Konstabel Bannefinger og Doktor Even – Legenden om Professor Blåbær av Kristian Mehlum Lie & June Grodatter Trygvason

Konstabel Bannefinger er tilbake! Med sin barnlige humor og artige illustrasjoner er dette ei strålende barnebok, også for vaksne.

  • Norsk tittel: Konstabel Bannefinger og Doktor Even
  • Forfattar: Kristian Mehlum Lie & June Grodatter Tryggvason
  • Sjanger: Barnebok
  • Antall sider: 111
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Kontur Forlag

Kristian Mehlum Lie gav ut barneboka «Konstabel Bannefinger og Doktor Even: Mysteriet på Fismyra Bryggeri» i 2021, og «Konstabel Bannefinger og Doktor Even – Legenden om Professor Blåbær» i 2022.
June Grodatter Tryggvason har stått for omslag og illustrasjoner i bøkene.

Den legendariske skurken Professor Blåbær har rømt fra Fjertnes fengsel og det finnes ingen spor etter han. Samtidig forsvinner det nye kunstgresset på Fismyra stadion. Alt som er igjen, er en neve blåbær på den ødelagte fotballbanen. Er det Professor Blåbær som har forsynt seg? Konstabel Bannefinger og Doktor Even følger sporene og forsøker å oppklare saken ved hjelp av sin innleide konsulent; den amerikanske skuespilleren Axel Honey.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Konstabel Bannefinger og Doktor Even».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ei morosam spenningsbok for barn i alderen 5-10 år. Med sin humor og artige illustrasjoner vil den også kunne glede resten av familien. Konstabel Bannefinger til tross, her finn ein ingen banneord.

I likhet med den fyrste boka i denne serien, er det eit teikna kart av Fisberg By i starten av boka, samt ein oversikt over innbyggerne i byen. Det er oversiktlig og er eit meget godt verkemiddel for å vise barna korleis byen ser ut, og er eit lite oppslagskart for å vise vegen dei tar mot målet.

Navnene på personene i boka er fantastiske. Her finn ein f.eks Marlene Von Dant, Axel Honey, Rosa Nikkers og Borgermester Beken Børger. Dette gjev kanskje ikkje den heilt store sammenhengen for barna, men for oss vaksne drar ein på smilebåndet når ein ser føringene og teikningane der dei kan assosieres med sine navn.

Språkmessig har forfatter lagt seg på ein korrekt linje i forhold til målgruppe. Likevel er det nok eit par ord som kan bli vanskelige å både uttale og forstå for dei minste barna. Desse kunne kanskje vert forklart eller utelatt fra historien, som f.eks ordet «perfeksjonerte». Det skal legges til at eit ord som «vindebro» er veldig flott forklart i teksten. Det blir alltid ein hårfin balansegang, og i det store og det heile er det ein lettfattelig bok for barn.

Navnene på stedene i byen innehar stort sett fis og rumpe i navnet, og er gjenkjennelige fra den fyrste boka. Det er på dette nivået humoren er lagt, og det fungerer utmerket. Enkel, barnlig humor som barna stortrives med.

«Dere kan ta rennafart og kysse meg der hvor ryggen skifter navn! Udugelige fisetryner hele gjengen!»

Det visuelle er meget bra. Ofte kan svart på kvitt vere anstrengende for augene over tid, men i denne boka er det lette duse farger bak teksten, som gjer det behagelig for augene. I tillegg er teksten delvis rammet inn med små teikninger som er relevant for kapitelet. Dette skaper ein fin ramme rundt heile historia, og er eit blikkfang. Så her har forfatter og illustratør gjort ein kjempejobb med å skape ei gjennomtenkt bok både skriftlig og billedlig.

Historien er spennende for dei minste, men likevel rett frem. Det er ikkje mange overraskinger og vendinger, men den er skrevet slik at barna skal klare å følge med og forstå kva som skjer, sjølv utan foreldre til stades. Det føler eg at forfatter har lykkes med, og ein sit att med eit smil om munnen når siste side er lukket.

Axel Honey er ein strålende karakter. Ein fargerik og pragmatisk person som kan forveksles med ein anna skuespiller som eg ikkje skal nevne ved navn her. Det er artige scener med han involvert. Som f.eks når han sminker seg og kler seg ut som en gammel dame, men likevel beholder bart og skjegg. Dette er noko barn synes er hysterisk morosamt, og biletet skaper ein hyggelig og fnisete samtale rundt dette.

Det er relativt korte kapitler, som passar perfekt å lese saman med barna ved ein sengekant eller i ein travel kvardag. Det er også oppnåelig for dei som kan lese sjølv, som dermed skaper ein mestringsfølelse. Enkelte «kraftuttrykk» finn ein i boka, men det er av den morosamme sorten. Så om barna tar i bruk nokre av desse uttrykka, så er du som forelder likevel trygg for at du ikkje skal få stygge blikk frå ein lærer eller barnehageassistent.

«Flatklemte fiskeboller!»

Konstabel Bannefinger får eit raseriutbrudd

Eit godt verkemiddel forfattar har tatt i bruk, er at ein av hovedkarakterene er eit fremtredende barn som er rundt samme alder som målgruppa. Ved å la Doktor Even vere den som finn løysinger og vere den som er modig, kan barna leve seg inn historia på ein heilt anna måte og sjå seg sjølv frå hans ståsted.

«Konstabel Bannefinger og Doktor Even – Legenden om Professor Blåbær» er ein lang tittel, men likevel ei lettlest bok for barn. Den er morosam og innehar friske og artige illustrasjoner. Den skaper ei fin lesestund for vaksne og barn, og inneheld rom for festlige samtaler sammen med barna. Kan anbefales på det varmeste.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s