Gryende hvitt av Marianne Nymo

Victoria er dement og husker berre bruddstykker av sitt levde liv. Dottera Einy opplever ei personleg krise og treng mor si som aldri før. Dette er ein roman om forholdet mellom mor og dotter.

  • Norsk tittel: Gryende hvitt
  • Forfattar: Marianne Nymo
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 326
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Kolofon Forlag

Marianne Nymo (Født 1969) er utdanna sjukepleiar og har leda ein avdeling for mennesker med ulike typar demenssjukdommar. «Gryende hvitt» som kom ut i 2021, er hennes debutroman.

Victoria bur på ein sjukeheim. Ho skjønar at orda blir færre, og at dei som er borte ikkje kjem attende. Ho trur ho befinn seg i nåtid, men oppdagar at ho bevegar seg i fortid. Ho huskar berre bruddstykker av si eiga livshistorie. Nokon gongar er det berre små glimt, vilkårlige minner som dukker opp, men som ho ikkje klarar å setja saman til noko meiningsfullt. Andre gongar forstår ho det fullt og heilt. Ho tenker på ting som ho for lengst har gløymt, eller som ho har stuet langt bak i hukommelsen. Einy går gjennom ei personleg krise, noko som førar til at ho reisar heim til mamma for å finna eit trygt holdepunkt i livet. Men for å forstå seg sjølv, prøvar ho å finna ut av fortida til mamma, men korleis kan mamma fortelja kven ho er når ho har mista seg sjølv? Dette blir starten på ei reise i minner og ein utforsking i kva som eigentleg betyr noko her i livet.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Gryende hvitt».

Dette er ein roman om ei mor som er blitt dement, og om ei dotter som står midt oppi eit pågåande samlivsbrudd. No treng ho mor si meir enn nokon gong, men kva gjer ein når ei mor ikkje kjenn att si eiga dotter?

«Hvor slutter egentlig mamma å opphøre, og hvor tar demensen over? For et sted der inne, bak denne skjøre huden bestående av blodårer og bindevev, lever mamma. Selv når mamma beveger seg i minnenes ytterkant, er hun mamma. Sykdommen har ikke forandret det.»

Språket i denne boka er rett og slett fantastisk. Dei billedlige metaforene flimrer over eit lerret, som om ein satt i ein kinosal. Metaforene vert nytta i form av da å skildra vér og storslått natur i nord, men også å skapa eit følelsesspekter hos hovedpersonane. Dette er eit enkelt verkemiddel, men vanskeleg å håndtere. Marianne Nymo meistrar dette til fulle.

«Utenfor høres lyden av bølgene som vasker fjæresteinene. Dønningene klukker og fniser, hvisker og hulker, snakker til henne på et språk hun forstår. Ingen falske toner, bare hele, rene toner som vandrer dit hun er som mykest.»

Ved kvart kapittel er det ei overskrift, som gjev oss eit hint om kva me har i vente. I starten av enkelte av kapitlene sleit eg litt med å skjøna kva person det handla om, men ein finn ut av det relativt kjapt.

Dette er ei sår forteljing om ei mor og dotter og eit levd liv. Dei bur langt frå kvarandre, og det har med tida oppstått ein avstand mellom dei. Men når Einy no flyttar attende til barndomstraktene forsøker ho å skjøna kvifor mamma er mamma. Og Victoria på si side, ser tilbake på tida med si mor, og om sin oppvekst og hendingar i livet, hvertfall dei som dukk opp i mareritt og korte glimt i hukommelsen hennes.

Me får eit sterkt innblikk i ein dement person sin kvardag. Om frustrasjonen over å ikkje forstå kva personer rundt ho held på med, og om å føle seg fanga på ein sjukeheim. Samtidig ser me sinne og irritasjon frå ei dotter som er såra og skuffa over at hennes eiga mor ikkje husker ho når ho treng ho som mest. For ei mamma er tross alt ei mamma, enten ho er 20 år eller 90 år, om ho er frisk eller sjuk.

Historia hopper mellom fortid og nåtid, men i denne boka glir dette så fint i kvarandre, og går hånd i hånd boka gjennom. Romanen utspeler seg sakte, men godt. Forfattar klarar å mane fram den såre tonen og dei anklagende stemmene. Victoria er verkeleg sjuk, men samtidig ikkje, når me fylgjer hennes tankar og minner av eit langt liv. Einy sitt liv har heller ikkje vert ein dans på raude roser. Utover i boka bind forfattar saman enkelte av hendingane, og me får dei belyst frå to sider. Kanskje ikkje alt er som det fyrst ser ut som? Eller kanskje det er nettopp det det er?

Boka handlar om familiehemmeligheter, sjukdom, død, sjølvransakelse, sorg og sakn. Men fyrst og fremst handlar det om ei mamma som treng dottera, men vél så masse så treng dottera ei mamma.

Da er så mange gode og kloke ord og betraktningar i romanen. «Gryende hvitt» vil bevege mange med sitt elegante språk og såre handling, så denne boka kan eg verkeleg anbefale på det varmeste. Dette er ein debutroman som vil setja spor etter seg.

TERNINGKAST: 6

En kommentar om “Gryende hvitt av Marianne Nymo

  1. Else m gåseidnes 24/02/2021 kl. 16:33

    En fantastisk bok. En glede å få lese

    Liker

Legg igjen en kommentar