Den gylne stjerne av Lena Lindahl

Ein sterk ungdomsroman frå krigens dager med ein lite kjent del av vår krigshistorie.

  • Norsk tittel: Den gylne stjerne
  • Forfattar: Lena Lindahl
  • Sjanger: Krigsroman, Ungdom
  • Antall sider: 204
  • Utgivelsesår: 2022
  • Utgiver: Cappelen Damm

Lena Lindahl (Født 1971) er journalist og forfattar. Ho gav ut si fyrste bok i 2012, biletboka «Verdens første ballongferd». Sidan har ho gitt ut ei rekke med barne – og ungdomsbøker. Mest kjent er ho for boka «Jenta i veggen» som kom ut i 2018, og som var ei sakprosabok om ei norsk-jødisk jente som gjemte seg for nazistene. I 2022 gav ho ut «Den gylne stjerne».

Femtenårige Harald opplever hets og utfrysning fordi foreldrene er i NS. Han får han tilbud om være med opp i steinbruddet der russerfangene jobber – han skal lære seg hvordan man behandler såkalte undermennesker.
I arbeidsleiren får Harald kontakt med en gutt på sin egen alder, Viktor, som han snart forstår at er i livsfare. Gjennom noen hektiske måneder mot slutten av krigen settes Harald på store prøver.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Cappelen Damm. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Den gylne stjerne».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein ungdomsroman som passar best for målgruppa 12-16 år, og skildrer blant anna situasjonen for russerfangene i ein arbeidsleir i Narvik.

Harald er 15 år og jeg-personen i boka. Han bur saman med morsan og farsan som han kaller sine foreldre, katten Anna og nokre kaniner. Han er NS-sympatisør sidan foreldra hans er det, og bærer nåla på jakka si med stolthet. Han vert stempla som ein sviker blant sine klassekamerater. Dette gjer til at skuledagene og fritida hans vert tøff, der han vert utsatt for fysisk og psykisk mobbing og vold. Willy Pedersen, som er ein einsleg nabo og ein stor NS-sympatisør, speler ein stor og viktig rolle i romanen. Han styrer og steller oppe i arbeidsleiren, og bruker gjerne fysisk vold på dei sovjetiske fangene der, og får Harald til å fylgje i hans fotspor. Etterkvart byrjar Harald å få opp augene på kva det er som faktisk hender, og han står overfor mange vanskelege val.

Jeg får lyst til å fortelle ham hva Norge kan oppnå dersom alle blir med. Alle burde høre på føreren, Vidkun Quisling. Det kan nesten sammenlignes med storfamilier med masse unger som hyler og krangler: Man trenger et bestemt familieoverhode som skiller mellom rett og galt og holder orden. Ellers blir alt bare tull.

Det er relativt få karakterer med, så boka er oversikteleg. Ein kjem aldri under huda på personene, men nokre stikk seg ut og ein får hvertfall eit godt innblikk i deira situasjon og kvardag.

Ein fylgjer hovedsaklig krigsdagene på slutten av 1944 og fram til krigens slutt. Tyskerne er på retrett, Finnmark står i full fyr, og det vert stadig vanskeligere å vere eit NS-medlem og forsvare sin ideologi medan folk flykter frå hus og heim litt lenger nord.

Kontrastene mellom Harald og Viktor kunne ikkje vert større. Harald bur like ved arbeidsleiren og kjem og går som han vil. Sjølv om det er stor matrasjonering i bygda og lite råd, klarer morsan alltid å bytte til seg mat, og han går aldri svolten til sengs. Viktor er ein sovjetisk fange som vert utsatt for umenneskelige arbeidsforhold, får knapt mat, klærne heng i remser rundt han, og er utan sko vinterstid. Etterkvart vert han sjuk, og den einaste som kan redda han er Harald. Men kan ein som er fascinert av NS sin ideologi og som er blitt tatt inn i varmen, setje sitt eiga liv i fare for å forsøke å redde ein fiende?

Plakaten er der ennå. De svarte bokstavene roper:
«Enhver forbindelse med sovjetrussiske fanger, ved tale, tegn eller et hvilket som helst forsøk på å gjøre seg forståelig, er forbudt.»
Og ikke nok med det:
«Enhver forbindelse med personer tilhørende en fiendtlig makt er spionasje og straffes sådan med døden.»

Det er mange moralske valg og store samvittighetskvaler som vert sett i sving i denne romanen. For ein 15-åring er dette meget tøft å ha hengende over seg, i tillegg til å bli fryst ut av sine medelever og lærer.

Forfatter skildrer ei mørk side av norsk krigshistorie. Ho bruker korrekte historiske fakta og gir ein fin innsikt i ein skamplett som sjeldan kjem fram i lyset. Ho drar også fram fangeleiren i Beisfjord, og henviser til den store tragedien i 1942, der fleire hundre personer vart henretta etter ordre fra okkupasjonsmakten.

I grupper på rundt tjue… stilt på kanten av grøftene og skutt. Flere hundre. De ramlet oppå hverandre… falt nedi. Grøfta fløt over av blod… brøt det ut panikk, og en del av fangene flyktet inn i brakkene.
-Som nazistene tente på, sier morsan kort,

Det er eit godt språk som vil treffe ungdommen. Kapitlene er passe lange og det er lagt opp til korte setninger. Handlinga er oppdiktet, men med eit historisk korrekt bakteppe vil det likevel opplyse leseren med stor intensitet. Det kan føre til ei større interesse for kva som eigentleg skjedde i desse leirene, og om krigshistorie generelt.

Lindahl bruker den danske langdistansesvømmeren Jenny Kammersgaard ofte i teksten. Dette er det store forbildet til Harald, og han trekk stadig frem hennes bragder i sine tanker. Det er alltid interessant når ein forfatter trekk inn ekte mennesker i ei forteljing, og skaper ein nysgjerrighet rundt kven denne personen er. Eit godt verkemiddel som forfatter lykkes stort med her.

Som vaksen leser vart eg ikkje heilt grepet av forteljinga, og det vart litt for forutsigbart. Dette kjem av at det vart for omstendelig og forklarende. Men dette kjem ungdommen og målgruppa til gode. Når dei har lest ferdig boka sit dei nok ikkje igjen med mange spørsmålsteikn, men heller med ein større kunnskap om krigens dager.

Det er ein sterk historie som blir servert, og den innehar gode miljøskildringer. Ein lokalkjent kan nok kjenne att stedene, og etter å ha lest boka kan ein nok gjenkjenne plasser ved å besøke stedet. Dette gjenspeiler resten av historia også, i den forstand at det føles virkelighetsnært.

I motsetning til mange andre bøker i denne sjangeren er det ingen cliffhangere ved kapittelslutt. Det fungerer likevel utmerket i denne romanen, sidan den innehar mange element som driv historia videre.

«Den gylne stjerne» er ein sterk ungdomsroman som formidles med stor kunnskap og innsikt. Det er mange moralske val som må takast, og det vil setja følelser i sving. Med sitt gode språk er dette ein roman alle ungdommer bør lese, for å få betre forståelse for kva som faktisk har skjedd i Noreg under den andre verdskrig.

TERNINGKAST: 5-

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s