Tilbake til kaféen ved verdens ende av John Strelecky

På Kafe Hvorfor er det tre spørsmål på menyen. For John og Jessica kan det vere starten på ei livsendring. Dette er oppfylgjaren til verdenssuksessen «Kaféen ved verdens ende».

  • Norsk tittel: Tilbake til kaféen ved verdens ende
  • Forfattar: John Strelecky
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 250
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Risk Forlag

John Strelecky (Født 1969) er frå Chicago i USA. Han debuterte som forfattar i 2002 med «Kaféen ved verdens ende». Den vart ein bestselger på tre kontinent, og fem gonger bestselgende bok. Siden den gang har han skrevet fleire bestselgende bøker. Blant anna «Livets fem store» (2020) og «Tilbake til kaféen ved verdens ende» (2021).

Livet til John vart forandra for alltid så han tilfeldigvis ramlet innom Kaféen ved verdens ende. Etter den eine kvelden de fekk livet hans ei ny meining og verda eit heilt nytt perspektiv.
Til hans store overraskelse befinn han seg plutseleg på den same kaféen ti år seinare. Da er nye spørsmål som møter han på menyen – og nye utfordringar som vert lagt på bordet.
Oppfylgjaren til bestselgeren «Kaféen ved verdens ende» tar oss med tilbake til dette forunderlige stedet, som i tillegg til å servere nydeleg mat, stiller spørsmål som krever ærlege svar, og byr på opplevelser som kan endre livet ditt.
Bli med til deilige Hawaii, og la deg inspirere til å tørre å vere ærleg med deg sjølv om korleis du verkeleg ynskjer å leve, og kva som eigentleg er meininga med alt.

Denne boka er eit leseeksemplar frå Risk Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tilbake til kafèen ved verdens ende».

Dette er oppfylgjaren til «Kaféen ved verdens ende» som kom ut i 2002 (2019 i Noreg). Den har nokre henvisninger til denne boka, men kan veldig fint lesast frittståande. Eg har ikkje lest den fyrste boka, og kan dermed heller ikkje seie noko om likhetstrekk etc.

Denne romanen handlar i veldig korte trekk om John som returnerer ril «den magiske kaféen» etter 10 år. Kaféen er flytta til den andre sida av Hawaii. Her møter han Casey, Mike og Emma. Samme dag som han er der, kjem Jessica inn i kaféen. Ho er ei stressa og bortkommen forretningskvinne, som står fast i kvardagens mas og slit. På menyen står det tre spørsmål: Hvorfor er du her? Leker du på lekeplassen din? Har du MP? Me fylgjer desse personene (pluss nokre få til) gjennom ein dag på Kafe Hvorfor.

Dette er fyrst og fremst ein dialogbasert roman om livet. Kan vel komme under kategorien sjølvutvikling. Det kan kanskje høyres litt kjedelig ut for dei som ikkje har lest nokon av desse bøkene, men sanninga er at innholdet rommer så mange kloke ord og bektraktninger, at ein vert eit med personene.

«Når du ikke vet hvordan du skal gjøre noe, må du bare finne noen som vet hvordan man gjør det, og så ber du dem om hjelp. De viser deg det, og så vet du det også. Det er kjempelett. Det er sånn jeg har lært nesten alt jeg kan gjøre.» Jeg smilte. En sjuåring kunne altså analysere en av de største hindringene for de fleste og gjøre det så enkelt at det kunne forklares på noen sekunder.»

Måten forfattar skildrar miljøet på, er stor kunst. Ein kan formeleg kjenna lukta av havet, sanden mellom tærne, høyre palmesuset og kjenne varmen på kroppen. Språket er veldig enkelt, men samtidig voksent. Eg husker eg vart bergtatt av det lette språket i boka «Mofongo» av Cecilia Samartin. Denne er på samme nivå språkmessig. Kapitla er korte, og boka generelt er særs lettlest, men den rommer likevel så masse.

Ein lærer personene å kjenne, men ein kan også lære ting om seg sjølv gjennom denne boka. Betraktninger om livet, universet, og kva ein kan gjere for å senke skuldre og trives med seg sjølv, er like masse skrevet til meg som leser, som til karakterene i boka.

Her finn ein veldig mange kloke ord og gode oppbygde påstander. Det handler om livet, om å verta vaksen, men samtidig klara å komme attende til leikeplassen. Gløyme dei små, uviktige tinga i livet, og ta vare på dei gode minnene. Det materielle må ikkje stå i vegen for dei gode minnene ein kan skapa. Forfattar kjem stadig inn på dette med å skape minner for livet. Minner som du kan ha med deg livet gjennom, uavhengig av kvar du er, og som ingen kan ta frå deg.

Eg sit med følelsen av at det vert veldig forenkla dette med sjølvutvikling. Personer rundt om i verda har forskjellig bakgrunn og kompleksitet i livet. Helseproblem, fattigdom osv.. Ja, til ein viss grad kan ein forandre livet sitt, som i denne boka, men det kan verta litt for masse av det gode.

Forfattar har tatt med to barn rundt 7-års alderen i romanen. Med dette speler han på samspelet mellom barn og vaksne, mellom far og dotter. Dette fungerer utmerket, og ein får meir liv inn i romanen. Det vert smil og latter, opplæring i surfing, og dans rundt strandbålet. Eg synes at desse unge jentene var veldig vaksne for alderen, men med eit slikt personmiljø rundt seg, så vert dei nok ekstra tidleg «vaksen».

Ein kan til tider få følelsen av at nokre av personene i boka nærast er psykologer. Dei tar personer til sides, og ber dei om å fortelja kva som skjuler seg bak dei høge murene som personen har bygd opp rundt seg, og sakte men sikkert rive ned muren rundt dei. Alt gjennom tankevekkende skildringer om livet. Dette kan vere starten på ei livsendring og nye måtar å sjå kvardagen på.

Da er lite handling i boka, men innholdet er verkeleg solid. «Tilbake til kaféen ved verdens ende» må vere den ultimate sommerboka. Lettlest feel-good roman med gode og reflekterte dialoger, som óg kan gjere noko med deg som leser.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s