Grønnøyd monster av Myriam H. Bjerkli

Ein velskrevet psykologisk krim med samfunnsrelaterte temaer.

  • Norsk tittel: Grønnøyd monster
  • Forfatter: Myriam H. Bjerkli
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 319
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Bonnier Norsk Forlag

Myriam H. Bjerkli (Født 1963) er blant anna frilansjournalist, oversetjar og er forlagssjef i Forlagshuset i Vestfold. Ho debuterte med ei dikt og novellesamling i 2006 i samarbeid med to andre, før ho i 2007 gav ut si fyrste ungdomsbok. Den heiter «Cyprianus» som også vart til dansk. Etter ei rekkje med diverse utgivelsar, kom ho med si fyrste krimbok, «Lille Linerle» i 2017. Så fylgde «Stella Polaris» i 2019 og «Djevelens Yngel» i 2020. Desse tre bøkene utgjer Kodal-trilogien. «Engelens fall» vart utgitt i 2021. «Grønnøyd monster» vart utgitt i 2022.

Vibeke og Christian har giftet seg. Alt er tilsynelatende bra, men Vibeke mottar noen rare brev der noen forsøker å advare henne, og hevder at Christian drepte den forrige kona si. Noen skraper opp bilen hennes og skriver HORE!!! på den. Samtidig blir hun dårlig og kjenner seg både uvel og svimmel. Hun går til legen som konstaterer at hun er blyforgiftet. Er det virkelig noen som prøver å ta henne av dage? Har avsenderen av brevet rett, er Christian virkelig en skruppelløs morder?

Denne boka er hentet frå eiga bokhylle.

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein psykologisk krim med thriller-element. Me møter igjen ein god del karakterer frå «Engelens fall», men romanen fremstår som frittstående.

Den 39 år gamle politietterforskeren, Håkon Haakonsen, har flytta til Sandefjord etter ein alvorleg hendelse, og vil starta «på nytt» der. Men det tar ikkje lang tid før hans tidlegare kollega, Sylvi Noor, kjem etter og attpåtil vert sjefen hans. Her kjem ein del følelser opp til overflata, og ingen av dei er særleg flinke til å ta tak i dei, og dermed har Bjerkli skapt ein fin bi-historie.

Bjerkli har lagt inn ein lett og fin «oppsummering» i starten, og gjer til at nye lesere kjem inn i hennes univers på ein naturleg og lett måte.

Me møter igjen Vibeke og Christian. Dei har giftet seg, og lever livets glade dager. Men ein dag mottar Vibeke brev med eit skremmende innhald. Der kjem det beskyldinger om at Christian skal ha drept sin eks-kone, og at Vibeke kan stå for tur. Vibeke på sin side føler seg stadig meir uvel, og begynner å få ein snikende følelse av at noko er riv ruskende galt. Dette vert starten på eit psykologisk spel, der Haakonsen gjer det han kan for å etterforske dødsfallet på Christians eks-kone. Men klokka tikker… Og Vibeke vert dårligere og dårligere…

Alt var stille rundt henne, ingen naboer, ingen motorlyd. Selv ikke fuglene kvitret. Det eneste som brøt stillheten, var den susende vinden. Den brune Toyotaen hennes sto på samme plass som vanlig, skråparkert, med fronten vendt mot inngangsdøren. Alt var normalt. Og alt var galt.

Me fylgjer fleire personer parallelt, i tillegg til tilbakeblikk til noko som skjedde for fem år siden, og frem til nåtiden. På denne måten får me fragmenter av det som har skjedd, og det blendes inn i det som skjer i nuet. Her er Bjerkli ein mester på å porsjonere riktig mengde informasjon til leseren. Ikkje nok til å avsløre ting, men meir enn nok til å pirre nysgjerrigheten til å lese videre.

Boka har korte kapitler med klare overskrifter over tidsperiode og sted. Bjerkli har lagt inn gode cliffhangere og holder med det leseren på tå hev boka gjennom.

Me får også eit innblikk i privatlivet til Haakonsen. Han har byrja å falle for ei dame, men er det gjensidig? Og moren hans er dement og han besøker henne så ofte han kan utan at det skal gå utover samvittigheten. Ho kjem med sterke beskyldninger mot dei som jobber på sykehjemmet, men Haakonsen føyser dei bort som tåkeprat. Også her ligg det ei nerve i teksten. Uforløst, intrikat og spennende.

Pleierne prøvde å forgifte henne, de stjal smykker han aldri kunne huske at hun hadde hatt, og hvis hun tisset på seg eller ikke gjorde som de sa, dro de henne ut av sengen og slo henne. Hvis det var sånn at hun måtte bo her, kunne hun ikke bare få lov til å dø, kunne han ikke hjelpe henne slik at hun slapp å bli torturert?
Vær så snill…

Det er fleire temaer som vert tatt opp i boka. Blant anna barnevern og overgrep, sjalusi, utroskap og forbudt kjærleik. Bjerkli er kjent for å være innom samfunnsaktuelle temaer, og denne boka er med andre ord intet unntak.

Bjerkli bruker tid på å setje leser inn i bakgrunnen for det som skjer, og det er gjort for å få det fulle bilde av situasjonen personer står oppi. Dette går litt utover spenningsnivået i starten av boka, men samtidig kan ho då bruke den resterende delen til å rette fokuset 100% på det ho vil oppnå, nemlig å få leser til å oppleve det psykologiske spelet og den bankende nerven.

Det er god karakteroppbygging, og ein får ein form for tilknytning til dei, riktignok på kvar sin måte. Nokre er elskverdige og hyggelige, medan andre er komplett drittsekker. Men i denne type bøker så kan også skinnet bedra, men er det tilfellet her? Det er mange feller å gå i som leser undervegs, og dette viser at Bjerkli har klart å skrive ein meget solid og god psykologisk krim.

Enkelte forfattere har eit språk som berre gjer at ein lar seg flyte med i historia. Bjerkli er definitivt med i denne kategorien, og ho innehar ei forteljarstemme som er folkelig men samtidig unik. Ved å holde fleire interessante historier gående samtidig, opprettheld ho drivet og spenninga utan å måtte overdrive eller kompensere med masse blod og vold.

Historia vert forutsigbar til tider. Det er ikkje noko djupt krimplott, men derimot er det psykologiske spelet og thriller-elementa som kjem i fokus. Menneskesinnet er lunefullt, og Bjerkli er dyktig til å spele på det menneskelige aspektet av historia. Ein vil i det lengste tru det beste om folk, men på eit eller anna stadium må ein re-evaluere situasjon og forhold. Men til hvilken pris? Det er fascinerende lesing, og ekstra interessant å lese når ein sjølv sitter med meir informasjon enn det karakteren sjølv gjer.

«Grønnøyd monster» er ein knakende god psykologisk krim. Med sitt enkle og folkelige språk drar ho leseren rett inn i sitt eiga univers. Myriam H. Bjerkli befester sin stilling som ein av Noregs beste krimforfattere med denne krimromanen.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s