Godstyvene av Petrus Jensen

Dei tre vennene, Fyrstikken, Lissi og Luta kjem opp i nye mysterier dei må løysa i denne andre boka i serien om De Tre Lykter, ein krimserie for barn frå 9 år og oppover.

  • Norsk tittel: Godstyvene
  • Forfattar: Petrus Jensen
  • Sjanger: Barn og Unge, Krim
  • Antall sider: 267
  • Utgivelsesår: 2018
  • Utgiver: Baryton Bokforlag

Petrus Jensen (Født 1957) er utdanna journalist. Han har lang erfaring frå arbeid med språk og informasjon i Noreg og Sverige. Jensen har drevet eige firma, og forfatta petitartiklar, songar, dikt, eventyr og noveller. I 2013 var han ghostwriter for den svenske boka «Alla Dörrer Var Inte Stängda». Mest kjent er han nok for sine krimbøker for barn. Mange har etterkvart fått opp augene for serien «De Tre Lykter» her i Noreg. Pr April 2021 er det utgitt tre bøker i denne serien.

Berre eit par veker etter at dei har funnet Pettersen, dumper De Tre Lykter opp i eit nytt mysterium: To menn bærer esker inn i skogen i ly av mørket, frå godsvogner på Grynvik stasjon og ned i ein bortgjemt liten skyggenes dal. Men – eskene er sporlaust vekke! Heng på når Lissi, Fyrstikken og Luta spionerer på tjuvane og klekker ut ein plan!
Opplev det mystiske lyset, møt «mannen frå den andre siden», bli med på nattlig padletur i kanalen og spaningstokt på ei aude øy. Hold deg fast når dei vert ufrivillige blindpassasjerar, når dei vert innesperra – og unnslepp. Vær med når dei går til aksjon – og må flykta!

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Godstyvene». Eg må óg legge til at eg har lest 2.utgåve av boka som kom ut i 2018.

Dette er bok nr 2 i krimserien om detektivklubben De Tre Lykter. Serien passar best for barn og unge i aldaren 9-14 år, gutar som jenter.

«Godstyvene» fortset nokre veker etter der forrige bok slutta. Boka refererar ein del til den fyrste boka i serien, så eg anbefalar nye lesarar om å starta med boka «Mannen som forsvant».

Ein kjenner umiddelbart att språket, uttrykka, faktene, miljøet og karakterane frå den fyrste boka. Jensen har meir eller mindre brukt nøyaktig samme oppskrift, og da er på mange måtar eit godt og trygt val.

Ein lærer stadig nytt om dei forskjellige karakterane. Nokre drypp her og der, og sakte men sikkert får ein eit betre inntrykk av hovedkarakterane. Dei herlege kraftuttrykka som vert nytta i boka er allereie blitt eit varemerke. «Du store, topptrimma suzuki», «I alle fjerne riker» og «Skummende hav og himmel» er nokre av dei.

Eg følte, som i forrige bok, at enkelte av skildringane kan vere litt i overkant skildra. Eg sleit litt med å sjå for meg enkelte miljøbileta Jensen forsøker å skapa i hovudet mitt.

I denne boka fortset kjærleiken å blomstre mellom to personar, men det vert også konfliktar. Forfattar viser tydeleg kor lett ein setning, eller eit ord kan rive ned ein person, skape ein utrygg kvardag, og på den måten får personen både fysiske og psykiske plager. Da gjorde vondt å lesa det, men samtidig er dette ein naturleg del av livet.

«Nå kom klumpen hun hadde i magen, opp i halsen igjen. Og denne gangen sprengte den seg ut. Først som et halvkvalt hikst – så brast demningen. Og så stod hun bare der, rett opp og ned, og gråt og gråt – som et forlatt lite barn. Tårer og regndråper rant om hverandre nedover kinnene.»

Eg synes det til tider vart litt masse venting i romanen, og det skjedde ikkje all verden i den fyrste del av boka, noko som gjorde at eg falt litt ut innimellom. Etterkvart tar den imidlertid seg opp, og ein får ein meget spanande og actionfylt slutt.

Igjen leverer Jensen oss ei bok som er fylt med venskap, samhold, kjærleik, konfliktar, mysterier, spenning og aktivitet i form av spionering og møter i klubben. Og som i den forrige boka, så er det med nokre mystiske og overnaturlege element.

Forfattar er dyktig på å forklare ord og uttrykk, noko som gjer at barn og unge kan lære litt undervegs. Han er også meget dyktig på å oppsummere etterkvart, slik at ein heile tida har tråden i mysteriet, noko som gjer leseopplevelsen til ein fryd.

Eg likar at Petrus Jensen har lagt handlinga til 60-talet, og med det slepp me all nymoderne teknikk og duppedingser. Eg håpar og trur at fleire og fleire får opp augene for denne serien. Sjekk den ut, om du har nokon i rett målgruppe, eller berre vil ha ei kjekk lesestund med god gammaldags mimring om ei svunnen barndomstid.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar