Frøyas vrede av L.T. Lindberg

Magne blir tatt med 1000 år bakover i tid, og må kjempe for overlevelse mot både vikingar og norrøne gudar. Dette er fyrste bok i ein fantasy-serie for ungdom.

  • Norsk tittel: Frøyas vrede
  • Forfattar: L. T. Lindberg
  • Sjanger: Ungdom
  • Antall sider: 246
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Forlaget Gullhår

L.T. Lindberg er oppvokst i Telemark og Østfold. Ho har studert kreativ skriving og journalistikk i England. Lindberg brenn for at barn og ungdom skal finne leseglede i bøker. «Frøyas vrede» er den fyrste boka i ein serie.

Magne er ein vanleg ungdom som bur i Fredrikstad. Faren hans døydde plutseleg, og etterlet seg eit familieklenodium og ein lapp til Magne. Dette setter eldgamle planar i sving. For at Magne skal unnslippe ei verd som er på randen av krig, vert han frakta tusen år tilbake i tid, for å unnslippe gudinna Frøya og hennes planar. På ein høvdinggård i vikingtida får han under tvil losji hos ein høvding. Her får han to vener i høvdingsdottera Hedda, som fortsatt er ugift og som ingen skjønar seg heilt på, og den utstøtte Halvar, guten som ikkje får dra på vikingtokt. Når sjølvaste Odin kjem på besøkt med dystre nyhende, er tida inne for desse tre venene å dra vidare. Dette fører til eit nytt problem for Magne. For kva skjer om man døyr tusen år før man blir født?

Denne boka er eit leseeksemplar frå Forlaget Gullhår. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Frøyas vrede».

«Frøyas vrede» er den fyrste boka i ein fantasy-serie for ungdom. Den tar oss tilbake til vikingtida, der dei norrøne gudane var særs aktive.

Starten på boka vart litt forvirrande. Det vart mange spørsmålstegn for min eiga del i dei fyrste kapitla. Men svara kjem etterkvart, og ei spennande og solid historie blomstrer fram side for side, kapittel for kapittel.

«Vi springer mot klippen, forbi leirstedet. Hedda skriker, gråter og banner noe fryktelig stygt, så jeg hører så vidt at Halvar roper at jeg skal hoppe, før han forsvinner utfor kanten med Hedda i armene. Jeg kjenner det svi bak øret på vei ned mot vannet, men rekker ikke slå til før jeg svelger en munnfull med saltvann.»

Boka har spesielt tre hovedkarakterer. Det er Magne på 17 år, gudesønnen som han vert kalla i starten. Riktignok basert på ei lita misforståing, men han drar uansett fordel av det. Han står overfor mange utfordringar, og skjønner ingenting av korleis han har havna 1000 år bak i tid.
Hedda er ei ugift dame som har levd 16 somre. På denne tida var dei sett på som damer. Fleire som var yngre enn ho var både gift og hadde born allerede. Hedda er ein person som ingen heilt forstår seg på, men som kan det meste om medisiner og healing av sår og skader.
Halvar er utstøtt fra å vere med på vikingtokt fordi han er den einaste som er mørkare i hud og hår. Halvar har mykje å bevisa, og gjer alt for å framstå som ein ekte viking. Saman må desse tre venene samarbeida for å overleve.

Magne drøymer mykje om natta. Her får me glimtvis fylgja farens siste timer på jorda. Me får også glimt av oppveksten til Magne. Når Magne våknar igjen så kjenner han på det såre saknet etter faren. Her har forfattar verkeleg fått fram følelsene til denne unge mannen. Ein kjenner det på kroppen medan ein les.

Sidan faren til Magne var frå Island, finn me nokre islandske ord og setningar i boka. Desse kan vere litt utfordrande for nokre, men heldigvis finn ein ei lita ordliste bakerst i boka. Å legge inn setningar på islandsk styrker troverdigheten til boka. Så dette meiner eg var eit veldig smart trekk av forfattar.

Eg skulle gjerne ynskja at nokre ting vart skildra nærare frå vikingtida. Som f.eks redskap, våpen og kledning. Ein får ikkje alltid den rette «tidsfølelsen» overalt i boka utan slike skildringar. Men forfattar tar det igjen i vikingenes daglege virke og tradisjonar.

Dei norrøne gudane speler ein stor rolle i denne fyrste boka, særskilt Frøya og Odin. Eg synes Lindberg har klart å skapa eit historisk, truverdig og godt bilete av desse gudane. Vikingane levde med ei stor overtru og liva deira vart sterkt påverka av dei norrøne gudane. Dette kjem også flott fram i boka.

Boka handlar om sorg og sakn, trolldom og magi, kjærleik og venskap, og den er ispedd litt humor, guddommelige slåsskampar og fantasy. Samtidig er det realisme og historisk korrekte skildringar.

Det er ei spennande historie forfattar kjem med her. Ein vert etterkvart dratt inn i handlinga, og ein kan kjenna det heftige regnvéret, det overdøvende tordenvéret, og sjå for seg dei klissvåte vikingane med langt hår og skjedd som løper rundt for å redde ein bygning frå ein oversvømmelse.

Det er 31 kapitler i boka, noko som gjer den overkommelig også for mindre leseglade personar. Boka har eit veldig godt språk. Dialogane virker ekte og godt gjennomtenkte. Karakterane er gode og forskjellige, noko som gjer at ein ikkje vert lei dei, og ein får ein viss sympati for alle hovedkarakterer. Noko som er eit godt utgongspunkt for kommende bøker i denne serien.

L.T. Lindberg har med denne boka verkeleg bidratt til at ungdom skal få leselyst. Dette er ei bok som kjem til å pirre interessen og nysgjerrigheita til mange ungdomar. Vikingtid og norrøne gudar er alltid spennande lesning. Vil også understreke at denne boka passer utmerket til voksne.

«Frøyas vrede» kan bli ein favoritt blant ungdom dette året. Forfattar har hvertfall lagt alt til rette for at dette skal skje. Eg håpar at mange vaksne tipsar ungdommen om denne boka og serien, og gjerne les den sjølv óg. Dette er ei bok eg varmt kan anbefala vidare.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar