kvart kapittel. Dei fleste kapitlene omhandler enkelthistoriar. Historiar om finnmarkingers kamp på liv og død. Det er skrevet ned kilder og ein finn mange bilete i kvart kapittel.

Albrigtsen har fått med navn på foreldre, antall born og eventuelle ektefeller til vedkommande. Dette er eit veldig godt verkemiddel. No er det ikkje berre eit navn ein les om, men også ein far, ein bror, ein sønn eller ein ektefelle. Det er bilete av nesten alle personane, så lesaren får også eit ansikt å festa historia til. Det gjer heile boka eit meir personleg preg.

Eg likte også veldig godt det at forfattar har skrevet om korleis det gjekk med ubåtane som angreip. Vart dei senka i løpet av krigen? Overlevde kommandørane på ubåtane? Kva skjedde eventuelt i ettertid? Alt dette er gode faktaopplysningar som Albrigtsen har fått med.

Me kan lesa om mange dramatiske hendingar, om død og fordervelse. Men også om mot, ære og den evige kampen mot overmakta. Albrigtsen har også viet nokre viktige kapitler til umyndiggjorte enker, nøytral skipsfart og om den kampen krigsseilerne måtte kjempe for å få utbetalingar frå Nortraships hemmelege fond.

Det aller meste er kildebaserte opplysningar som ligg på nettet rundt om. Men han har også vert og intervjuet 98 år gamle Trygve Laheim Johansen som var krigsseiler. Dette var eit nært og flott kapittel!

Roger Albrigtsen har med denne boka samla saman historiar og faktabaserte opplysningar, og gjort det til ei imponerande oversikteleg og meget interessant bok. Boka omhandlar hovedsakleg finnmarkingar, men den er ei skattkiste for alle som har interesse for Den 2. verdskrig.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s