Dakota rød av Lene Lauritsen Kjølner

Ein byggmester vert funnen drept ombord i eit Dakotafly. Olivia blir raskt engasjert i saka. Men den vert meir utfordrande enn da ho hadde sett for seg. Dette er bok nr 3 om privatetterforskar Olivia Henriksen.

  • Norsk tittel: Dakota rød
  • Forfattar: Lene Lauritsen Kjølner
  • Sjanger: Krimroman
  • Antall sider: 256
  • Utgivelsesår: 2017
  • Utgiver: Vigmostad&Bjørke

Lene Lauritsen Kjølner (Født 1962) er skribent og forfattar. Ho debuterte som forfattar med novella «Armer og Bein» i 2013. I 2014 kom den fyrste av til no sju bøker (2020) om privatetterforskar Olivia Henriksen. Med «Høyt henger de» vann ho Nytt blod-prisen for beste krimdebut. Ho har også gitt ut ei rekkje noveller.

Privatetterforskar Olivia Henriksen er på ferie i Frankrike. Der får ho beskjed om at byggmester Birger Bergesen vert funnen drept på eit fly heime i Noreg. Olivia vert raskt engasjert i saka, då oppdragsgjevar ikkje har den største trua på at politiet klarar å løysa denne saken fort nok. Men saka vert meir utfordrande enn Olivia fyrst såg for seg, og det vert ikkje enklare av at det går rykter på politistasjonen om hennes privatliv med Torstein Krohn.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Dakota rød».

Dette er bok nr 3 i serien om privatetterforskar Olivia Henriksen. Eg syntes denne boka handla meir om privatlivet til Olivia enn det handla om sjølve drapssaken. Ikkje at det er noko galt i det, for språket er i klassisk Kjølner-stil. Men berre eit lite obs til lesarar der ute som eventuelt forventar ei rein krimbok, så vert dei nok skuffa.
I dei andre bøkene hennes har politiet ein vesentleg rolle i historia. Men i denne boka har dei ei birolle. Denne handlar hovedsakeleg om Olivia Henriksen, både i jobb og som privatperson.

I utgangspunktet kunne dette vert ei rein Agatha Christie-stil av ei bok. Eit mord i eit Dakota-fly, med eit visst antall mistenkte. Men Kjølner er Kjølner, og ho skriv i sin heilt egen stil, som gjev meg befriande og gode lesestundar.

«Da Evert litt keitete kom luntende mot meg for første gang, iført verdens mest gyselige strikkegenser med skuldrene dekket av flass, hadde jeg satt ham på listen over offentlig ansatte som hadde den jobben de hadde på grunn av lang ansiennitet. Ikke på grunn av dyktighet. Jeg hadde måttet tygge i meg den listen et par ganger.»

Skal eg vera litt kritisk, så kom slutten litt brått på. Skulle ønskja at forfattar hadde brukt litt meir tid på å koma til dette stadiet. Føler ho «rusher» framdrifta litt på slutten av boka. Det er også i overkant med interiørsnakk til ei krimbok å vera. I mitt tilfelle reddar ho seg inn med at eg allereie har lest nokre bøker av ho, og er kjent med skrivestilen hennar, og finn den fascinerande og artig. Men som ei krimbok, føler eg kanskje denne faller litt gjennom.

Språket er lett og lekent, og dialogane har ein morosam snert som gjer dette til ein «feel good» krimbok og ein god lesaropplevelse.

Dette er typiske bøker for late sommerdagar i skyggen, eller på stranda, mens bølgeskvulpet avløysar måkeskrik i bakgrunnen. Men eg kan sannelig gå god for desse bøkene når det er mørkt og haust utanfor stoveglaset óg. Eg vert heller ikkje overraska om dei fungerar like godt ein kald vintersdag.

Viss du ikkje har lest nokon av bøkene til Lene Lauritsen Kjølner før, så kan eg varmt anbefala desse bøkene. Lettleste og med ein herleg og uskyldig humor, iblanda eit krimplott frå eit sommarsleg miljø på Ankerholmen.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s