De mystiske tøydukkene av Petrus Jensen

Detektivklubben De Tre Lykter får nok ein spennende sak å bryne seg på. Kidnapping, mafia og biljakt er berre nokre av ingrediensene. Denne detektivserien passar for barn mellom 9-14 år.

  • Norsk tittel: De mystiske tøydukkene
  • Forfattar: Petrus Jensen
  • Sjanger: Barn og Unge, Krim
  • Antall sider: 247
  • Utgivelsesår: 2017
  • Utgiver: Baryton Bokforlag

Petrus Jensen (Født 1957) er utdanna journalist. Han har lang erfaring frå arbeid med språk og informasjon i Noreg og Sverige. Jensen har drevet eige firma, og forfatta petitartiklar, songar, dikt, eventyr og noveller. I 2013 var han ghostwriter for den svenske boka «Alla Dörrer Var Inte Stängda». Mest kjent er han nok for sine krimbøker for barn. Mange har etterkvart fått opp augene for serien «De Tre Lykter» her i Noreg. Pr April 2021 er det utgitt tre bøker i denne serien.

På sankhansafta ramler Lissi og Luta over to mystiske tøydukker, store som mennesker, i ei gamal uteløe. Men ein svenske og ein vestlending liker slett ikkje at dei snusar rundt der. Når også Fyrstikken vert involvert i saken, og dessuten både Pettersen og dama på telefonsentralen, finn dei ut at noko stort har havna i vesle Grynvik! For kvifor er to skumle italienere så desperate etter å få tak i dei merkelege dukkene?
Også denne gongen dukker den gåtefulle
«mannen fra den andre siden» opp – kva skulle dei gjort uten ham? Og hold deg fast – her blir det kidnapping, mafia, biljakt og synkemyr – og ei stor, farlig russisk dame…

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «De mystiske tøydukkene».

Dette er bok nr 3 i krimserien om detektivklubben De Tre Lykter. Serien passar best for barn og unge i aldaren 9-14 år, gutar som jenter.

Dei tre venene kjem over nok ein mystisk sak, berre nokre får veker etter forrige sak, som ein kan lese om i «Godstyvene». Ein bør lese denne serien kronologisk, sidan det vert referert til tidlegare bøker, og for å skjøna litt meir av f.eks «mannen frå den andre siden».

Hendingane skjer på 1960-talet, eit sted sør i Noreg, heilt på svenskegrensa. Dermed slepp ein å lesa om mobiler, internett og datamaskiner. Her er det god gammeldags walkietalkie, veggfaste telefoner og telefonkiosker. Og sjølvsagt ein telefonsentral, kor personer sitt og overfører samtaler. Denne gangen skal da faktisk få spele ein viktig rolle i historia.

Felles for alle bøkene i serien, så er det håndtegna kart foran og bak i boka, og da er ei detaljert oversikt over navn og litt informasjon på dei som er med, foran i boka. Eg synes også det var artig at forfattar starta med å henvende seg til barna som skal lese boka. Med dette trekk han dei rett inn i forteljinga, nesten som eit høyrespel.

Hovedpersonane Luta, Lissi og Fyrstikken er lett gjenkjennelige frå dei to foregående bøkene. Eg likar at Jensen har involvert ei jente med i gjengen, og at ho har ein framtredende rolle i gruppa. Ho framstår som smart og vågal, og litt forelska i Luta, men synes óg at Fyrstikken er søt på sin måte. Luta har som vanleg sine karakteristiske utsagn og enkelte oppramsinger i form av setninger der alle orda starter med samme bokstav. Eit morosamt lite verkemiddel, for å skapa litt humør i gruppa.

Luta ble aldeles stiv av forskrekkelse der han lå på bunnen av den gamle hestekjerra. Han satte kikkerten til øynene og klemte den mot hullet i lemmen. Himmel og bølgende hav! Og vi som var enige om å være veldig forsiktige!

I denne detektivromanen har Jensen skrevet inn dialoger på svensk, ekte vestlandsk dialekt, og på italiensk-norsk. Utførelsen er god, men eg trur at for dei minste, så kan det by på litt problem å lese på eiga hand, sjølv om forfattar på meisterleg vis forklarar dei vanskeligste orda på ein naturleg måte i teksten. Ein må nemleg konsentrere seg meir i lesinga av dialoger. Setningsoppbygginga på dei italienske personene blir litt bytta på, som f.eks «Du ikke forstå hvor traavelt vi har?!». I tillegg legg forfattar inn ekstra vokaler, for å få den italienske svungen over orda.

I «De mystiske tøydukkene» har forfattar lagt opp til eit høgare tempo, med meir action og spenning. Me møter på italiensk mafia og ein hissig vestlending, og da vert både biljakt og sitrende spenning når dei på nattestid må ut å spane på mistenkte personar. Da skjer noko heile tida, og gjer til at sidene flyr avgårde.

Denne gongen er dei vaksne meir involvert i mysteriet. Samspelet mellom barn og vaksne er godt, og dei speler på kvarandre sine styrker. Politiet har som vanleg ein perifér rolle. Dette handler fyrst og fremst om ungdommelig nysgjerrighet, pågangsmot, og kloke hjerner som jobber saman.

Med høgt tempo, og masse spenning og action, er «De mystiske tøydukkene» ein fryd å lesa. Har du eit barn eller nokre du kjenner som er mellom 9-14 år, så anbefalar eg at du kikker på serien om «De tre lykter».

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar