Satisfaction av Espen Mowinckel

Denne romanen er ei dramatisk forteljing om korleis tre ulike menn håndterer vonde livserfaringer.

  • Norsk tittel: Satisfaction
  • Forfattar: Espen Mowinckel
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 239
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Panter Forlag

Espen Mowinckel (Født 1953) har mange års ledererfaring frå salg og marknadsføring. Satisfaction, som kom ut i 2021, er hans debutbok.

Satisfaction er ei dramatisk forteljing om korleis tre ulike menn håndterer vonde livserfaringar. Lukas, Wilhelm og Christian bærer på svik, løgner og avvisning frå oppveksten. Det preger både vennskapet og rollene som fedre og ektefeller. De kaver med å finne ein trygg identitet i kampen mellom å innfri mannsidealer og løyse eigne problem. Kor ærleg tør dei å vera mot seg sjølv, kvarandre og sine næraste? Tør dei å ta tak i utfordringane?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Satisfaction».

Dette er på mange måter ein oppvekstroman. Me fylgjer tre personar frå å vere eit barn, gjennom ungdomsalderen og eit stykke ut i livet, der hovedfokuset ligg på perioden frå ungdomstida.

Boka starter og slutter i 2003. Me får vere med tilbake til midten av 60-talet, der alt byrja å henda rundt livene til Lukas, Christian og Wilhelm. Forfattar er særs dyktig på å ta oss tilbake til 60-talet, ved å skrive om Beatles vs Rolling Stones, skildre omgivnadar og ikkje minst landskampen i fotball mot Jugoslavia i 1965. Heile boka gjennom er det små drypp av faktiske hendingar, inkludert konserter, politiske hendingar og kriger. Dette gjev historia eit langt meir realistisk preg.

«Dagene fylles med følelsen av å ha mistet noe uten å vite hva. Alle barn skal sikkert være kjempetriste når mor eller far dør. Hvordan sørger jeg riktig? funderer han. Hva forventer moren? Hvor er desperasjonen, fortvilelsen og tårene han har sett på film?»

Det hoppes litt att og fram mellom årstidene. Litt frå oppveksten til guttene, og så hoppes da fram til alle tre møtes i jobbsammenheng. På den måten vert me godt kjent med kvar person, og kva bagasje dei drar med seg inn i vennskapet. Kvart kapittel er merka med årstall og navn på den personen kapittelet handlar om. Når det kun stod eit årstall, var alle samla. Så veldig grei og oversiktlig måte å løysa dette på.

Eg følte at boka var på sitt beste når me tok del i oppveksten. Når alle tre var samla, følte eg at da stoppa litt opp, og vart litt «rotete». Eg hadde full kontroll når dei var kvar for seg, men sleit meir når dei snakka om kvarandre sitt liv.

Sjølv om alle tre har vidt forskjellige bakgrunner, så vert dei på mange måter oversett av foreldra, og alle slit på heimebane. Nokre hendingar setter ekstra spor hjå dei, og vil fylgja dei gjennom livet. Mowinckel har verkeleg fått fram sårbarheita til ein ungdom, og klart å skapa ein realistisk oppvekst. Ein oppvekst som er tøff, og som skildrar episodar som kan gjera lesaren opprørt og miste sympati for hovedpersonane. Men samtidig så er det noko der som gjer at ein likevel skjønar enkelte av valga dei tar.

Boka handlar om svik, løgn, bedrag, hemmeligheter, menn og følelsar, kommunikasjon, eller mangel på sådan, og skam. Og ein liten dose med karma. Det er óg nokre tabubelagte temaer med i boka. Kva skjer med eit menneske som vert svikta av den einaste personen han kunne stola på? Kor galt kan det gå seinare i livet? Mowinckel vinkler dette spørsmålet på ein flott måte, der eg som lesar vert dratt rett inn i handlinga, og nærast er ei fluge på veggen.

Eg likte veldig godt språket til forfattar. Det flyt lett og naturleg, og ein føler at karakterene veks utover i boka. Det vart spennande å fylgja desse tre personane, og sjølv om da tidvis var litt provoserande lesning, var dette ei veldig hyggeleg lesestund.

Espen Mowinckel har skapt eit godt bilete av ein tøff oppvekst frå særskilt midten av 60-talet. Eg vart imponert over miljøskildringene i dei forskjellige tidsperiodene. «Satisfaction» er ein roman eg absolutt kan anbefala vidare. (Og ein song vil gå igjen og igjen i hovudet ei stund etter at boka er ferdiglest…)

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar