Direktøren av Katharina Holt

Sofia slit med mareritt og eit innestengt hat etter eit destruktivt og voldeleg ekteskap. Ho søker etter hevn, men det er store og mørke krefter i sving hos eksmannen.

  • Norsk tittel: Direktøren
  • Forfattar: Katharina Holt
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 276
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Neglebitt Forlag

Katharina Holt (Født 1964) er oppvokst i Porsgrunn og jobber til dagleg med salg og marknadsføring. Krimromanen «Direktøren» er hennes debutroman og kom fyrst ut i 2016.

Sofia Holm klarar endeleg å bryta ut av eit vondt og destruktivt ekteskap, og flyttar frå Sverige og tilbake til Kragerø. Etter ein tøff rettssak, der eksmannen hevder sin uskyld for alle anklager om vold og mishandling av Sofia, har ho fått nok. Hatet til eksmannen og personene rundt han som hjalp han til å føre ho bak lyset, veks seg større og større. Det vert uante konsekvenser. Kriminaletterforskar Cornelia Lorentzon ved Gøteborgs politikammer held på med ei drapssak når detaljer frå ei tidlegare sak dukker opp i minnet. Ho finn saksmappa til Sofia Holm, og oppdager at fleire involverte personer frå utredninga brått og uventa har blitt funnet døde…

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå Neglebitt Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Direktøren».

Dette eksemplaret er ei revidert utgåve utgitt av Neglebitt Forlag i «Pistolløp-serien». Boka vart opprinneleg gitt ut i 2016 på Lyst Forlag.

Boka startar med ei rettssak der Sofia anklager sin eksmann for vold og mishandling under ekteskapet. Eksmannen Peter, som er direktør, hevder på sin side at Sofia er depressiv med psykiske problem og meiner ho har ein mild form for schizofreni. Utfallet av rettssaken skal få uante konsekvenser.

Byrjinga av boka foregår altså i ein rettssal, der me får høyra to sider av ei sak. Kva har egentleg skjedd, og kva utsagn kan ein stole på? Ein får ikkje eit skikkeleg svar med ein gong. Forfattar gjev lesar tilbakeblikk utover i boka. Det hoppes med andre ord ein god del att og fram tidsmessig. Likevel er det gjort på ein oversikteleg måte, og øydelegg på ingen måte framdrifta i boka.

I enkelte av dialogane sleit eg litt med å skjøna kven som sa kva. Her kunne det gjerne vert litt meir markert. Når ein må stoppe opp og lese same setning fleire gongar, øydelegg det litt av heilhetsinntrykket.

My fylgjer Sofia Holm, mor til to døtre, som innser at hatet er i ferd med å øydeleggja livet hennar. Men ho er merka for livet etter ekteskapet med Peter, og har ingenting å tapa, anna enn omsorgen for sine barn. Kor langt er ho villeg til å gå, utan at barna lider? Vil hatet til enkelte personer vinne over kjærleiken og omsorga til sine døtre?

Etterkvart vert me også kjent med kriminaletterforskar Cornelia Lorentzon. Hovedhandlinga er riktignok på Sofia, men parallelt fylgjer me politiets jakt på gjerningspersonar. Her er det meir avhøyr som er nevnt, framfor taktisk etterforskning. Dette fungerer godt, og forfattar gjev oss tilbakeblikk og bruddstykker av historia rundt ekteskapet mellom Peter og Sofia. Me vert også dratt inn i ein mørk underverden der makt og korrupsjon speler ein stor rolle.

Dette er ei bok om hat, svik, hevn, makt, korrupsjon, mishandling, begjær, vold og eit stort morsinstinkt. Forfattar Katharina Holm klarar å skildra dette på ein vond og god måte. Sjølv om dette er ein roman, og kanskje ikkje alt er like realistisk, så ligg det til grunn ein god dose sannhet i teksten.

«Han dro henne ut fra badet etter håret, ut i den mørke gangen, vridde om låsen på balkongdøren. Hun registrerte at han sjekket om noen var på utsiden før han åpnet døren. Desperat hadde hun tatt tak i dørkarmen, forsøkt å holde imot. Men Peter var sterkere, og smertene fra hårrøttene fikk henne til å slippe grepet i karmen, og uten større kraft dyttet han henne ut. Kulden var som et slag mot den våte kroppen, og hun hadde følt seg fullstendig hjelpeløs.»

Det var ikkje lett å legga denne boka frå seg. Med cliffhangere, eit spennande plott, godt språk og mange interessante vinklingar vart dette ein page-turner for min del. Eg skjønar godt at denne boka vert relansert.

«Direktøren» er ei bok som startar roleg, men likevel er den spennande og interessant. Etterkvart byrjar ein å skjøna kva som vil skje, men ikkje anar korleis det vil ende. Forfattar held lesaren på pinebenken til siste ord er lest.

Dette er ei bok som fascinerer og overrasker. Den inneheld ikkje voldsomme scener og voldelige drap, likevel føler ein at ein har lest og opplevd det når boka er slutt. «Direktøren» burde absolutt vert filmatisert. Ei krimbok med thriller-element eg kan anbefala vidare.

TERNINGKAST: 5

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s