Maria, Maria av Nina Ring Amundsen

Ei barnebok med ei varm forteljing og eit godt bodskap.

  • Norsk tittel: Maria, Maria
  • Forfatter: Nina Ring Amundsen
  • Sjanger: Barn
  • Antall sider: 111
  • Utgivelsesår: 2024
  • Utgiver: Kontur Forlag

Nina Ring Amundsen debuterte med barneboka «To korte og en lang» i 1987, som også vart utgitt i USA og Tyskland. «Maria, Maria» som vart utgitt i 2024, er hennes andre barnebok.

Maria er en uvanlig jente som bor i et uvanlig hus på et uvanlig sted og da er det ikke så underlig at det hun opplever er noe helt uten- om det vanlige. Før ble barn som Maria gjemt bort på institusjoner ute av syne. Nå er disse barna midt iblant oss og de beriker oss for de er ikke så uvanlige likevel. Og hva med Maria? Vi følger henne ut i den store verden og er hun egentlig så annerledes?

Denne boka er eit leseeksemplar frå Kontur Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Maria, Maria».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette

Dette er ei barnebok, der målgruppa er satt til 6-9 år.

Me møter Maria. Ho er ei jente litt utenom det vanlige. Ho er plassert på ein institusjon i lag med andre born som også har sine plager. Når denne institusjonen vert lagt ned, må Maria flytte. Eit eldre ektepar tar ho til seg, og ho flyttar inn i eit hus ved ein skog. Her får endelig Maria utfolde seg, og er ho eigentleg så annerledes så det folk skulle tru?

Maria er hovedkarakteren i denne boka. Ho vert 7 år, og er plassert på Jonsokhjemmet, som er ein plass for mentalt utviklingshemmede born. Maria sitt største ynskje er å få gå på skulen i 2.etasje og lære seg å lese og skrive, men pleierne meiner ho ikkje har noko der å gjere. På hjemmet er det plassert fire guter og fire jenter. Dei vert strengt overvåka av strenge ansatte, der enkelte tyr til fysisk avstraffelser når borna utagerer, eller gjer noko dei ikkje burde.

Forfatter går ikkje i dybden på dei andre karakterene. Og det er heilt greit, for dei er berre ein liten del av det heile. Men sjølv om Amundsen berre skraper på overflata der, så får me eit inntrykk av kva som feiler dei, og kva dei må stå i medan dei er pasienter på hjemmet.

Maria har ein hovudskade og er utan språk. Men når Synne, som er ei nyansatt nattevakt ved hjemmet, kjem i kontakt med denne jenta, så oppstår det eit bånd mellom dei to. Synne er ei dame som ser personen bakenfor den ytre maska. Eller rettere sagt, ho er den einaste som ser Maria i det heile tatt. Dette vert starten på ei oppblomstring av Maria som karakter og person.

Maria tok kjeksen og bet av en bit. Den smakte tørt. Hun torde ikke se på Synne, for det var akkurat dette hun hadde lengtet etter. Maria kjente duften av den søte teen og ønsket at alle kvelder kunne være som denne. Alt det vonde ville bli bra hvis hun visste at når kvelden kom, satt Synne på kjøkkenet og sa «kom inn, Maria». I hvert fall frem til sommeren.

Det er eit vanskeleg tema forfatter er inne på. Særskilt når det skal forklares til ei målgruppe på 6-9 år. Då synes eg det er viktig å forklare ord og uttrykk på ein forståelig måte. Det føler eg ikkje at Amundsen gjer her. På mange måter legg ho den oppgåva i hendene på den som les. For mange er det kanskje like greit? Men eg meiner uansett at ein viss forklaring burde vert med.

Det er også ein del tunge og lange miljøskildringer. Målgruppa er ei gruppe som er i startfasen av å sjå ting visuelt. Då må ein vere klar, tydelig og effektiv i utgreiinger. Viss ikkje er det lett for at bornet vert ukonsentrert og fell ut av historia.

Bak vinduet på den ene siden av inngangen lå kjøkkenet, bak vinduet på den andre siden av døren var kottet og tørkeskapet og trappen opp til annen etasje. Bak den igjen lå spisesalen. Spisesalen hadde vinduer ut mot hagen og alle epletrærne, det hadde lekeværelset også, som lå på siden av spisesalen. Gjesteværelsene lå bak de to vinduene i annen etasje, som vendte ut mot veien. Skolestua og Bestyrer-Grethes kontor lå ut mot hagen.

Bodskapet er veldig viktig. Her synes eg at forfatter gjer ein strålende jobb med å belyse nettopp dette. Dette er som ein raud tråd boka gjennom. Ho får fram at mennesker er annerledes, men likevel normal. At ingen mennesker er like, men at når ein ser bakenfor det ytre, så er alle mennesker like mykje verdt, uavhengig av alder, kjønn, skavanker, utseende eller nasjonalitet.

Det er ein varm og fin forteljing Amundsen serverer, men den er også hjerterå og trist. Ho set fokus på ei sårbar gruppe, der mobbing og utenforskap er ein del av kvardagen for veldig mange. Ho blender inn fortid og nåtids syn på denne gruppa. Der dei før vert lagt i seng og spent fast med reimer og vest og vart fysisk avstraffa, og til nåtidens perspektiv kvar dei er å finne midt iblant oss, og beriker kvardagen.

Eg likte godt det sceneskiftet forfattar tar når Maria faktisk får omsorg og blir sett. Ein heilt ny person trer fram i hovedkarakteren, og Amundsen klarer på ein forbilledlig måte å fremme bodskapet på ein veldig fin måte.

«Maria, Maria» er ein varm og fin forteljing om det å ikkje være «normal». Forfatter Nina Ring Amundsen viser med denne historia at ein aldri skal forhåndsdømme. Bodskapet treff målgruppa godt, og er som ein raud tråd boka gjennom.

TERNINGKAST: 4-

Legg igjen en kommentar