Ei lita diktsamling om morskjærleik, håp og tap.
- Norsk tittel: Før din hand slipper taket
- Forfattar: Nora Cecilie Lien
- Sjanger: Dikt
- Antall sider: 48
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Tekst Forlag
Nora Cecilie Lien gav ut diktsamlinga «Før din hand slipper taket» i 2020.

I forordet skriver forfattar blant anna følgende om boka: «Du holder nå et lite stykke av mitt hjerte i din hand. Skrevet i blekk og satt varsomt sammen mellom to permer. «Før din hand slipper taket» omhandler den sterke morskjærligheten, barndom, håp & tap. Jeg håper den vil fylle hjertene deres med all verdens følelser, på godt og vondt».
Denne boka er eit leseeksemplar frå Tekst Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Før din hand slipper taket».
Dette er ei diktbok utan punktum, store bokstavar og knapt nokon kommateikn. Da er nokre teikningar i boka, som mor til forfattar har stått for. Teikningane er enkle, men effektfulle og forklarande i forhold til tekst. Men eg skulle gjerne sett at dei vart forstørra litt, og at strekar og fargar var tydelegare.
Nokre dikt er på rim, og nokre er óg på nynorsk. Dikta er fyrst og fremst sett frå ei mor og eit barns ståsted. Bodskapet er at alle er enkeltindivid. Forfattar skriv om at ein ikkje må la din kamp og dine sorger bli barnets kamp og sorger, men at eit barn må få stå på eigne bein. Men felles for dei fleste dikta er at ei mor er der til støtte og trøst uansett om ein fell eller møter motstand i livet.
Da er kloke betraktningar og gode metaforar om livet, barndom, morskjærleik og død. Og da er ingen som helst tvil at forfattar Nora Cecilie Lien har stor kjærleik til sitt barn og si mor. Dette lyser gjennom i dei fleste dikta.
Nokre av dikta har litt av da samme bodskapet, og eg følte eg hadde lest nesten da samma diktet tidlegare i boka. Dette har nok med at eg leste boka fra a til å utan stopp. Då får ein ikkje den variasjonen og dybdesynet ein ville fått, om eg leste meir vilkårleg.
Nokre dikt kjenn ein seg att i, medan andre setter perspektiv på ting. Som f.eks der ho skriv om båtflyktninger. Ein families ferd over havet. Det er rått, brutalt og får ein til å tenke at dette er individer og skjebner. Ikkje lenger berre ei overskrift i media, men faktiske personer av kjøtt og blod som meg og deg.
«fire bankende hjerter
åtte sammenklistrete hender
svette, klamme, kalde
åtte sorte redde øyne»
Eit anna dikt eg likte veldig godt, var «Paralleller», der ho skriv om to familier, med vidt forskjellige skjebner i eit og same dikt. Forvirrande ved fyrste augekast, vakkert og virkningsfullt når ein skjønar skrivemåten.
Tematikken i boka varierer, men bodskapet går igjen som ein raud tråd. Dikta som omhandlar døden er skrevet på ein fin og sår måte. Språket er enkelt, og ein finn ingen vanskelege ord og uttrykk.
«Før din hand slipper taket» er skrevet i forskjellige situasjonar og øyeblikk. Ved å lese slike dikt, ser ein omgjevnadane og personer rundt seg med nye auge. I ein travel kvardag er det lett å gløyma dei små tinga, men samtidig dei store bodskapa. Lien minner oss på dette med denne flotte diktsamlinga.
TERNINGKAST: 4+