Overløperen av Maarten De Mol

Ein spenningsroman frå Noreg under andre verdskrig.

  • Norsk tittel: Overløperen
  • Forfattar: Maarten De Mol
  • Sjanger: Spenningsroman
  • Antall sider: 493
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Thuis Forlag

Maarten De Mol er eit pseudonym. Bak dette navnet har me Arne Blakkisrud og Ingrid Sande Larsen. Blakkisrud er utdanna barnehagelærer og har gått på Filmskolen på Lillehammer. Sande Larsen driver Skrivelivet, og jobbar med kompetanseutvikling i Flyktninghjelpen. I 2022 gav dei ut spenningsromanen «Overløperen».

En sommerkveld i 1944 blir en mann funnet død i en myr. Rolf Monsen mistenker at det kan være en flyktning han fraktet fra Son og videre mot Sverige.
Den tidligere lensmannsbetjenten nøster opp i saken. Kan svogeren Tore, som han trodde han kunne stole på, være innblandet? Har kollaboratøren Tommy Bø i Moss noe med dødsfallet å gjøre, og er han så farlig som ryktene sier?
Ingen har lyst, men den rappkjeftede Monsen og den unge, overivrige Even Sagen må samarbeide for å finne svar. Svar på hvem som er mordere, hvem som er forrædere og hvem som er gode nordmenn. Og på et spørsmål som melder seg for flere: Hvem kan du egentlig stole på?

Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Overløperen».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein spenningsroman der handlinga foregår i Noreg under andre verdskrig.

Det fyrste som møter ein i boka er ein oversikt over persongalleriet. Det er såpass mange personer med i denne romanen, at forfatterne har gjort det heilt riktig ved å legge inn dette. Særskilt i starten av boka vil mange nytte seg av dette, då karakterene vert introdusert i historia over ein lav sko.

Historia er lagt til Noreg august og september i 1944. Det er fyrst og fremst i Son det foregår, men ein er også innom både Våler og Moss. Det aller meste er rein fiksjon, men det er element av historiske hendinger med. Som f.eks sabotasjeaksjonen mot Laksa-anlegget er ein reel hending, sjølv om utførelsen av den er oppdiktet.

Fra nyhetene visste han at de allierte allerede befant seg i Paris. Det var et spørsmål om tid før de rullet inn over den tyske grensen. Det som gjaldt nå, var å sitte stille i båten. Han ville ikke bli stilt til ansvar for hodeløse represalier når krigen var over.

Boka er delt inn i fleire deler, innehar korte kapitler og ein og anna cliffhanger. Spenningsnivået er veldig opp og ned, men her er det fyrst og fremst historien som er viktig. Det bygger seg sakte opp mot noko stort, før ein får litt spenning, krim og thriller-element om ein annen.

Romanen handler om blant anna provokatører, infiltrering og kollaboratører. Motstandsgruppene under den andre verdskrig var mange. Dei hadde tøffe forhold å jobbe under. Ikkje berre skulle dei planlegge og utføre oppdrag, men dette skulle skje i all hemmelighet, og med minst mogleg involvering av personer. Ein kunne aldri vite kven ein kunne stole på. Møtte ein på ein overløper, var operasjonen blåst og ein kunne risikere både liv og helse. Og nettopp her er bokas styrke etter min mening. Ein får eit veldig godt bilete på korleis dette utspilte seg gjennom romanen.

Monsen merket at samvittigheten begynte å murre. Han burde blitt med hele veien. Selv om de var trygge på opplegget sitt, visste en aldri. Et eller annet sted kunne det svikte. Noen sa eller hørte noe de ikke skulle. Når han tenkte på det, var han nesten fristet til å snu og gå tilbake.

Ei lita gruppe smugler flyktninger over til Sverige. Men plutseleg er det noko som går galt. Mest sannsynleg er ein i gruppa involvert. Men kven? Og kvifor? Er det snakk om ein overløper? Ein kollaboratør? Spørsmåla er mange, og sakte men sikkert kjem me nærare fasiten etterkvart som historia utspeler seg.

Persongalleriet er stort, og karakterene og motsetningene er vidt forskjellige. Dermed er alt duket for intriger, hemmelighold, mistenkeliggjøring og krangler. Eg skulle gjerne ønsket at ein kom enda meir under huden på hovedkarakterene. Ein får eit lite bilete av korleis dei er som personer, men det skrapes berre i overflata.

Boka føltes innimellom litt langdryg. Eg satt med følelsen av at den kunne vert kortet ned, utan at det hadde gått ut over kvaliteten i innhaldet.

Plottet og språket er godt, og dialogene føles naturleg og flytende. Eg liker miljøskildringene når det drar seg til, når mørket siger på og alvorets time står for trappa. Då merka eg at eg byrja å lese fortere og var meir konsentrert, noko som alltid er eit positivt teikn.

Eg sakna enda meir følelsen av å være i eit okkupert Noreg. Ja, det er tyske vaktposter/veisperringer og tyske brakker her og der. Men det er lite frå dagleglivet generelt. Alle ser ut som dei får meir enn nok med mat, rasjonering er nærast fråverande, og folk lever meir eller mindre som ein kunne gjort kvar dag som helst.

Historia er bygd opp slik at alt saman kan falle som eit korthus om ein person forsnakker seg, eller byrjar å snakke under eit avhør. På denne måten ligg det ein konstant nerve der. Tenk deg følelsen av at ein du kjenner, og som veit for masse, vert innhentet av tyskere for avhør.. Vil han snakke, vil han røpe navn? Seinere på kvelden banker det hardt på døren heime hos deg… Den følelsen sitter ein med når ein les boka. Det er til tider intenst, sjølv som det kanskje ikkje foregår all verden i sjølve historia. Men nerven og spenninga er der, og her har forfatterne gjort ein solid og god jobb.

Nevene knyttet seg mens minnet kom tilbake. Han ville grått, men det var som om det ikke var flere tårer igjen. Det var det verste han noensinne hadde opplevd. Verre enn å måtte flykte fra en som skjøt. Verre enn å gjemme seg under granbar i lyngen med tyskere noen meter unna. Ennå hadde kanskje ikke det verste øyeblikket kommet. Hvem visste hva som ventet ham på veien til Sverige?

Det finnes mange lignende bøker, men denne er likevel original og nytenkende. Eg synes at forfatterne har valgt ei god vinkling på det enkeltpersoner og grupper foretok seg i det skjulte. Ei vinkling som føles meir naturleg og interessant enn det mange andre bøker innehar.

«Overløperen» er ein interessant og velskrevet spenningsroman frå andre verdskrig. Ein kjem nært innpå det som foregikk i det skjulte, og nerven ligg som eit lokk over heile romanen. Eg håper det kjem fleire bøker frå forfatterne bak pseudonymet Maarten De Mol.

TERNINGKAST: 4+

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s