Odelsguten og den nye tida av Jostein Vågenes

Lærerik roman for unge frå 1900-talets utvikling i Noreg.

  • Norsk tittel: Odelsguten og den nye tida
  • Forfattar: Jostein Vågenes
  • Sjanger: Barn og Ungdom
  • Antall sider: 237
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: CreaNor

Jostein Vågenes gav ut barneboka «På haiketur gjennom Europa» i 2021, og i 2022 kom han ut med «Odelsguten og den nye tida», som passar born i alderen 9-12 år.

Odelsguten og den nye tida er ein lærerik roman og eit tidsbilde frå ei tid der Noreg gjennomgjekk store forvandlingar – på bygdene opplevde folk endringane i økonomi og levesett som dramatiske.
Året er 1910, Alf er elleve år. Om tre år er han konfirmert, og vaksen. Nye opplevingar ventar, kanskje meir utdanning, arbeid, større gard i alle fall.
Men som odelsgut er Alf nagla til det magre småbruket i Brekkå for resten av livet.
Han gjer også betre nytte for seg heime, enn å kaste bort tida på dei mange nye og unødvendige faga i skulen. Slik faren ser det. «Å drive gard er det som er viktig, det kan eg lære sonen min sjølv,» seier han.
Landbruket er i sterk vekst, men i Brekkå er alt som før. For faren vil at garden skal drivast slik han og generasjonane tidlegare har gjort. Gradvis innser Alf at den trygge odelsretten verken er ein veg ut av fattigdomen eller til ei spennande framtid. På garden bur også tante Tea, som er flink til å varsle vêret. Ho kom til Brekkå som lita, foreldrelaus jente. Då Alf byrjar å pirke i draumane hennar skjer det ting.
Eit stadig aukande konfliktnivå mellom Alf og faren toppar seg då ei stor ulukke råkar bygda.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Odelsguten og den nye tida».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein lærerik samfunnsroman som er skrevet for aldersgruppen 9-12 år, men som kan være lærerik for heile familien. Boka er skrevet på nynorsk.

Året er 1910 og Noreg står overfor store endringer i samfunnet. Me møter 11 år gamle Alf som er odelsgut på ein liten gard. Faren til Alf står godt planta med begge beina i fortida og har ingen planer om å fornye gården og fylgje med i utviklinga. Dermed klarer ikkje Alf å sjå for seg å bli på gården livet ut, når det er så mykje nytt som skjer rundt dei. Han vil ut å oppleve verda, men faren står fast ved at han skal overta den magre garden som har vært i familiens eige i generasjoner. Konflikter oppstår, og når ei frykteleg ulykke rammer bygda, vert forholdet dei i mellom satt på ein stor prøve.

Det vil være ein del ord og uttrykk som dei yngste nok ikkje vil skjønne, så her vil eg anbefale høgtlesing. Det vil nok for mange være vanskelig å sjå for seg eit samfunn utan straum, internett, TV og eit variert matbord. Når ein då i tillegg les om industrialisering og utvikling i landbruk og skulesystem så kan det bli nødvendig med ein del forklaringer og samtaler rundt dette. Ein del vanskelige ord står i kursiv, og forfatter har forklart ein del av desse orda i teksten.

Språket i seg sjølv er lett, og dialogene flyt fint. I dialogene kan ein finne bokmål og dialektspråk. Setningene er korte og det samme er kapitlene. Her har forfatter lagt inn kapitler for å stykke opp leselengden, for historien fortsetter ofte videre inn i neste kapittel. Dette er eit godt val av forfatter, slik at det vert enklere for den unge leser og/eller ein vaksen å ha eit overkommelig lesemål for lesestunden.

Hovedpersonen er Alf. Me fylgjer han frå han er 11 år i 1910, og fram til etter han er konfirmert i 1914. Han er ein nysgjerrig kar som stiller mange spørsmål og er frempå, sjølv om han er reservert. Han bur på gården Brekkå i Sandhamn, i lag med foreldra, 3 søstre og 2 brødre, ei bestemor og tante Tea. Der lever dei i trange kår, og han vert ofte mobba på skulen. Faren, Knut, er ein gudfryktig mann som har store krav til Alf. Hans agenda er at Alf skal ta over gården og dermed ikkje trenger utdanning, og holder ofte Alf heime frå skulen slik at han kan delta i gårdsarbeidet. Dette fører til ein del konfrontasjoner mellom Alf og faren, og her synes eg forfatter har gjort ein flott jobb med å skildre dynamikken mellom desse to. Det er óg eit fascinerende skue å fylgje med på den målretta tankegangen Alf har i så ung alder, men våger han å trosse farens ynskjer? Dette er eit av fleire interessante spørsmål som dukker opp undervegs.

Det er mange historiske fakta og samfunnskorrekte opplysningar. Dette gjer óg til at historia om Alf av og til druknar i denne mengden og fremdrifta stopper dermed opp. Det kan med andre og verte litt vél masse «læring» her og der i boka, men til gjengjeld så får ein eit godt inntrykk av korleis det var å vekse opp i Noreg på byrjinga av 1900-talet.

Ordføraren må roe ned salen: «Hugs at no i sommar, i dette Herrens år 1913, fekk kvinner i Noreg stemmerett på like vilkår med menn. Me må nok venne oss til at damene legg seg bort i meir enn berre stell av hus, fjøs og dyr, omsorg for ungar, pleie av kårfolket, matlaging og vasshenting.»

Det er fyrst og fremst utviklinga av gårdsdrift og skulesystem som er satt under lupen i denne romanen. Her skildrer forfatter eit splitta samfunn, der mange er sterkt kritisk til det som skjer, og særskilt i skulesystemet. Men også matvarer, skipsfart og import er behørig nevnt. Forfatter har også skrevet inn ein karakter som kan spå kva véret vert ved hjelp av vérteikn i naturen. Dette var viktig for bøndene og avlingene og er eit viktig punkt i romanen. På denne måten får me eit lite innblikk i kva teikn ein såg etter for å spå véret.

Far til Alf er imot utviklinga. No skal ungane stadig lære fleire fag. Bibelsoge og lesing er bra, men kvifor skriving og rekning? Siste nytt på bygda er at skulestyret nettopp sa ja til å kjøpe noko dei kallar kuleramme. Den skal stå på golvet framme ved tavla og hjelpe elevane med reknestykka. «Pengar rett ut av vindauga,» ifølgje mindretalet i skulestyret.

Miljøskildringene er gode, og ein føler utan unntak at handlinga verkelig foregår på starten av 1900-talet. Her har forfatter gjort eit godt stykke arbeid og researchen er upåklagelig. Språkvasken er óg bortimot plettfri.

Første timen er alltid bibelsoge. No står han framme ved kateteret med peikestokken i handa, og stirer ned i golvet. Alf er berrføtt, sokkane ligg til tørk framfor den høge, svarte vedomnen bak i klasserommet. Skulevegen går gjennom blautmyr, og treskoa var fulle av skittvatn då han kom fram.

«Odelsguten og den nye tida» er ei lærerik roman som vil få barn og unge til å få ein god forståelse for korleis livet var for berre litt over 100 år sidan, og kor stor utvikling det har vert sidan den gang. Boka vil være ypperlig å ha som eit supplement til lærebøker i skulen, og eg håper at engasjerte personer i utdanningsyrket vil sjekke ut denne romanen. Anbefales.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s