Etterlyst – Petitar og kåseri av Terje Lyngstad

Her finn du 68 petitar/ kåserier frå det kvardagslege til politikk og parterapi. Alt skrevet med ein god dose ironi og sarkasme og litt alvor.

  • Norsk tittel: Etterlyst
  • Forfattar: Terje Lyngstad
  • Sjanger: Kåseri
  • Antall sider: 143
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Terje Lyngstad

Terje Lyngstad (Født 1966) er busett i Førde i Sunnfjord. Han er utdanna lektor og arbeidar ved Fagskulen i Sogn og Fjordane. Tidlegare har han jobba som banksjef, kultursjef og teatersjef. I 2000 gav han ut boka «Slaget om Nasjonal», saman med Eivind Viken.

«Etterlyst» består av ei rekkje petitar og kåserier som forfattar med ujamne mellomrom har postet på Facebook i 2020. Terje Lyngstad vil med denne boka hylla desse to sjangrane, for begge har, ifølge forfattar, tapt terreng dei siste ti-femten åra. Så sett deg godt til rette og gjer deg klar for humring og lett nikking i gjenkjennelse av innholdet.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Etterlyst».

Her får me servert ikkje mindre enn 68 små petitar og kåserier. Nesten kvar tekst er på halvannan side. Petit er eit ord som vert brukt om ein kort tekst. Kåseri er ein tekst som brukar blant anna overdriving, ironi, humor og sarkasme som verkemiddel.

Og desse verkemiddela har Terje Lyngstad brukt til gangs i denne boka. Her finn ein mange gode og ironiske betraktningar om da kvardagslege, men også i eit større bilete, som politikk og likestilling. Her skriv forfattar om små og litt større problem frå kvardagen som ein nok ikkje tenker særleg over ellers, men medan ein les, tar ein seg i å nikke gjenkjennende av teksten.

Tekstane er skrevet på nynorsk, der forfattar har eit stort vokabular og ei god språkforståing. Da er lett å skjønna at han er norsklærar når ein les tekstane. Nokre av desse historiene har språk som tema. Gjerne enkeltord me brukar, men også ord som er misvisande og direkte feil i det norske språk. Og sjølvsagt er tekstane skrevet på ein særs overdreven og ironisk måte, men med eit lite alvor og eit godt poeng ligg til grunn.

«Vi grov, og det vart snart ein haug med jord til overs. Kvar skulle vi gjere av jorda?
Bonden visste råd. Vi skulle berre grave eit nytt hòl ved sidan av, og ha jorda nedi der.
Vi grov vidare på det nye hòlet, men oppdaga snart at det vaks fram ein ny jordhaug.»

Nokre av tekstane er betre enn andre. Med 68 forskjellige temaer og innhold vert det logisk nok litt variabelt. Men at mange av tekstane vil treffe blant folk, er det ingen tvil om. Likevel så kan da bli litt vél masse av det gode til tidar. Som f.eks «Fokus Pokus Filiokus», der han skriv om da å ha fokus på ting. Og her har Lyngstad brukt ordet «fokus» rundt 51 gongar. Då falt eg fort ut, og berre skumleste resten av den teksten. Nokre oppbrukte vitsar og ordspel er óg benytta her og der i boka.

Så har me andre kåserier som treff hovudet på spikeren så det syng etter. Ein sit berre å humrer og ler med seg sjølv. Som f.eks «Gode gamle dager», der ein arbeida frå tidleg morgon til seine kvelden, måtte gjera alt av husarbeid, og fekk fisk til middag, enten det var kjøtkaker eller pannekaker som vart servert. For dette er typisk noko ein høyrer når folk skal fortelja borna sine om korleis ting var før i tida. Ei fjær vert fort til fem høns. I Lyngstad sitt tilfelle vert det til eit fullstappa hønsehus med alle sine skrøner.

Medan eg las desse kåseria, dukka stemma til Herbjørn Sørebø opp i hovudet mitt. Mannen som ein kunne høyra på radioen på 80 og 90-talet, der han las frå eigne kåserier. Eg kjente med eit at eg har sakna denne type tekstar. Det føltes så befriande og lystig å lesa korte og ironiske tekstar. Men sjølvsagt, også her er det alt med måte. Eg anbefalar egentleg å ta fram denne boka og lese litt no og då. Eg har lest den fra perm til perm, og då kan det bli litt masse på ein gong.

Da er ein del røverhistoriar her, men det ligg også eit visst alvor og mange gode poeng i det Lyngstad skriv. Han sender nokre sleivspark hit og dit, utan at det ligg noko vondt blod bak. Og nettopp dette kjenneteiknar eit godt kåseri.

«Etterlyst» er ei bok eg anbefalar vidare til folk som likar kåserier, litt tull og fjas, eller som berre vil ha lett lesning mellom alle andre bøker. Med slike korte tekstar, passar mange av dei óg som høgtlesning i lystig lag, eller for å få fram eit poeng du slit med å setja ord på sjølv. Ein ting er hvertfall heilt sikkert; Etter å ha lese kåseriet «Personleg vekst» har eg byrja å måla høgda mi fleire gongar for dagen…

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar