Amalie Botega har blitt krimsjef, og hennes fyrste sak virker enkel. Men den skal vise seg å by på mange problemstillingar. Dette er bok nr 2 om psykoterapeuten Theodor Solomonsen.
- Norsk tittel: Dødelig hevn
- Forfattar: Egil Foss Iversen
- Sjanger: Krim
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Neglebitt Forlag
Egil Foss Iversen (Født 1949) er utdanna som bedrifts – og markedsøkonom. Han debuterte som forfattar tilbake i 1997 med sakprosaboka «Det sitter i hodet». I 2011 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med kriminalromanen «Ørnens skygge». Sidan har det blitt mange nye kriminalromaner, særskilt med Theodor Solomonsen i hovedrollen.

Andre bok i den populære «Pistolløp-serien». Etterforsker Amalie Botega vender attende frå eit års studieopphald i USA og vert utnevnt som avdelingssjef for voldsavsnittet. Hennes fyrste sak virker i utgangspunktet å vere enkel. En bil er funnet tom, men baksetet er fullt av blod. Men føreren av bilen er forsvunnet. Sporene tyder på at det har vært to personer i bilen. Kort tid etter skjer det eit nytt funn av en stor blodpøl, men ingen offer. Nå står Amalie igjen med masse blod og tre personer som er forsvunnet. I utgangspunktet virker dette som å vere sjalusidrap, og konen til eieren av bilen blir umiddelbart mistenkt, da alle har tilknytning til Universitetet i Bergen. Men da flere mord skjer, blir saken så innfløkt at Amalie involverer sin tidlegare ven, bedriftsrådgjevar og psykoterapeuten Theodor Solomonsen, i saken. Dei har samarbeida før Amalie reiste til USA med stort hell, og samtidig forsøker dei å finna ut av sitt personlige forhold.
Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå Neglebitt Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Dødelig hevn».
Dette er den andre boka i dødelig-serien med Theodor Solomonsen i hovedrollen, og inngår i Pistolløp-serien til Neglebitt Forlag DA. Boka vart utgitt fyrste gong i 2018 som lydbok på Lind Forlag. «Dødelig hevn» kan kjøpes her som ebok eller som lydbok.
Dette er bok nr. 2 om bedriftsrådgjevar og psykoterapeut Theodor Solomonsen. Her vil eg anbefale på det sterkeste å lese bøkene kronologisk, då handlinga fortset frå den forrige boka «Dødelig tro».
Den fyrste boka i denne serien syntes eg starta treigt, men tok seg veldig opp mot slutten. Denne boka fortset i det gode sporet, der den forrige slutta. Ein vert dratt rett inn i handlinga, der ting byrjar å skje umiddelbart.
Me fylgjer stort sett dei same politifolka frå forrige bok, den store forskjellen er at Amalie Botega no har vorte kriminalsjef. Dette fører med seg intriger og feider innad i politisystemet. Nokon er misfornøyd med framgongsmåtar og resultat, medan andre føler seg forbigått i ansettelsesprosessen. Dette spinn forfattar vidare på, og skapar eit lite triveleg arbeidsmiljø. Theodor Solomonsen vert nok ein gong dratt inn i ei etterforsking, sjølv om denne gongen er litt meir frivilleg, vert det bruk for dei små grå. Forfattar brukar også forholdet dei imellom til fulle, der den vert ein historie i historien.
«Amalie sto ved innkjørselen og snakket med en mann, da Theodor ankom. Mannen var kledd i grå og svart sykkeldress. I hånden hadde han en sykkelhjelm. Theodor sakket farten da han nærmet seg de to og grøsset. Trange kondomdresser på mannfolk var det verste han så. De kunne like så godt hengt ballene på utsiden, og en stor pil på brystet med se her jenter. Det minnet ham om penisfuturalene fra 1600-tallet. Han forsto det var den omtalte, nye og spennende naboen Amalie hadde snakket om. Theodor kjente en anelse irritasjon bygge seg opp.»
Det vert ei bok med familieforhold, hemmelegheiter, svik, utroskap og forskjellige skjebner. Da er mange som kan ha motiv, og da er mange potensielle gjerningspersonar, noko som gjer til at avslutninga er heilt open.
Ein del oppbrukte klisjéer er med, som f.eks «greide ikke å fange tanken» -setningar. Da er óg ein og annen motsigelser, som burde vert luka vekk.
Da er mest taktisk etterforskning med avhøyr og samtaler med personar, og mindre av politiaksjonar og action rundt dette. Plottet er bra, og eg følte aldri at eg hadde fasiten undervegs, så slutten vart dermed spanande, men samtidig satt eg att med ein del spørsmål. Men dei vert kanskje besvart i neste bok?
Eg saknar meir følelsar rundt pårørande og vener når ein person vert meldt sakna, eller funnen død/drept. Her følte eg litt for mange var likegyldige til denne nyheita.
Da er nokre makabre skildringar i romanen. Enkelte av dei set seg på netthinna, og eg kunne formelig kjenna da på kroppen, Foss Iversen er flink til å setja ein dyster stemning i krimromanen sin, samtidig som det føles naturleg. Ein ser at det er eit mørkare univers forfattar tar oss gjennom, i forhold til den fyrste boka. Spenningsmessig så er det litt opp og ned. Nokre partier er meir leseverdige enn andre, men forfattar er utan tvil på rett veg med denne boka.
Egil Foss Iversen har eit godt språk, og med korte kapitler og spanande og interessante karakterar, vart dette ei hyggjeleg lesestund. Eg ser fram til neste bok i serien.
TERNINGKAST: 4+