Djuphavsslettene av Hilde K. Kvalvaag

Ein 19 år gamal gut tar sitt eiga liv. Tilbake sit ein knust familie, og ei mor som er i ferd med å gå under. Denne sterke sjølvbiografiske romanen er hennar brev til sonen.

  • Norsk tittel: Djuphavsslettene
  • Forfattar: Hilde K. Kvalvaag
  • Sjanger: Roman, Sjølvbiografisk
  • Antall sider: 391
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Hilde K. Kvalvaag (Født 1968) bur i Bergen, og er utdanna sosialantropolog. Ho debuterte med ungdomsromanen «Hjarteklapp» i 2003. Sidan kom «Nattsommarfugl» i 2005, «Skagerrak» i 2008, «Fengsla» i 2010, «Lev vel, alle» i 2015 og «Djuphavsslettene» i 2021. Kvalvaag har vunnet ei rekkje prisar for sine bøker.

Mora hadde fire barn, no har ho tre. Den nest eldste sonen har tatt livet sitt, berre nitten år gamal.
Livet for familien i romanen er blitt eit uroleg hav med ufattelege djup og mørker, som truar med å trekke mora under. Men minsteguten hennar er berre fire år. Med han på ryggen, på reise med familien i Noreg og utlandet, må ho finne ut korleis ho skal halde seg flytande. Han treng ho. For han og dei andre barna, må ho redde seg sjølv.
Romanen er eit brev til den døde sonen.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Vigmostad&Bjørke. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Djuphavsslettene».

Dette er ein sjølvbiografisk roman på nynorsk. Men ikkje la deg skremme av at boka er på nynorsk, då ein ikkje finn ein haug med «for-norska» ord og uttrykk.

Dette er ein roman om ei mor som skriv eit brev til sin døde son. Ho skriv om oppveksten, om gode og mørke stunder, ho skriv om timene før og etter at beskjeden kjem om at sonen har begått sjølvmord. Me fylgjer hennes kamp for å holde hovudet over vatnet i timene, dagene, månedene og årene etter. Ei mor som elsker sonen med alt ho har, og ei sorg som knusar ho fullstendig. Korleis skal ho klara å leva for ektemannen si skyld, for den eldste sonen som har flytta ut, for si dotter som er i tenåra, og for sin 4 år gamle son? Dei slit med si sorg, samtidig som dei opplevar på nært hald den hjerteskjærende sorga berre ei mor kan føla til sitt mest kjæreste.

«Veslebror din var fire år då døden trefte huset. Han hadde så vidt komme i gang med å leve, så kom orkanen, og veggane fall.»

Dette er den verste og beste romanen eg har lest på lang tid. Verst på grunn av det hjerteskjærende innholdet, best på grunn av språket og at ho klarar å setja ord på tankar og følelsar, der andre slit med å uttrykke seg. På mange måtar er denne boka eit ansikt utad til alle dei som har mista ein kjær og umistelig person til sjølvmord.

Språket var noko av det fyrste eg la merke til. Det er fantastisk skrevet og skildra. Skiljet mellom personleg beretning og roman er ikkje synleg i det heile tatt. Eg trudde på kvart einaste ord i boka. Måten ho klarar å mane fram følelser og tankar frå botnen av sin eiga og familiens smerte, treff deg med full styrke.

Victor, eg elskar deg, eg skal alltid elske deg, kviskrar eg til deg, legg armane rundt deg og kollapsar i gråt. Vi går ut av rommet på medisinsk avdeling, tar heisen ned og køyrer sakte bort.

Sonen, Victor, er ein gut som er sprudlande og glad, men som også er i mørket. Utover i boka får me heile tida små tilbakeblikk som gjer at ein vert kjent med Victor. Eg synes Kvalvaag har klart på meisterleg vis å skildra Victor som ein person som levde livet, som hadde sine opp og nedturer, og som ein person som eg vert kjent med. Dette er ein sjølvbiografisk roman, som omhandlar ein person og ein familie, samt nære vener. Men når boka var ferdiglest, så følte eg at eg hadde lest ei historie om ein bekjent, der Victor og familien vert med deg i tankane lenge etter at boka er lagt vekk.

Boka er ærleg og smertefull, men óg eit viktig bidrag i ein sorgprosess. Forfattar skriv om ei mor som tyr til beroligende og sigaretter, som oppsøker psykologer og sorggrupper, og som tar familien ut på tur rundt om i Noreg og Europa i ei form for flukt frå verkelegheita, men óg i omsyn for sine barn. Kvalvaag skriv rett fram, der moren håpar at jorda går under, at ho forbanner alt og alle, er sint, frustrert og er i eit bunnlaust mørke. Ho tar eit lite oppgjer med alle som skal vise sin medlidenhet gjennom kondolanser og diverse utsagn som gjer ting verre enn det var meint som.

«Alle som ikkje veit kva dei skal seie. Dei som seier ting som gjer det verre. Eg møter ei kvinne på gata. Det er sånt du aldri kjem over, seier ho. Kvifor sa ho det til meg, skjønte ho ikkje at eg aldri kjem til å gløyme det. DET ER SÅNT DU ALDRI KJEM OVER. Kvinna dømmer meg til livsvarig, ho tar frå meg siste rest av håp.»

Ein del små, men effektfulle verkemiddel er tatt i bruk. Som f.eks at det kun er son og mor som er nevnt ved navn. (Bortsett frå forfattarar som er sitert) Dei andre har ein bokstav, eller vert nevnt som faren, niesen, venen etc. Dette er eit godt verkemiddel, då det får sonen i fokus. Ein anna ting er eit avsnitt i boka der det verken er komma eller punktum. Uten at det står spesifikt i teksten, så skjønar ein at dette er setningar moren raser ut av seg på inn og utpust. Forfattar kjem óg med ein verkeleg fin skildring av tidsepoke, nemlig no-tid og deg-tid. Små ting, som gjer ein stor forskjell.

Moren i romanen kjem stadig inn på spørsmålet om da er noko ho kunne gjort annleis, og søkjer dermed bekreftelse på at ho gjorde alt i si makt for at han fekk ein så fin og god oppvekst som mogleg. Dette er nok eit viktig tema, for eg trur mange sit att med ein oppfatning av skyld, og tankar som «tenk om…». Forfattar drar også inn forskning rundt dette med sjølvmord, og tar opp dette med tilknytingsteorien. Ho bruker også ein del sitat frå andre forfattarar, som har skildra både sjølvmord og tap av ein kjær person.

Sjølv om det er ei tøff bok å lese, finn ein og mørk humor, og enkelte lyspunkt. Eg likte at forfattar gjerne avsluttar ein setning med «haha». Det får fram smilet, sjølv om ein eigentleg berre har lyst til å tørke tårer.

«I det kalde desembermørkeret går eg rundt i ei tung kåpe. Ho var til halv pris. Ho er svært varm, mørkegrå. Eg ser ut som eg har falle oppi ein koksbinge. Haha.»

Wow! For ein fantastisk skrevet sjølvbiografisk roman. Forfattar har eit språk og ein evne til å trylle fram ord og skildringar som gjer deg mållaus. Dette er ei fryktelig tøff bok å lese, der ein sit med gråten i halsen. Likevel vil eg anbefale «Djuphavsslettene» på det varmeste.

TERNINGKAST: 6

2 kommentarer om “Djuphavsslettene av Hilde K. Kvalvaag

  1. Anita Ness 06/06/2021 kl. 18:31

    Dette var en veldig god omtale av en vanskelig bok å lese, skjønner jeg. Har selv fått boka, men greier ikke å lese den nå, av ymse grunner. kanskje senere. Har lest en annen bok av forfatteren som jeg likte veldig godt. Lev vel, alene– eller noe sånt. Vet at hun skriver knakende godt.

    Liker

    • bokbloggeren 06/06/2021 kl. 18:58

      Takk for det.
      Ja, denne var veldig sterk. Ei bok som følger deg videre i lang tid etter at den er ferdiglest.
      Eg skal sjekke ut hennes andre utgivelser, for som du seier; ho skriver knakende godt.

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s