En grav å gå til av Jan-Erik Vik

Ein vennegjeng skjuler ein mørk hemmelighet. Kva skjer når ting byrjar å rakne tjue år etter? Dette er ein krimroman om kor langt eit menneske er villeg til å gå når ein vert pressa til det ytterste.

  • Norsk tittel: En grav å gå til
  • Forfattar: Jan-Erik Vik
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 266
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Vik Forlag

Jan-Erik Vik jobber som veileder i Aktiv fritid i Kristiansand kommune. I 2010 debuterte han som forfattar med novellesamlinga «Siste timen». Sidan har han gitt ut ytterlegare fire novellesamlingar. Vik har publisert over hundre noveller i ulike magasiner i Noreg, Danmark og Sverige. Han har også sin eiga podcast kalla «Krimnoveller», der han sjølv les sine eigne noveller. «En grav å gå til» er hans fyrste kriminalroman.

Ein vennegjeng på fem personar hadde inngått ei pakt om aldri å møtast igjen. Tjue år seinare byrjar alt å rakne. Vidar får ein telefon frå ein i gjengen om at dei må samlast att. Han reiser dermed motvilleg tilbake til heimstaden sin på Sørlandet, der han ikkje har satt sin fot sidan hendelsen for over tjue år sidan. Han møter igjen dei fire frå vennegjengen, og no er dei tvungen til å samarbeida for å skjule ein gammal forbrytelse. Dei står i fare for å mista alt dei har tjent opp i livet, så dei er nødt til å stola på kvarandre. «En grav å gå til» viser kor langt eit menneske er villeg til å gå, når ein vert pressa til det ytterste..

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «En grav å gå til».

Dette er ei bok om fem personar som bærer på ein mørk hemmelighet, og som er knytta til kvarandre, og er avhengig av at alle lever livet sitt videre og holder godt kjeft. Men kva skjer når dette så smått byrjar å rakne? Vidar er hovedpersonen i boka, og er «jeg-personen» i forteljinga. Me ser historia frå hans side. Parallelt med dette, kjem også Emil Ribe inn i bilete. Han er ein politietterforskar med byrjande problem i sitt privatliv.

På den eine sida fylgjer me personar som har gjort ein kriminell handling, og på den andre sida fylgjer me etterforskninga av dette. Så dette er litt ulikt det ein normalt les om i krimbøker. Her veit me allereie kven som er mistenkte, og kva dei har gjort. Eg syntes det var befriende å slippe å tenke og lure på kva, kven og kvifor, og heller berre la seg flyte med av historia.

Litt av historia foregår i fortid. Dette er skrevet i kursiv, og levner ingen tvil om at det høyrer fortida til. Det er heller ingen problem å veta kven kapittelet handlar om. Språket er lett og det flyt godt. Til tidar kan ein kanskje få ein liten følelse av at forfattar har skrevet mange noveller før. Ein kan kjenne att små kjenneteikn frå denne sjangeren. Men det øydelegg på ingen måte for historia, det legg heller til ein ekstra dimensjon til romanen.

Eg synes kanskje at måten enkelte ting skjedde på i boka virka lettvint i forhold til andre bøker. Eg vil ikkje gå så masse innpå det her, utan å røpa for masse. Men eg følte det vart litt urealistisk til tider.

Forfattar bruker tid på å komme inn i menneskesinnet, og skildra kva som skjer der under stort press. Det er mange gode skildringar og metaforar. Eg synes likevel at det også her vert litt ulogisk til tider. Men eg er ingen ekspert på området, og det er godt mogleg at dette faktisk forekommer. I så fall er det skremmende.

Tankegongen til fleire i boka vipper egentlig litt over til paranoia. Og det er kanskje ikkje så rart, med tanke på alt som står på spel. Dei er som nevnt ikkje berre avhengig av seg sjølv, men også av andre. Dette synes eg forfattar får meget godt fram i denne boka. Ein kan føla den febrilske panikkfølelsen gjennom karakterane.

«Vi mennesker har en livskraft som overstiger det meste. Men selv om vi lever, selv om vi overlever, så er sårene der. Arrene og tankene. De forsvinner aldri. I mitt tilfelle lå angsten der og murret konstant. Frykten for å bli oppdaget, innhentet og stilt til ansvar, lå alltid som en mørk skygge i sidesynet.»

Karakterane i boka er ikkje så veldig mange, men dei er vidt forskjellige. Nokre vert me godt kjent med, mens andre berre har ein perifer rolle. Hovedpersonane er godt skildra. Me vert kjent med dei både i privatliv og jobbmessig. Forfattar brukar også tid på å skildra litt av oppveksten, og kva som har forma dei som menneske. Dette er med på å skapa eit veldig godt heilhetsinntrykk av karakterane, og eg som lesar skjønar meir av kvifor dei tenker og gjer som dei gjer.

Boka tar fleire nye og overraskende vendingar. Så sjølv om eg som lesar kjenner til det kriminelle aspektet av saka, vert boka aldri kjedeleg. Eg har ikkje høyrt eller lest noko av Jan-Erik Vik sine noveller før. Men denne boka gav meirsmak, og eg vil sjekka ut dette nærare. Dette var ein god debutroman, og eg håpar da kjem meir frå den kanten framover.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s