Pappa har fest av Ingebjørg Liland

Ei novellesamling på 10 noveller der me fylgjer samme familie over eit langt tidsperspektiv.

  • Norsk tittel: Pappa har fest
  • Forfattar: Ingebjørg Liland
  • Sjanger: Noveller, Roman
  • Antall sider: 180
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Utenfor Allfarvei Forlag

Ingebjørg Liland gav ut novellesamlinga «Pappa har fest» i 2022.

Pappa har fest er noe så sjeldent som en novellesamling med pageturnereffekt og høy humrefaktor. Med et lett satirisk tilsnitt tematiserer samlinga familierelasjoner og samliv. Den kan også leses som en roman da samtlige noveller i samlinga følger den samme familien. Med et sikkert og direkte språk, leverer Ingebjørg Liland en liten perle full av smertepunker, som også skildrer irritasjoner og misnøyen som så ofte kan oppstå i moderne familiekonstellasjoner. Dette gjøres med stort overskudd.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Utenfor Allfarvei. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Pappa har fest».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei novellesamling som består av 10 noveller, der me fylgjer den samme familien gjennom alle novellene.

Eg leste denne boka uten nokon forkunnskap om boka, og fant den forvirrende og litt merkverdig. Men etterkvart som eg oppdaga at novellene faktisk handla om samme person og familie, men over eit stort tidsperspektiv, synes eg den var fornøyelig.

Hovedpersonen i boka er Ellen. Eller Elli som ho vart kalla, og kanskje ho får eit nytt navn uti boka også.. Tidleg finn ein ut at ho nyter alkohol ved nesten kvar ein anledning. Er det for å døyve den indre smerten over livssituasjonen sin, eller er det andre årsaker at ho tyr til alkohol? Sakte, men sikkert kan ein lese mellom linjene kvifor ho er som ho er, og gjer som ho gjer. Ho har masse å stri med, og har to vidt forskjellige foreldre som ho til ein kvar tid må forholde seg til, og alt det som fylgjer med frå deira liv.

Ellen har aldri vært sjef, ikke i noe forhold. Ikke at hun har hatt så mange. Men Alice, hun er alltid sjef, og lille, tynne Julie og Karin og alle andre kvinner Ellen kjenner. Sjef. Sjef. Sjef. Ta ut søpla. Vi må ha nytt kjøkken. Ungen har bæsja. Skal du ha enda en øl? ikke bruk gaffel i steikepanna. Svigermor kan ikke overnatte. Klipp håret. Nå skal vi hjem. Nå skal vi gifte oss. Nå skal vi skilles.

Novellene varierer litt i format. Nokre er skrevet i jeg-format, medan andre er skrevet i tredjepersons perspektiv. Eg fant aldri heilt ut årsaken til dette medan eg las, men eg rekner med det var ein god grunn til det. Uansett skal forfatter ha ros for å omstille skrivemåten. Det er ikkje så enkelt som ein skulle tru.

Novellene er litt varierte i lengde, og strekk seg frå Elli er lita, til ho er ei godt vaksen dame. Foreldra er skilt, og ho trekkes litt mellom foreldra, og dei nye familiene dei skaper, og der det er mine, dine og våre barn. I tillegg så er det store geografiske skilnader sidan faren bur i nord, og moren på austlandet, med hytte på sørlandskysten. Det vert kollisjonskurs i miljø, oppførsel og språkbruk.

Pappa feirer at skilsmissen fra mamma endelig er i orden. Han gikk og ventet på papirene i flere måneder. Britt ventet også. Men Britt er altfor vanlig for pappa. Det er det som er problemet. Hun er ikke gæren nok. Hun er bare litt nevrotisk, og må bruke sovetabletter. Akkurat som mamma. – Æ foretrekker en psykose ka tid som helst, sier pappa. – Det vitner om intelligens.

Kvar novelle inneheld ein historie frå livet til Elli. Ikkje alle er like oppklarende, men likevel er det slik at det er med på å forme ho som person, og viser ein litt skakkjørt familierelasjon. Nokre av novellene har ein veldig open slutt, medan andre har gode bodskap.

Mange mannfolk kjem og går i livet til Elli opp gjennom årene. Ein kan bli litt forvirra når ein stifter bekjentskap med personer i den eine novella, og heilt nye i den neste. Men slik er det når årene har gått, og eit levd liv stadig utvikler seg.

Det er alvor og humor om ein annen. Forfattar skriv med ein openbar sårhet i ein karakter som ikkje heilt finn si rolle i familien. Det er mange holdepunkter ho må holde fast ved, samtidig som ho forsøker å leve sitt eiga liv. Det er ikkje enkelt, og ein føler med Elli til tider.

Jeg tar igjen følget idet de svinger inn mot den nyeste delen av kirkegården. Bestefaren til Tommy har ikke reservert plass ved siden av kona si. Det har vært ille nok å dele seng med trollkjerringa, i himmelen skal han være ungkar og spellemann.

Novellene er lettleste, og innehar eit godt språk. Eg trur det er fyrste gong eg leser ei novellesamling der alle novellene heng saman, men likevel er frittstående. Det fungerer utmerket når ein fyrst er klar over det. Innhaldet i novellene er variable. Enkelte er det nesten fristende å lese om igjen for å skjønne kvifor dei i det heile tatt er med, om ein har gått glipp av noko viktig, medan andre verkeleg er fengende og ein berre må lese neste novelle for å sjå korleis det har gått med familien.

Eg liker idéen til Liland, og den er godt gjennomført, til tross for enkelte mangler. Forfriskende nytenking er alltid interessant, og det får me servert i denne samlinga.

«Pappa har fest» er ein underholdende novellesamling med masse alvor og humor, men også ein god dose sårbarhet. Liland viser at det ikkje finnes fasitsvar på eit familieliv, og til tross for ein solid dose håndbagasje, så kan ein faktisk få det bra likevel.. Dette vart til ein hyggelig lesestund.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s