Etter Gud av Renato Bartolomei

Mannen som skal vera Gud, og hans hund Satan får ikkje fred. Ein ekspedisjon søker han for å vekke til live den sovende Gud i mannen. Mørke krefter jager for å tilintetgjera Gud. Ein surrealistisk roman med handling på 3 jordkloder.

  • Norsk tittel: Etter Gud
  • Forfattar: Renato Bartolomei
  • Sjanger: Roman
  • Antall sider: 520
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Boken Forlag

Renato Bartolomei bur i Arendal. Han har tidlegare utgitt dikt på Cappelens Signaler, og debuterte i 2018 som romanforfattar med boka «Speilboken» gjennom Gaveca Forlag.

Nokon trur at Gud er i eit menneske som går på jorda. Gus eller Gud om du vil, og hans hund Stan, eller Satan om du vil, er intetanende om den jakten det er på de sjølve. Ein ekspedisjon vert sendt ut for å finne Gud for å vekke skaparen i han. Ein anna ekspedisjon, Mørkets krefter, prøver også å finne Gud, for å knuse han. Vil dei klara å finna han? Kven finn han eventuelt fyrst? For Gud veit ikkje at han er Gud, og Satan er inntil vidare berre ein heilt vanlig hund.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Etter Gud».

Dette er uten tvil den særeste boka eg har lest. Den er totalt ulikt alt anna. Sjå for deg ein gjeng med forfattarar som følger i fotspora til kvarandre, nokre tar kanskje eit lite steg til sida, men malen og oppskrifta er den samme. Renato Bartolomei går 45 grader vekk fra denne gjengen, lager sine heilt egne fotspor og står igjen med denne unike boka. All ære til forfattarar som våger å begi seg ut på noko nytt.

Handlinga foregår på 3 planeter, alle er ganske så lik vår egen planet, og det er forsåvidt mennesker som er beskrevet. Nokre har egenskapar som eit normalt menneske ikkje har, men ein føler ikkje ein les ein sci-fi bok, sjølv om den har element av det.

På baksida av boka står der blant anna «Et eventyr med surrealistisk benmarg, med hjerte av absurdisme og mysterie, med blodomløp av religiøs art, og med nervegråder av humor og ironi.» At dette karakteriserer boka kan eg skrive under på. Spesielt dette med surrealistisk og absurdisme.

Eg sleit med å komme inn i handlinga. Dette var ei bok der eg måtte konsentrere meg om å lesa, og likevel måtte eg kanskje lesa setningar fleire gongar. Ikkje at det er dårlig skrevet på nokon måte, men det er til tider så surrealistisk at eg som lesar verkeleg måtte bruke heile hjernen på å forstå innholdet. Enkelte skrivefeil her og der er det, men ikkje av den grove sorten.

«Suppen på herberget er noe skvip, men det varmer i den kalde morgenen. En tannløs mann med bulkete hatt sier skvipet er kokt på rotter. Gjerne for meg, sier jeg, de er dyr de også. Men det velter seg i magen, Mester forbyr kjøtt.»

Eg liker idéen bak boka og eg liker tematikken; det mørke mot det lyse, det gode mot det onde osv.. Dette er ei litt religiøs bok, men samtidig er det ikkje da. Den inneheld egentlig da aller meste av sjangrar. Enkelte groteske skildringar av lemlesta folk og kroppsdelar er kanskje ikkje så lesevennlig for alle, sjølv om eg har sett det verre.

Det er fleire forteljarstemmer i boka. Me fylgjer spesielt Ato sine dagboknotater, og «Hovedseeren». Hovedseeren er personen som skriv om historia, godt hjulpet av Ato, som er ein av dei vanlige seerne. Personar i boka fortel at dei høyrer stemma til hovedseeren. Dette synes eg var eit artig verkemiddel. På den måten følte eg som lesar at da var mi indre stemma dei høyrde medan eg las.

Eit svevande og nesten litt filosofisk språk. Samtidig må eg nevne at det er ei interessant bok, og når eg no har lest den ein gong og skjønt skrivemåten og innholdet betre, trur eg at viss eg hadde lest boka ein gong til ville eg hatt langt større glede av den.

Eg vil tru at Bartolomei har brukt lang tid på å skape desse karakterene og dette universet, før boka vart utgitt. For det ligger bodskap og tematikk bak det meste. Karakterane er godt samansett og har sterke motsetningar til kvarandre. Universet hans burde nesten vert festet til eit lerret i ein kinosal. Eg trur denne boka ville gjort seg veldig bra som ein film. Forfatter er dyktig til å skildra omgivelsane og ikkje minst alle luktene.

Denne boka traff meg ikkje heilt. Men eg er heilt sikker på at det finnes mange der ute som vil like denne romanen veldig godt. Den byr kanskje på litt leserutfordring, men samtidig byr den på noko heilt nytt og unikt. Liker du surrealistiske og litt absurde bøker? Da er denne boka definitivt eit godt valg.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s