Dette er ein poetisk sjølvbiografi om sitt eiga sjelebilete, og korleis lyset og kjærleiken strømmer gjennom kroppen.
- Norsk tittel: I kraften av kjærlighet
- Forfattar: Elisabeth Naustdal Stormark
- Sjanger: Poesi
- Antall sider: 73
- Utgivelsesår: 2022
- Utgiver: Elisabeth Naustdal Stormark
Elisabeth Naustdal Stormark (Født 1963) bur på Sotra utanfor Bergen. Ho kom ut med bøkene «Sjelebilde», « Poesi fra sjelen» og «Poesi om havet» i 2020. Ho gav óg ut «Kunstens virkning på oss», «I lyset av fullmånen», «Fjellets visdom» og «Blikkets betydning» i 2021. Sidan har ho gitt ut ei rekkje med poesibøker, Ho har óg gitt ut CD og lydfiler. Stormark har tidlegare arbeida som medisinsk sektretær, og driv no med maling, skriving, musikk og healing. Ho driv Galleri Stormark Everything in Nature.

Fra forordet: «For en stund siden ble jeg så fasinert av lyset i naturen, jeg forsto etterhvert hvorfor. Jeg skulle bli oppmerksom på at jeg nå sto i mitt lys, noe som gav meg indre ro. Vibrasjonen min hevet seg, og fylte meg opp med det healende lyset. Det som tenner lyset i meg er mitt kall. Jeg var en lysarbeider, som om jeg skulle formidle kjærlighetsenergier videre fra lyset/Gud. Det var på tide å skinne mitt lys. Jeg har et ønske om å hjelpe andre, og bringe lys til verden. Jeg hentet det gudommelige lyset. Jeg inspireres av lyset. Det gir meg håp, energi, påfyll og kraft.»
Denne boka er eit leseeksemplar frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «I kraften av kjærlighet».
I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.
Dette er ei bok der dikt og forteljande poesi går hand i hand.
Eg la raskt merke til at Stormark har viket litt fra det normale sporet ho har fylgt tidlegare. I denne boka er det meir heile setninger, der ho forklarer meir om korleis ho inspireres av lyset og kraften som strømmer gjennom ho. Det er dikt innimellom, men fyrst og fremst er dette det eg vil kalle ei sjølvbiografisk poesibok. Formatet er også ein tanke mindre enn hennes forrige utgivelser.
Stormark skriv om sitt eiga liv. Ho skriv utelukkande om den krafta ho får gjennom sine turer i naturen og korleis naturen, og i dette tilfellet trærne, gir ho energi og kjærleik til å møte kvardagen.
Bileta i boka er for det meste kunstfoto, der bilete av trær er gjennomgangsmelodien. Det er ingen system på plassering av bileta, og det kan virke litt rotete viss ein studerer oppsettet. Bileta i seg sjølv er både ekte og kunstneriske. Det er óg enkelte overskrifter, men skulle gjerne sett at det var fleire og betre skilje mellom tekstene.
Denne gongen er det lys og mørke som er tema. Ho fokuserer mest på lyset, og ein kan kjenne på den positive energien i formidlinga gjennom tekst og dikt. Ho skildrer lyset som strømmer gjennom sjelen og på denne måten er det kjærleiken som vinn over mørket. Dette er temaet frå a til å og ho viker ikkje frå dette.
Lyset er min sjel som skinner for evig.
Kjærlighet og glede får større plass i mitt liv.
Det mørke og tunge slipper taket.
Forfatter er flink til å bruke naturen som både inspirasjonskjelde og metaforisk. Her skildrer ho sin indre kraft og kjærleik og korleis dette kanaliserer ut til omgivnadane og menneska rundt ho. Som vanleg skriv ho rett frå hjartet og har med eigne tanker og opplevingar.
Det er mykje klokskap og visdom i det ho skriv. Det aller meste gir meining, som f.eks viktigheten av å ha ein stor indre sjølvtillit som kan ta i mot ein fallende ytre sjølvtillit. Ho peiker også på dei mange aspektene rundt det å opne opp sjelen og sinnet for å slippe inn lyset og kjærleiken, og kor enklere det er å møte kvardagen med positivitet frå topp til tå.
Treet er eit metaforisk bilete gjennom heile boka, og ho skriv også om Guds skaperverk og eit åndeleg ankerfeste. Alt dette gjennom eiga erfaring og livsvisdom.
Jeg stråler i mitt lys.
Jeg handler ut ifra kjærlighet.
Jeg lener meg tilbake i tillit.
Det gudommelige kraft og hvite lys omfavner meg.
En bevissthet høyere enn meg selv.
«I kraften av kjærlighet» er ein poetisk biografi om forfatterens eiga sjelebilete. Det oser positivitet og eit stort engasjement om å hjelpe andre mennesker til å få ein betre kvardag, og få kraft og positiv energi som kan smitte over på andre mennesker.
TERNINGKAST: 4+