No går vi av Eirin Trøen

Denne boka inneheld dei personlege skildringane om to gode vener og ein hund, som satte seg som mål om å gå Noreg på langs. Ei reise i følelser og natur.

  • Norsk tittel: No går vi
  • Forfattar: Eirin Trøen
  • Sjanger: Dokumentar, Sjølvutvikling
  • Antall sider: 516
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Tekst Forlag

Eirin Trøen bur i Rissa Kommune, og er utdanna adjunkt. I 2017 la ho og turkamerat Rune Kjerstad ut på ei reise med Noreg på langs som mål. Boka «No går vi» som kom ut i 2020, er eit resultat av denne turen.

Frå omslaget: Jeg satt i fengsel. Bak lås og slå. Boltede dører holder meg her inne. Eller er det jeg selv? Som holder meg inne? Inne i det som jeg selv og samfunnet forventer. Har fulgt strømmen. Fått mann, barn, hus, bil, utdanning, jobb. Hytte til og med. Er glad hver dag. Likevel er det noe som gnager meg. Enn om det er noe mer?
«Jeg skal reise. Senere.»
«Når jeg blir litt eldre skal jeg ta lengre ferie. Kanskje kjøpe bobil og se hele Norge.»
«Om noen år skal jeg kjøpe båt, bare loffe rundt dit jeg selv ønsker. Uten å se på klokka.»
Så mange planer og så liten tid. Kanskje. For det finnes ingen garanti for morgendagen. Overhodet. For noen av oss. Går det an å hoppe av karusellen? Bryte ut av fengslet? Gå for drømmen og ikke følge strømmen. Hvorfor ikke?
Dette er min personlige beretning. En reise for å forsøke å finne svar.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «No går vi».

Dette er ei bok som kan minne litt om ei dagbok, utan heilt å vere det. Me fylgjer Eirin og Rune frå dei møtes fyrste gong, gjennom forberedelsar til turen, sjølve turen, og tida etterpå. Å gå Noreg på langs krever gode forberedelser og planlegging, noko me får eit godt innblikk i med denne boka. Starten er på Nordkapp-platået i nord, og målet for reisa er Lindesnes i sør.

Eg var litt skeptisk når eg byrja på denne. Ei historie om opplevelsar frå ein personleg tur med to personar og ein hund? Kor interessant kan det vera for meg som ikkje har noko kjennskap til dei? Svaret er at boka er velskrevet, fascinerande og artig. Eg hadde ei god og triveleg lesestund, sjølv om det var ein del gjentakingar, og navn på slektningar og bekjente.

Trøen skriv i forordet at eg som lesar må legge alle formar for forventning til boka til sides, då forfattar skildrar seg sjølv som urutinert og nok eigentleg ikkje hadde bokskriving som formål med sine notater i utgongspunktet for turen. Men Eirin Trøen imponerar med sitt litterære språk, og eg håpar ho har fleire bokprosjekt på gong.

Fyrste del av boka handlar om møtet med Rune på ein lokal pub, der idéen om å gå Noreg på langs var eit tema. Trøen likte den tanken, og tok mot til seg og kontakta Rune i ettertid i håp om å få ta del i denne turen. Dei vart etterkvart godt kjent, og vart einige om å begi seg ut på dette eventyret saman. Det vert nokre test-turer i skog og mark for å finne ut om dei passar saman, og kan leve såpass tett på kvarandre over lang tid. På denne tida lærer dei masse om kvarandre, og alt er berre fryd og gammen.

På sjølve turen møter dei derimot på mange utfordringar både fysisk og mentalt. Da vert ein berg og dalbane i følelsar og inntrykk, noko forfattar er heilt open og ærleg om i boka, der dei emosjonelle øyeblikka vert blottlagt.

Da skal leggast til at Eirin Trøen søkte om permisjon frå jobben sin, men fekk avslag. Dermed sa ho opp sin faste og trygge lærarjobb, for å begi seg ut på denne turen. Da står da stor respekt av, og legg grunnlaget for den store lysta til å vere med på dette eventyret.

Med seg på turen har dei Leidy, som er ein Gordon Setter på 1.5 år. Den får stor plass i boka, og er verkeleg ein god turkamerat, men óg gjenstand for ein del småkranglar.

Boka er bygd opp etter da som kan minna om ei dagbok. Me fylgjer dei to frå dag til dag, med sinnsinntrykk, refleksjoner, kva dei har til middag, tidspunkt på turer og leggetider, og véret er sjølvsagt eit fast innslag. Da er utfyllande og forklarande tekst, noko som gjer at ein får eit verkeleg godt innblikk i turen deira.

Boka handlar nok mest om tankar og følelsar, som dei har på denne lange reisa. Men ho skildrar óg flott natur, møte med mange hyggelege og nokre mindre hyggelege personer, sinnsstemninga som varierar frå dag til dag, og den frihetsfølelsen da er å sleppa unna kvardagsjaget. Mange stadar er besøkt, og mange flotte skildringar av kvardagen til to personer og ein hund på tur.

Sjølv om da vert ein del oppramsing av do-besøk, middager og tidspunkter, er det mange artige småhistorier og hendingar. Når Trøen i tillegg har ein god dose sjølvironi, gjer det til at boka vert eit godt sluttprodukt.

«En toppløs dame og en venninne sitter og nyter sommersola på denne avsidesliggende gården. Rune skjønner ikke hvorfor jeg har det så travelt med å hilse og komme meg videre. Han har ikke sett at den ene damen er toppløs, og før vi går videre, presterer han å si: «De va no fin utsikt her!» Jeg holder på å ramle om før vi kommer oss videre.»

Da er 50 kapitler i boka, alle med overskrift, og avsluttar med eit dikt på rim, som på mange måtar oppsummerar kapitelet på ein fin måte. Da er gode og lufte avsnitt, noko som gjer at boka er lesevenleg og oversikteleg. Antall dager på tur er utheva i teksten, slik at ein har full kontroll på kva dag dei er på. Ho har óg lagt inn mange setninger som startar med «Fifty shades of», og legg til eit ord etter det. Artig liten setning innimellom alt da andre.

«Når dagen og livet ender,
står vi alle med tomme hender.
Morgendagen gir oss ingen garanti,
dagen i dag er snart forbi.
Det er bare akkurat nå vi virkelig er fri.»

Da er óg ein del bileter i boka, som er samla over nokre sider tre plassar i boka. Bilete av dei tre på tur, men óg av stadar og natur. Dette verkeleggjer teksten, og er eit viktig verkemiddel i denne type bok.

Da som kanskje er mest spanande med «No går vi», er relasjonen dei imellom. Under forbereidinga til turen dei som dei er eit par. Dei vert imidlertid einige om at dei skal reise på tur som gode vener. Under turen skiftar dei mellom å sove i kvar sitt telt, vurderer å gå kvar for seg, til å vere eit tett og samansveisa par som storkosar seg i selskapet med kvarandre. Denne dynamikken er ærleg skildra på godt og vondt, og gjer til at ein til tidar får vondt av begge to. Korleis da ender til slutt, skal ikkje eg røpa her… Men at da var mange opp og nedturer er da ingen tvil om, men da er nok også heilt normalt når ein har 3 kvadratmeter som sin eiga heim i fleire månadar.

Vil dei klara å nå Lindesnes saman? Eller vert det kvar for seg? Vil ein av dei gje opp og reise heim att, utan å nå målet? Spørsmåla er mange, og da er ei fascinerande reise me vert tatt med på. Svara finn du i boka. Om du er eit turmenneske, så vil du nok kjenna deg att i mange ting, og kanskje til og med ha god nytte av boka.

Sjølv om det er ei bok som omhandlar to personar og ein hund på tur, er det óg ei reise som er spanande og interessant å vera med på, og innehar gode og reflekterte betraktninger om kvardagslivet. Boka overraska med sitt innhold, og er ei bok som vil gi folk ei flott lesestund.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s