Sinne av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Ungdomsroman på nynorsk med ADHD i fokus. Dette er Årets Ulest-vinner for 2021 i sin kategori.

  • Norsk tittel: Sinne
  • Forfattar: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
  • Sjanger: Ungdom
  • Antall sider: 203
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Samlaget

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (Født 1980) arbeidar som norsklærar i vidaregåande skule. Ho gav ut ungdomsromanen «Sinne» i 2021. Ho vann Årets Ulest for 2021 med boka «Sinne».

15 år gamle Synne har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen. Heldigvis har Synne bestevennen Torunn. Men to nye elevar i klassen skapar problem: Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgarar på Instagram, og mystiske og pene Johan, som må ha O’boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Det Norske Samlaget. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Sinne».

Dette er ein ungdomsroman på nynorsk som virkelig setter sine spor.

Eg-personen i romanen er Synne. Ho er rundt femten år, og har ADHD. Sjølv om det kokar inni ho, og ho kjem med forskjellige utbrudd, vil ho ikkje at nokon skal vite om diagnosen. Synne vil ikkje bli behandla annleis, og ho vil heller ikkje bli mobba som på barneskulen. Men kanskje ho kan ta opp att medisineringa for å ha betre kontroll over utbrudda sine?

Forfattar skildrer eit skulemiljø som er tøft. Dynamikken innad i eit klasserom er meisterleg fortalt. Lærere som er til pest og plage, og som hakker på enkeltelevar, korleis ungdommer heng saman, og samtidig frys ute andre. Det handler om å finne sin plass i gruppa, noko enkelte kan slite med. Det er morosamt, trist og provoserende på ein gong.

Foreldra til hovedkarakteren har nyleg skilt seg. Moren er knust, medan faren har funnet seg ein ny samboer. Denne situasjonen er ei særs spennende bi-historie, og viser kor masse følelsar som er i sving i boka. Rett og slett nydeleg fortalt av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen.

Me får eit inngående innblikk i livet til ein person med ADHD, men også korleis ungdomsåra påverker unge hormonelle personer. Det vert kjærleik, drama, sjalusi, hevn, venskap og sosiale medier. Ingebrigtsen skriv om festing og alkohol, og baksiden ved dette. Det er trist lesing, og ein kan ikkje anna enn å la seg provosere av deler av handlinga, noko som forfattar må få ros for å treffe ei nerve hos lesaren.

Det er vindstille akkurat her, men kaldt i lufta, så eg drar glidelåsen heilt opp i halsen. Hutrar. Johan ser det. Tar eit fast tak i armane mine og stryk hendene sine hurtig opp og ned for å gi meg varme. Eg får kolsyre i blodet og fokuserer på å puste jamnt.

Synne, eller Sinne som ho vert kalla blant enkelte medelever, er ein fantastisk hovedkarakter. Ho kjem me godt under huden på, og me får eit innblikk i hennes innerste tankar og følelser. Dei andre viktige karakterene i romanen, er ein god miks av hyggelege og mindre hyggelege ungdomar. Eg synes óg at familielivet til Synne er imponerende komponert og skildra.

Forfattar trekk fram gode problemstillinger og skaper ein spennende historie, som også var veldig interessant og altoppslukende for meg som er vaksen.

Eg ser bort på pappa, som ser ut som han akkurat har blitt ramma av Lamstivosløvus. Han liknar ein isskulptur midt på golvet med kluten i handa, mens blikket går mellom meg og Vibeke. Ho er også lamma og sit fastlåst på knea under bordet, med famnen full av drypande colapapir. Berre Victoria har sloppe unna, ho syng og snakkar som om verda går framover og trylleformelen ikkje akkurat har sprengt livet mitt i fillebitar.

Synne elsker Harry Potter, og det vert ein del samanlikningar og sitater frå dette universet. Det vert ein del mobbing, fysisk og psykisk, som alltid er tøft å lese om. Men det er nødvendig for å skape ei realistisk historie, og med bi-historier og eit driv som gjer at boka aldri vert kjedeleg.

Språket er ungdommelig og dialogene er strålende. Sammensetting av karakterer er fenomenalt, og heile historien oser av kvalitet. Boka er på like over 200 sider. Eg skulle gjerne sett at den var det dobbelte, men skjønar sjølvsagt at dette er ein ungdomsroman, og at lengda ikkje bør vere avskrekkende.

«Sinne» er ein fantastisk ungdomsroman, som alle ungdommer burde lese. Den innehar så mange element av det ungdomsåra inneheld, og viser kor røft, men samtidig kor fin denne tida faktisk kan vera, sjølv om «heile verda» går imot ungdommen. Anbefales på det aller varmeste og er ein verdig vinner av Årets Ulest for 2021.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar