Liksteinen av Marit Reiersgård

Nok ein strålende krimroman med etterforskerne Bitte Røed og Verner Jacobsen i hovedrollen.

  • Norsk tittel: Liksteinen
  • Forfatter: Marit Reiersgård
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 364
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Gyldendal Norsk Forlag

Marit Reiersgård (Født 1965) debuterte som forfatter tilbake i 2012 med krimromanen «Stolpesnø». Sidan den gong har ho utgitt ei rekke bøker, og i 2024 gav ho ut «Liksteinen». Bøkene hennes er oversatt til fleire språk, og ho har også vert nominert til Rivertonprisen.

I en leilighet i Drammen blir en mann funnet død innelåst i en rosemalt kiste fra 1800-tallet. Drapsofferet var en aktiv jeger, og jaktlaget mannen tilhørte, viser seg å ha forbindelser til alvorlig miljøkriminalitet. Etterforskningen avdekker etter hvert en tragisk familiehistorie som strekker seg gjennom generasjoner. Etterforskerne Bitte Røed og Verner Jacobsen skimter snart et sterkt motiv og frykter at flere liv står i fare. Samtidig skaper deres gjensidige tiltrekning skyld og dårlig samvittighet overfor Verners gravide kone. Det hele ender i et iskaldt drama i en liten bygd i Hallingdal.  

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter/forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Liksteinen».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman, og er bok nr. 5 i serien om etterforskerne Bitte Røed og Verner Jacobsen. Boka kan leses frittstående, men det anbefales å lese dei kronologisk for å få fullt utbytte av relasjonshistorien rundt karakterene.

Reiersgård tar oss blant anna med til Hallingdal i denne boka. Bitte Røed har reist opp dit for å besøke ei gammel venninne, men medan ho er der, avdekker ho ting som har forgreininger til eit drap i Drammen. Verner Jacobsen har saken der ein mann vert funnet død i ei kiste i ein leilighet i Drammen. Dei har få spor å gå etter, men etterkvart som dei etterforsker saken, så auker den i omfang. Fleire liv står plutselig i fare…

Me fylgjer to historier parallelt, og med klassiske cliffhangere og vekselsvise kapitler, så opprettheld forfatter både spenning og mystikken rundt det som foregår. Ho bind riktignok historiene tidleg saman, men likevel så står dei sjølvstendig i den forstand at ho har splitta dei to hovedkarakterene og plassert dei på kvar sin kant.

Som i dei foregående bøkene, så er det eit tett og nært forhold mellom Bitte og Verner. Likevel har det oppstått ein avstand mellom dei, etter det som hendte i forrige bok. Reiersgård spinner videre på dette, og me får ein fin og truverdig utvikling. Dette er ein god bi-historie der moralske dilemmaer og samvittighet vert satt på prøver.

Dagen i forveien hadde han sådd et lite håp i henne, på tross av at hun aldri kom til å bli førsteprioritet hos ham.

Dette er ein skikkelig politikrim utan dei store actionscenene. Etterforskningsdelen står for hovedtyngda av historien. Me får ta del i avhøyr, samtaler, mistanker og tekniske og taktiske undersøkelser. Framdrifta i historien kjem av nitidig etterforskning, der me fylgjer både blindspor og forløsende oppklaringer undervegs.

Plottet er innfløkt og det føles som om Reiergård nytter seg av eit edderkoppnett med mange koblinger. Eg gav etterkvart opp forsøket på å finne ut kven som stod bak, og lot meg heller berre blende inn i universet. Dette valget angrer eg ikkje på, for det er ein velskrevet historie med mange gode miljøskildringer.

Reiersgård klarer å skape gode spenningstopper og kjem med stadig ny utvikling i saken. På denne måten sakna eg ikkje actionscener i det heile tatt. Det heile føles truverdig og har ein fin dynamisk framdrift boka gjennom.

Språkmessig er Reiersgård solid. Ho har ein klar fremtoning i språket som ikkje gir rom for misforståelser medan ein les. Ho levner ingenting til tilfeldighetene og det føles heilstøpt.

Han slapp lokket og rygget, rakk akkurat ut på gaten før dagens porsjon av yoghurt og kornblanding veltet ut av ham. Med den grønne oppsvulmede kroppen på netthinnen ringte han etter teknikere og rettsmedisiner og rådet dem til å utstyre seg med neseklyper.

Sluttpartiet vart eit lite antiklimaks for min del. Forfatter skal likevel ha ein god dose ros for at ho tar lesar med på ein oppklarende og fin gjennomgang av saken.

Karaktermessig er det ein fin balanse mellom det gode og det onde. Det er fleire potensielle gjerningspersoner, og ikkje alle har reint mel i posen utan at dei nødvendigvis har noko med saken å gjere. Her må ein forsøke å sile vekk dei små ubetydelige tinga medan ein les. Noko som skal vise seg å verte vanskeleg. Så her har forfatter smidd saman eit velkomponert plott.

Forfatter speler på personkarakteristikk. Dette kjem meir til overflata hos henne, enn det ein kanskje leser om i andre krimbøker. Ho nytter verkemiddel som reaksjonsmønster og ansiktstrekk for å skape eit imaginært bilete hos lesar. Dette fungerer godt, og ein får dermed følelsen av å være flåge på veggen i gitte situasjoner.

«Liksteinen» er ein etterforskningskrim utan dei store actionscenene. Likevel klarer forfatter på eit imponerende vis å holde spenning og intensitet oppe. Med ei realistisk handling og truverdige karakterer, er dette ein velkomponert krimroman som plasserer seg i toppsjiktet innan norsk krim.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar