Lotte-Marie reiser til Australia for å finna seg sjølv att. Men turen tar brått ein ny vending når ho må hjelpa sjølvaste Barry Hole med å oppklare ei drapssak.
- Norsk tittel: Lotte-Marie goes down under
- Forfattar: Trude Helén Hole
- Sjanger: Roman, Krim
- Antall sider: 210
- Utgivelsesår: 2020
- Utgiver: Feather Book Publishing
Trude Helén Hole er blant anna sommelier, vinskribent, reisejournalist, coach og blogger. Ho eig forlaget Feather Books Publishing og kommunikasjonsbyrået New Spirit Communication. Som forfattar skriv ho både romaner og dokumentarer. I norske medier er ho blitt døypt til «Norges morsomste» for sin serie om Lotte-Marie. Etter sin forfattardebut i 2006, har ho gitt ut ei rekkje bøker.

Lotte-Marie finn ut at ho treng å reise frå Noreg for ein periode, og bestem seg for å reise til Australia for å få ein indre og ytre oppdagelsesreise. Turen går til metropolen Sydney, der nye eventyr ventar. Men Lotte-Marie klarar fort å rote seg inn i problem, der drap, dop, horer og halliker er noko ho må forholde seg til. Saman med sin store helt, Barry Hole, må ho forsøke å finna ut kven som drepte ei norsk kvinne, og samme person kan ha så mange som 200 drap på samvittigheten.
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Lotte-Marie goes down under».
Dette er den fjerde boka i serien om Lotte-Marie. Da går fint å lese bøkene frittståande, men anbefaler likevel å lese dei kronologisk. Denne boka startar f.eks med eit lite «resymé» av korleis forrige bok endte.
Lotte-Marie er blitt godt kjent med Noregs mest sexy mann, den verdskjente etterforskaren, detektiven eller politimannen, Barry Hole. Dette forholdet utviklar seg vidare i denne boka, riktignok på Lotte-Marie sin måte.
«Jeg poengterte også at jeg ikke var interessert i ham som kjæreste, elsker eller noe i den duren heller, og da lo han mer, sa at også det var helt ok, at det ikke var det saken gjaldt. Vi nordlendinger har nemlig ikke problemer med å avklare misforståelser og problemer før de oppstår. Det er faktisk veldig greit å være litt føre var og det er jeg veldig ofte.»
Fyrste del av boka handlar mest om forhold, og då gjerne mislykka forhold. Lotte-Marie treff igjen ei venninne som ho ikkje har sett på fire år. Då trår ho inn i rolla som hobby-psykolog, og me får mange betraktningar og kloke ord om forhold. Dette er dog ikkje så veldig spennande, men så er det dette med denne humoren og det svulstige språket forfatter Hole nyttar, noko som aldri gjer boka kjedeleg.
Det er ein god del såkalt «underbukse-humor» i denne boka. Til tidar kan det bli litt vél masse, men igjen så redder Hole seg inn med sin strålende humor. For det er med eit sarkastisk skråblikk ho legg ut om f.eks intimkirurgi og shaving nedentil, om swingersmiljø og Lotte-Marie sine etterkvart store seksuelle lyster etter nesten eit år i sølibat. Boka er inspirert av filmen «Eyes Wide Shut», som er ein erotisk thriller, men sjølvsagt er det med humoristiske og parodiske auge.
Krimplottet er syltynt, men historia er god. Og nettopp krimdelen startar ikkje før i siste del av boka. Då må ho hjelpa Barry Hole med å løysa ei drapssak i Australia. Og sjølvsagt ikkje på ein tradisjonell måte. Dei må blant anna infiltrere eit swingersmiljø, noko som er hysterisk morsomt.
På den negative sida må eg nevna at i to sider i boka vert namnet Lora til Lola, for så å skifte til Lora igjen, noko som er litt irriterande.
Ikkje alt er like interessant å lese om, som f.eks utgreiinga av Baobabtreet, der Hole brukar ca to sider på å skildre dette treet.
Hovedkarakteren Lotte-Marie er verkeleg ein personlighet for seg sjølv. På den eine sida er ho ei dyktig forretningskvinne, som lykkes med sine prosjekter. På den private sida er det drikking, sex, og ei eventyrlysten kvinne som lever livet. Så har me Barry Hole då… Detektiven, etterforskaren eller politimannen. Lotte-Marie har ikkje heilt bestemt seg for kva tittel han har, men noko i den sjangeren er det hvertfall. Han er ein avslappa fyr, som lar ting styres av magefølelsen sin. Og den magefølelsen slår ikkje alltid heilt til som den burde, men saman utfyller dei kvarandre på ein morosam og god måte.
Humoren holder eit høgt nivå boka gjennom. Men skal du ha glede av denne romanen, bør du tåle eit svulstig språk. Eg satt og humret og lo titt og ofte. Til og med etter at boka er ferdiglest kan eg sitte her og smile over enkelte av situasjonene i boka.
Det som er interessant med denne boka, er at nokre av episodene i boka er sjølvopplevd av forfatter. Då vert også skildringane meir truverdige, mens andre skildringar er så overdrevet og parodiske at ein berre må smile.
Litt lei av vanlege krimbøker og romaner? I såfall er Lotte-Marie serien eit særs godt alternativ. «Lotte-Marie goes down under» er humor, humor og humor, ispedd historier og skildringar som parodierer andre krimhelter og filmer.
TERNINGKAST: 5-