Ein jødisk kledehandlar forsvinn sporlaust i 1940. Over 30 år etter finn ein dykker han att inni ei betongblokk utanfor kaia i bygda. Kva skjedde? Kasper Grossmann vil komme til bunns i saken.
- Norsk tittel: Ei kalka grav
- Forfattar: Jon Olaf Lorentzen
- Sjanger: Roman, Krim
- Antall sider: 178
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Svein Sandnes Bokforlag
Jon Olaf Lorentzen (Født 1950) er busatt i Egersund, og er filolog og lektor. I 2004 debuterte han med romanen «Den symmetriske tvillingen». I 2011 gav han ut «Café Gibraltar», i 2017 kom «Magnus’ apostrof» og i 2021 kom «Ei kalka grav». Lorentzen har óg gjendikta lyrikk av den kubanske nasjonalskalden Jose Mari.

Islendingen Báltusar Lárusson arbeidde på 1970-talet som dykkar i ein småby på sørvestlandet. Hamnesjefen ville ha fjerna ein diger stein som låg og gnissa mot vassledningen over til øyane i skjergarden. Lárusson finn ei diger betongblokk som det ligg ein dauing i. Det syner seg å vera kledehandlar Melchior Gombrowitz. Han hadde forsvunne sporlaust frå byen niande april 1940. Politisjef Elgesen slår fast at saka er forelda. Til byen kjem likevel Kasper Grossmann frå Jewish Documentation Center i Wien for å undersøkje saka nærare. Undersøkjinga fører Grossmann til den lokale frimurarlosjen.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Ei kalka grav».
Denne boka er på skikkeleg nynorsk, med enkelte dialogar på bokmål. Eg likar når forfattarar ikkje vegrar seg for å skriva på si eiga målform. For det er slik at nynorsk-bøker ikkje vil nå ut til ein like stor leserskare som ei bokmålsbok ville gjort. Eit tøft valg av Lorentzen.
«Ei kalka grav» handlar ein god del om antisemittisme. Me møtar nazi-jegeren Kasper Grossman, som vil prøva å finna ut kva som skjedde med jøden Melchior Gombrowitz, som vart funnen død i ei betongblokk. Med mange henvisninger til den 2. verdskrig får me eit innblikk i forfølginga av jødane under krigen. Men me vert også innlemma i den problematikken at mange av personene som stod bak dette, gjekk fri og fekk viktige roller og stillinger høgt oppe i næringslivet i etterkrigstida.
Lorentzen skriv også ein del om den lokale frimurarlosjen i bygda. Her nevnar han blant anna titlar og opptaksritual innad i frimurarlosjen. Her gjer han eit smart valg med å hoppa over detaljar, og konsentrerer seg heller om hovedtrekka. Om dette er reelt, eller fri dikting skal ikkje eg uttale meg om, men interessant var det uansett.
Grossmann er på mange måtar hovedkarakteren i boka. Han lever og ånder for kampen mot nazisme og forsvaret av jødane og staten Israel. Nesten alt han ser rundt seg, relaterer han på ein eller anna måte til krigen og jødeforfølgelsen. I byrjinga framstår han som ein mystisk person som plutseleg dukker opp. Men etterkvart tar forfattar oss med litt under huda på Grossmann, og me vert betre kjent med han, og skjønar hans kamp for at rettferd skal skje. Dykkaren Báltasar har mange samtalar saman med Grossmann, og dei utviklar felles forståelse og da oppstår eit vennskap mellom dei.
«Idet utgangsdøra lukka seg bak han, blei Grossmann ståande eit augeblikk og studera den vesle hagen. Der låg ei leikehytte med ein avlang dyreskalle, ein hest, tenkte han, spikra på veggen, overgrodd av ein klatreplante som likna ein hårmanke, og di huske som svaia lett fram og tilbake i vinden. I eit kort glimt så han for seg daudingskallen på uniformsluvene til dei frykta SS-troppane.»
Eg sleit litt med å skjøna enkelte av episodane i romanen. Var det ein reell hending? Var det ein draum? Var det ein hallusinasjon? Men det var kanskje også meininga at ein skulle undre seg over dette i ettertid…? Satt også med kjensle av at historia kanskje skled litt ut av og til, og hadde med ting som strengt tatt ikkje hadde noko med historia å gjere. Men ein ting skal Lorentzen ha ekstra skryt for, og da er at her er det ingen unødvendige namn med. Dei som er perifere personar vert nevnt i historia med kun tittel som f.eks redaktøren, journalisten og kontordama. Dette gjorde det enkelt å fylgja med i historia.
Handlinga foregår over nokre dagar på midten av 70-talet. Bortsett fra nokre titlar på sangar og artistar, så fekk eg ikkje ein voldsom følelse av å vera i dette tiåret. Lite skildringar som setter eit tidsperspektiv i romanen. Men eller er miljøskildringane gode, og forfattar klarar å mane fram levande bilete for meg som lesar.
Eg ser på denne boka som ein roman med krimelement. Me fylgjer særskilt Grossmann’s jakt på sanninga. Og for å finna den, må han gå rundt og snakke med folk. Da er inga politietterforskning i biletet, då politimesteren erklærer saka som forelda. Men like masse er Grossmann’s tankar rundt krigen, og kva som foregikk rundt om i verda på denne tida.
Sjølv om bodskapet og temaet er dystert, er det óg litt humor i enkelte av dialogane, som eg forøvrig fant realistiske og hadde eit meget bra språk over seg. Plottet er godt, og ein får nokre overraskinger undervegs.
«Ei kalka grav» er ein godt skrevet roman på nynorsk. Med element av krim og handlingar som stammar frå krigens dagar, vil dette vere ei bok mange vil finna interessant. Eg kan hvertfall trygt anbefala den vidare.
TERNINGKAST: 5-