Krim med psykologiske element som gjer den til ein page-turner av rang. Dette er fjerde bok om politioverbetjent Håkon Haakonsen og hans stab.
- Norsk tittel: Engelens fall
- Forfattar: Myriam H. Bjerkli
- Sjanger: Krim
- Antall sider: 299
- Utgivelsesår: 2021
- Utgiver: Strawberry Publishing
Myriam H. Bjerkli (Født 1963) er blant anna frilansjournalist, oversetjar og er forlagssjef i Forlagshuset i Vestfold. Ho debuterte med ei dikt og novellesamling i 2006 i samarbeid med to andre, før ho i 2007 gav ut si fyrste ungdomsbok. Den heiter «Cyprianus» som også vart til dansk. Etter ei rekkje med diverse utgivelsar, kom ho med si fyrste krimbok, «Lille Linerle» i 2017. Så fylgde «Stella Polaris» i 2019 og «Djevelens Yngel» i 2020. Desse tre bøkene utgjer Kodal-trilogien. «Engelens fall» vart utgitt i 2021.

Vibeke Olden har aldri vært redd for mørket. Ikke før nå. Det var for et halvt år siden de underlige tingene begynte å skje. De tause telefonene fra ukjent nummer. Bilen, som det stadig er noe i veien med. Parfymen, som bare ble borte. Vibeke frykter at hun er i ferd med å bli like gal som moren sin. Eller er det virkelig noe som truer henne?
17 år gamle Angela fra Sandefjord er alene i verden. Hun lever som stripper og prostituert, men er sakte i ferd med å reise seg. Så en dag blir hun borte. Politiførstebetjent Håkon Haakonsen mottar meldingen om at Angela er savnet. Han tar den på alvor fra første stund.
I jakten på Angela og på hva som har skjedd med henne, skal han bli stilt overfor en umenneskelighet han ikke trodde var mulig.
Denne gangen er boka tatt frå eiga bokhylle, og er dermed IKKJE eit lesereksemplar.
«Engelens fall» er den fjerde boka med politioverbetjent Håkon Haakonsen i hovudrollen. Dette er ein frittstående krimroman, der ein ikkje treng å lesa tidlegare utgivelser for å få fullt utbytte av romanen.
Eg gav «Djevelens yngel» terningkast seks, og skreiv at lista var lagt. Siden Bjerkli gav ut Kodal-trilogien, har ho skifta forlag til Strawberry Publishing. Det er alltid spennende å sjå kva dette har å seia for ein forfattar. Eg kan vel seie såpass at ho ikkje riv den lista med «Engelens fall».
Denne krimromanen inneheld god gammaldags politikrim, men er óg ein psykologisk krim. Bjerkli skildrer ei kvinne som føler ho vert overvåka og forfulgt. Kva er realitet og kva er det eit menneskesinn skapar på eiga hand? Det er nervepirrende og er ei historie i seg sjølv, og som gjer til at boka blir ein page-turner, då me fylgjer fleire personer parallelt.
Vibeke tråkket på gassen. Toyotaen bykset bakover, støtfangeren skrapte inn i murveggen før hun rakk å presse ned bremsen. Hun stønnet, satte bilen i første gir og kjørte forsiktig framover. Hva var det egentlig som feilte henne? Hun pleide da aldri å være slik, engstelig og nervøs, stadig kikke seg over skulderen med følelsen av at noen eller noe holdt øye med henne. Skygger som forsvant, lyder uten eier. Det var aldri noen der, bare hennes egen angst og denne skremmende følelsen av å bli iakttatt.
Historia foregår i Larvik og Sandefjord, noko som gjer til at forfattar sitter inne med lokalkunnskap, og dermed flyt også teksten like lett som ei fjør på eit roleg vatn.
Eg synes det var gledelig få karakterer med i romanen. Dette gjer til at den vert oversikteleg, og ein kan lene seg bakover og berre ta til seg alle inntrykka, framfor å måtte «pugge» navn, titler og slektskap på personer. Eit veldig godt trekk, sjølv om det kanskje går litt utover overraskelsesmomenta her og der.
Dette er kanskje ikkje krimboka med det djupaste plottet, men det er likefullt ei særs bra krimbok. Den sitrende spenninga, det psykologiske spillet og nerven i boka vég opp for dette. Språket er i ein eiga klasse, og eg klarar ikkje å skildre det på ein god nok måte. Les sjølv, og du vil forstå kva eg meiner.
Han hadde sett det mange ganger før. Døde mennesker, selv de som døde en fredelig død, mistet noe i dødsøyeblikket. Som om mannen med ljåen ikke bare tok med seg pulsen og pusten, men samtidig visket vekk personlighet og utstråling, det som hadde gjort den døde spesiell.
Bjerkli har denne gangen beveget seg inn i prostitusjonsmiljøet. Det er enkelte scener med seksualisert språk, men ikkje verre enn at eg trur dei aller fleste kjem seg greit gjennom. Forfattar er dyktig på å skildre miljø og sinnsstemninger. Det er til tider dystert, og ein vert både oppgitt og sint, men samtidig får ein medkjensle.
Innad i politiet er det godt samhald. Her har forfattar styrt unna interne konflikter, og den klassiske politireforma og det som fylgjer med. Teamet som ledes av Håkon Haakonsen må verkeleg bruke all sin kløkt for å ha håp om å komme til bunns i denne saken. Det er etterforsking, vitneavhøyr og teorier som preger arbeidskvardagen. Me fylgjer også gjerningsmann/kvinne, og får eit innblikk i kva og kvifor vedkommende gjer som han/ho gjer.
Me får heile tida servert små drypp frå fortida til enkelte av karakterene, som gjer at ein sakte men sikkert klarar å danne seg eit bilete av kvifor ting er som dei er. Dette er eit godt verkemiddel, som forfatter meistrar til det fulle. Eg vil også nevne at Bjerkli har brukt god tid på sluttpartiet. Det er ikkje rusha på noko som helst måte. Her får eg som leser tid til å puste, og «kose» meg med oppklaringa.
Det er enkelte få forfattere som har ein skrivemåte som kan få kjedelege bakeoppskrifter til å virke spennende, og Myriam H. Bjerkli er ein av desse. Sjølv om det ikkje alltid skjer like masse heile tida, er det likevel ein nerve som ligg der boka gjennom, som gjer at ein berre må lese videre, sjølv om klokka tilsier at ein bør legge den fra seg.
Unni Lindell, Anne Holt og resten av den kvinnelege krim-eliten; Dere har fått celebert besøk av ei dame fra Vestfold som heiter Myriam H. Bjerkli. Dette er krim på sitt beste!
TERNINGKAST: 6