Skammens mødre av Anita Østerbø

Ein roman basert på ein sann historie om alenemødrenes tøffe kamp på 50 og 60-talet.

  • Norsk tittel: Skammens mødre
  • Forfattar: Anita Østerbø
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 320
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Vestland

Anita Østerbø er oppvokst i Bergen. Nå bur ho på Tysnes, og jobber som lærar. Romanen «Skammens mødre» som vart utgitt i 2020, er hennes forfattardebut.

Året er 1950, og Anna er på vei til sin første huspost i Bergen. Nå skal livet begynne, langt vekk fra strevsomme dager på et småbruk i Sogn. Hun skal endelig stå på egne ben når hun ankommer direktørfamilien på Nygårdshøyden.
Vi skal følge Anna, og etter hvert hennes fire venninner. De får alle barn utenfor ekteskap, og må kjempe hardt for tilværelsen i en tid da enslige mødre ble sett ned på og levde under svært tøffe forhold. De møter store utfordringer både med familie, arbeidsgivere, husverter og byråkrater, og flere føler seg tvunget til å ta vanskelige valg som får store konsekvenser.
De får kjenne på skammen og fordømmelsen, men de fem venninnene tar opp kampen både mot det velstående borgerskap og fornedrelsen fra sine omgivelser. Gjennom sterke vennskapsbånd og kvinnelig kløkt, viser de at det er mulig å ta igjen, også for de som står lavt på den sosiale rangstigen.
Skammens mødre er en spennende og rystende historie om sosial urett og kampvilje, kjærlighet og stolthet samt etiske dilemma rundt adopsjon, barnehjem og sterke familiebånd. En trenger ikke dikte det opp, vår historie har dramatikk så det holder. Her får du Bergen bak fasaden.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Skammens mødre».

Dette er ein roman om alenemødrenes tøffe kamp på 50- og 60-talet, og er basert på ein sann historie.

Me møter Anna, som reiser frå den trygge lille bygda Søreide i Sogn, for å ta huspost i Bergen. Ein ser fort at Anna er ein varm og omsorgsfull person, som virkelig bryr seg om familien sin, og som jobber samvittighetsfullt og er til å stole på. Ho skal etterkvart finne ut at det er eit enormt klasseskille mellom tjenestepike og huseigere, og ho skulle berre visst kva framtida ville bringe….

Etterkvart dukker det opp fleire personer me fylgjer utover i boka, og felles for dei alle, er at dei etterkvart vert alenemødre. Dei vert på mange måter utstøtt, og må lene seg på kvarandre, og det utvikler seg til eit varmt venskap mellom desse damene. Det er likevel Anna som er hovedkarakteren i boka, og som me vert best kjent med. Nokre av dei andre vert litt perifere, og ein får ikkje heilt tak i bakgrunnshistorien og oppvekstmiljøet til desse, noko eg sakna.

Når de så en sliten mor nær bristepunktet, etter mangel på søvn og avlastning, kunne de gi henne en klapp på skulderen og et smil på veien, og dagen ble med ett så mye lettere å ta fatt på. Vissheten om at de var der for hverandre var gull verd for de hardt prøvede mødrene.

Forfattar skildrer mange skjebner og grufulle episoder. Nokre vert gravide i eit forhold, andre mot sin vilje. Uansett grunn vert dei stående åleine attende, og dei må ta opp kampen mot samfunnet og skammen over å ha barn utenfor ekteskap. Det var jo slik den gong at å få eit barn utenfor ekteskap også vart ein stor skam og belastning for resten av familien. Så ofte våget ikkje mødrene å fortelje familien at dei hadde født eit barn. Mange av borna vart plassert bort, og «glemt» av mødrene, fordi skammen vart for stor, eller at ein ikkje kunne ha ansvaret for eige barn i huspost eller i anna jobbsammenheng. Dermed er det nok mange der ute som ikkje aner kven dei verkelege foreldra er, og familien rundt moren aner nok heller ikkje at det er eit barn som «høyrer dei til» ein plass i Noregs land. Det er med andre ord trist lesning, og skremmende at dette eigentleg har vert ein del av samfunnet for så få år sidan.

Forfattar er særs dyktig til å skildre det kvinnene måtte utsettes for, både fysisk og psykisk. Kontrastene er store for korleis dei vart behandla av arbeidstakar, og korleis mødrene håndterte situasjonen, men likheten frå samfunnet er likevel slående. At romanen er basert på ein sann historie, gjer at ein får eit unikt innblikk i denne triste delen av norsk historie.

I byen fikk hun ikke sitte rundt bordet julekvelden. Da julen ringte inn klokken fem, var hun akkurat ferdig med arbeidsoppgavene, og hun gikk inn på kammerset. Det var kaldt. Hun måtte spare på strømmen, hadde de sagt, så hun våget ikke skru på ovnen på mer enn det laveste trinnet. Den eneste julepynten var en liten engel som hun og søsteren hadde laget for mange år siden, og nå hang den i vinduet og prøvde å gi henne en liten anelse av julestemning.

Boka har eit meget godt språk. Den inneheld 83 kapitler, som gjer den særs lesevennlig, og historia er like rystende som den er interessant.
Eg saknar kanskje litt meir miljøskildringer og opplevelsen av å faktisk vere på 50 og 60-talet.

Etterkvart som romanen skrider frem, vert det enkelte store hopp fram i tid, der me fylgjer barnas oppvekst, korleis dei vart berørt, og frem til dei vert sjølvstendige kvinner. Det er sårt å lese om borna som lurer på kvifor dei ikkje har ein far, om det er dei som ikkje er gode nok, om ikkje dei er ein person å bli glad i.. Og andre igjen lurer på kven som er deira eigentlege foreldre. Innhaldet sitter med andre ord att i kroppen når siste side er lest.

Mange spørsmål veltet seg rundt i hodet hennes. Hva var det med henne som gjorde at hun ikke skulle eksistere? Var hun mindre verdt enn andre barn? Og hvorfor ville ikke faren ha henne, se henne og bli kjent med henne? Skulle hun aldri få se sin egen far? Og hva med søsken?

Innimellom har Østerbø lagt opp til at historia kjem i forkant av begivenhetene, der ho skriv kva som kjem til å skje, før ho utbroderer historia. Det funker overraskende bra, og det skaper ein annleis dynamikk og unngår med dette at historia vert statisk.

Me fylgjer som nevnt fleire generasjonar, og spørsmålet vert om rettferdigheten vil seire til slutt? Vil ein få svar på alle spørsmåla ein har undervegs? Vert det ein lykkeleg slutt for alle dei involverte? Østerbø har skrevet ein godt komponert roman, med ein stor forståelse og kunnskap frå denne tidsepoken.

Eller som en annen sa: «Her ansetter vi ikke alenemødre. Vi har en høy moral i firmaet, så det ville vært meget upassende.»

Boka inneheld alt ein slik type roman skal inneholde. Me fylgjer livets gang med fødsler, glede, sorg, motgang og medgang, alderdom, sjukdom og død. Det vert familiefeider, barnevern vert involvert, og mørke og dystre hemmeligheter vert holdt godt skjult. Romanen har eit melankolsk preg over seg, som forfattar speler veldig godt på.

«Skammens mødre» er ei viktig bok. Ikkje berre for dei som var og er ramma, men også for alle andre, for å få ein forståelse for det kvinner og alenemødre vart utsett for på 50 og 60-talet. Den er velskrevet, innehar ein godt komponert historie, og er ein imponerende bokdebut frå Anita Østerbø. Kan anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s