Balder Bie treng hjelp då eit monster øydelegg blomsterenga. Tante Plante vert kontakta, men klarar ho å ordne opp raskt nok? Ei magisk debutbok frå forfattar Stine Heggedal.
- Norsk tittel: Tante Plante redder biene
- Forfattar: Stine Heggedal
- Sjanger: Barnebok
- Antall sider: 39
- Utgivelsesår: 2019
- Utgiver: Kolofon Forlag
Stine Heggedal er fra Oslo. Tidlegare har ho jobba med utleige av leiligheter. «Tante Plante redder biene» er hennes forfattardebut. Heilt sida ho var ung har ho hatt lyst til å verta forfattar. Fleire «Tante Plante» bøker er planlagt framover.

I Bjørkeby er det fredeleg og roleg, men plutseleg ein dag kjem eit monster og øydelegg blomsterenga til biene. Balder Bie skriv eit brev til Tante Plante og ber om hjelp. Ho skundar seg av gårde og får med seg fleire hjelparar på vegen. Blant anna Emmy Eplesaft og Sam Søledam. Men klarar dei å rekkje fram i tide? Og kva skal dei gjera for å overvinna monsteret og skaffa ei ny blomstereng til Balder Bie og resten av biene?
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Tante Plante redder biene».
Å skriva ei barnebok er ikkje så lett som ein kanskje skulle tru. Hvertfall ikkje når ein skal nå fram med fleire viktige budskap til barna i tillegg til at den skal vera spennande og engasjerande. Dette har Stine Heggedal klart, saman med sin dyktige illustratør Giulia Rivolta.
For ein kjem ikkje unna det faktum at bøker for barn i aldersgruppa 4-8 år er avhengig av å ha flotte bilete å sjå på medan ein blar i boka. Rivolta har illustrert fantastiske tegningar med flotte fargar som lysar opp sida lang veg. Det vert eit blikkfang straks ein blar om til neste side.
Starten på ei barnebok er også viktig. Skal du få barnet interessert i innholdet, må du ha barnet sin interesse med deg frå fyrste stund, ellers er det mange som berre koblar ut. Stine Heggedal klarar dette med ein enkel, men effektiv metode; ei due som bæsjar på hatten til fru Fisefin. Bæsjehumor er ein slager i den aldersgruppa. Vél gjennomført åpningsreplikk.
«Brevduen Daniel Due flyr over Bjørkeby og tenker over hvem han skal bæsje på idag. Han ser fru Fisefin kommer gående. Daniel flyr over henne og sikter. Splæsj!»
Likevel, det skal sjølvsagt meir til for at ei barnebok skal vera god og engasjerande. Og sjølvsagt har Heggedal tenkt på dette. Snakkande dyr, morosamme navn, litt magi og ein hemmelig verden er nokre av ingrediensane. Eit av bodskapa i boka er fellesskapet mellom menneske og dyr, og da å stå saman og hjelpa kvarandre i ein vanskeleg situasjon. Dette har forfattar klart å få fram på ein enkel måte, slik at barna også skjønner det.
Ofte i barnebøker vert det enten for masse akademisk lærepreg over teksten, eller det er ei historie uten mål og meining. Det gjelder å finne ein gylden middelvei. Det har forfattar gjort med «Tante Plante redder biene». Hovedbodskapet med boka er å verna om miljøet og ta vare på biene. Ein fin raud tråd gjennom heile boka, gjer at barn og voksne vil ta fram denne boka igjen og igjen.
Lengda på boka gjer at den er heilt perfekt som lesestund på sengekanten om kvelden, eller eit lite avbrekk frå kvardagen i sofaen. Dette er ei bok som fort kan verta ein favoritt blant barn, og som voksne ikkje går lei av å lesa med det fyrste, og som engasjerar og kan opna opp for mange fine samtaler før leggetid. Eg kan hvertfall anbefala denne boka varmt vidare til dei som har, eller kjenner nokon med barn i aldersgruppa 4-8 år.
TERNINGKAST: 6