Spor – En påskeantologi av diverse forfattere

Ein antologi med påskekrim som tema.

  • Norsk tittel: Spor – En påskeantologi
  • Forfatter: 17 forskjellige bidragsytere
  • Sjanger: Krim, Dikt, Poesi
  • Antall sider: 203
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: CreAlea Forlag

Temaet i boka er påskekrim, og tekstene er i ulike sjangere. 
En spennende og kriminelt god samling som passer perfekt etter skituren med en Kvikk Lunsj…

Denne boka er eit leseeksemplar frå CreAlea Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Spor – En påskeantologi».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Denne antologien inneheld 18 bidrag frå 17 forskjellige bidragsytere. Tema i boka er påskekrim i ulike varianter.

Hovedsaklig er tekstene på bokmål, men det er også innslag av nynorsk og dialekt.

Foran kvart bidrag får me ein enkel innføring i kven forfatter er, og kva vedkommende har utgitt tidlegare. Nokre er erfarne, medan andre debuterer innan krimsjangeren.

Krim kan komme i mange forskjellige innpakninger, og det vises til gangs i denne antologien. Her finn ein kriminspirerte tekster frå forskjellige sjangrer, og det treng nødvendigvis ikkje være eit drap for å ha krimelement med i teksten.

Jeg har ingen plan
bare mord i tankene
og en pistol

«Rød mandag»

Det varieres mellom lange og korte historier i form av noveller og forteljinger. Det er også dikt og poesi involvert i boka. Det som alltid er interessant med ein antologi, er at ein aldri veit kva som kjem. Her er det veldig mange forskjellige skrivestiler fordelt på forskjellige sjangrer. Det er også fascinerende å sjå korleis den enkelte har løyst «oppgåva» med å skrive krim, og då fyrst og fremst påskekrim.

Det er variabel kvalitet på bidragene. Nokre er på det jevne, medan andre er solid skrevet. Å lese krim når det er fordelt utover sjangrer, er både utfordrende og spennende. Kan f.eks eit dikt på to-tre linjer inneha eit like interessant innhald som ei novelle på fleire sider? Kan humor overgå ein seriøs historie? Svaret på dette er i mine auge eit soleklart og rungende ja.

Eine krimnovellen som er skrevet av Lisette Askø er delt opp i fleire deler og spreidd utover i boka. Dette fungerte faktisk meget bra, sjølv om ein må halde konsentrasjonen oppe for å ikkje blande innhaldet saman med alt det andre ein les.

Krimsjangeren står sterkt i Noreg, og det finnes veldig mange dyktige forfattere der ute. Å sammenligne ein antologi med desse, går sjølvsagt ikkje an, men språk og det litterære innhaldet skaper uansett eit grunnlag for om historia er god eller ikkje.

Kaldt stål lager et rett snitt. Smerten dunker, og får hånda til å skjelve. Jeg slipper. Den blir liggende på gulvet med en blodrand på knivbladet.

Frå «Mandelstang».

Eg fann fleire historier her som var både fornøyelige og godt skrevet. Som f.eks at snorking visstnok er god nok grunn til å drepe, eller å forsøke å ta livet av din betre halvdel ved å klistre ein edderkopp og to opp på ein vegg. Som ein ser, så kan alt skje i ein antologi. Og i enkelte noveller så kjem det ein uventa tvist på slutten. Mens i andre så gjer det ikkje det. Berre dét er eit spenningsmoment i seg sjølv.

Det er eit klart fleirtall av kvinnelige forfattere i boka, og her finn ein att kjente bidragsytere frå tidlegare antologier og utgitte bøker, som f.eks Lisette Askø, Tonje A. Lissandrin og Tonje Brantenberg.

Viss ein leser meir nøye, så oppdager ein at ordet «spor», som også er tittelen på antologien, går att i fleire av bidraga. Her skulle eg gjerne sett at dette faktisk var eit krav å ha med i teksten, for å ha ein raud tråd i det heile.

Tidsperspektivet rundt bidragene er stort sett retta rundt påsketider. Men sidan påske er eit bevegelig tidsrom frå år til år, så har forfatterne eit relativt stort spillerom. Likevel er det bra at ein påskeantologi har eit fleirtall med påske som tidsintervall.

«Spor – En påskeantologi» er ei reise inn i krimmens verden sett frå forskjellige vinkler og sjangrer. Med varierte skrivestiler og innhald, er dette ei bok som passar utmerket å ha med seg på hytta, eller rett og slett berre kose seg med i ledige stunder.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar