Soluna – Tvillingene av Camilla Dahlstrøm

Velkommen til eit heilt nytt og spennende univers i teikneserieformat.

  • Norsk tittel: Soluna – Tvillingene
  • Forfatter: Camilla Dahlstrøm
  • Sjanger: Teikneserie, Ungdom
  • Antall sider: 142
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Egmont Kids Media Nordic AS

Camilla Dahlstrøm ( Født 1993) jobber som interaksjonsdesigner og illustratør. «Soluna – Tvillingene» er hennes fyrste teikneserieroman, som vart utgitt i 2024.

Aiden og Tanwen blir brått gjenforent etter å ha vokst opp på hver sin side av en todelt verden. Tanwen lengter etter frihet, og Aiden leter etter sannheten. For hvem var egentlig de maskerte skikkelsene som drepte moren deres? Sammen drar tvillingene på en reise der de må lære å stole på hverandre, bruke magi sammen, og bekjempe de onde kreftene som splittet dem opp da de var små.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlaget Egmont Kids Media. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Soluna – Tvillingene».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er fyrste bok i ein teikneserieroman som er lagt til eit magisk sci-fi prega univers.

Me møter dei to tvillingene, Aiden og Tanwen. Dei vert gjenforent etter å ha vokst opp på forskjellige stader. Aiden var den siste som såg moren i live i det ho vart jaga av skikkelser med masker. Dette har heimsøkt han sidan, og no søker han etter sanninga. Saman med si tvillingsøster drar dei ut for å bekjempe dei onde maskerte kreftene.

Her er det magi og personlege tilegna egenskaper frå fyrste stund. F.eks så er ei padde ein teleporter, Aiden er ein ildstrømmer og ein som manipulerer magi, og Tanwen er ei kilde, og som kan framkalle fluxmagi og har ildkilde som sin store egenskap. Med andre ord så er det ein del ord og uttrykk å setja seg inn i, men ein kjem forbausende raskt inn i handlinga, takket være gode illustrasjoner.

Dahlstrøm har nytta seg av klassiske og virkningsfulle verkemiddel i sine illustrasjoner. Det onde er mørkt og tung, medan det gode er lett og fargerikt.

Universet er delt inn i fleire stader, der handling foregår inni planeten. På Terrex er det ingen liv på overflata, men sidan den er hul, så kan ein leve på innsida av den. Eg liker tankegangen rundt dette, og forfatter klarer å skape eit unikt univers som ho skal glede leserne med framover.

Sol og Luna kunne ikke leve med det de hadde gjort, så de skapte oss mennesker for å ta vare på verden. Og med sine siste krefter gjorde de seg om til Soluna: Verdens kjerne. Vår utømmelige kilde til lys, varme og kunnskap.

Teleportering og portaler er ein fin måte å veksle mellom stader. I det eine øyeblikket er det sol og varmt i ei bykjerne, medan i neste øyeblikk er det snø og kaldt langt oppi fjellet. Dette skaper ein magisk og barnlig stemning og forventning.

Illustrasjonene har lite bakgrunnsdetaljer. Ofte er det ein einsfarga bakgrunn, som fremhever ansiktsuttrykk og reaksjonsmønster til karakterene. Eg er glad for at forfatter har nytta ein gut og ei jente som tvillingkarakterer. Dette gjer det enklere å skilja dei i dei hektiske partiene i illustrasjonene.

Det vert mykje magi og magiske krefter og egenskaper. Dahlstrøm har skapt eit fint karakterregister, der det vert det onde mot det gode. Tvillingene er svake åleine, men sterke saman. Så vil tida vise om dei klarer å halda saman, for dei er egentlig to vidt forskjellige individer som har vokst opp på to forskjellige stader.

Me får eit greit fyrsteinntrykk av universet og karakterene, men det er mange ubesvarte spørsmål når denne fyrste boka ender. Samtidig er det ein god cliffhanger, og dermed higer ein etter fortsettelsen.

Eg sakna enda fleire spørsmål frå tvillingene seg i mellom når dei møtes etter så lang tid frå kvarandre, for det virka oppkonstruert. Samtidig skjønner eg at forfatter ikkje vil avsløre for masse i fyrste bok.

Det er forklarende illustrasjoner og oversiktlige snakkebobler. Dette gjer lesinga til ein leik, og ein kan dermed konsentrere seg heilt og fullt om historia.

Bak i boka er det eit karakterregister som ikkje er heilt ferdig. Og det er fordi me ikkje har møtt alle karakterene skikkelig enda. Dette likte eg, for her kan forfatter føre inn ny informasjon etterkvart som historia og bøkene utvikler seg. Eg skulle gjerne sett at karakteregisteret var foran i boka, og ikkje bak. Mange liker å setje seg litt inn i karakterens egenskaper på førehand, då det vert lettere å fylgje historia utover.

«Soluna – Tvillingene» er fyrste bok i ein magisk og interessant teikneserieroman. Med eit godt univers og ein spennende, og til tider intens, historie, er dette ei solid fyrste bok i ein heilt ny serie.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar