Uvigslet jord av Agnes Lovise Matre

Levningar frå ein tenåring vert funnen i jorda. Tenåringen har aldri blitt meldt sakna, og saka kjem til å få store fylgjer. Dette er tredje bok om lensmannen Bengt Alvsaker.

  • Norsk tittel: Uvigslet jord
  • Forfattar: Agnes Lovise Matre
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 364
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Gyldendal

Agnes Lovise Matre (Født 1966) er adjunkt og forfattar,og er busatt i Haugesund. Ho bokdebuterte med romanen «Stryk meg over håret» i 2012, før «Kledd naken» kom ut i 2015. Etter dette har ho gitt ut tre krimbøker om lensmannen Bengt Alvsaker. «Skinnet bedrar» (2017) «Iskald» (2019) og «Uvigslet jord» (2021) Ho vart tildelt den litterære krimprisen «Sølvkniven» i 2020 for boka Iskald.

Da gøymer seg langt meir enn kravlande insekter og mark under svart jord. Under hagearbeid på Vavollen i Øystese blir levningane av ein tenåring funnet i jorda, ein ung gut som aldri har blitt meldt sakna. Etterforskninga av drapet avdekker lag på lag av skyld, skam og unnfallenhet, og truer med å avsløre hemmeligheter som kan få voldsomme konsekvenser for mange i den litle bygda. Lensmann Bengt Alvsaker må grave djupt i bygdas ugjerninger og utbredte fordommar for å finne ut av sanninga om kva som skjedde, den gong for tretti år sidan.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Uvigslet jord».

Dette er bok nr. 3 om lensmann Bengt Alvsaker. Eg har ikkje lest dei to andre bøkene, så det er mitt fyrste møte med denne karakteren. Boka kan fint lesast frittståande.

Handlinga er lagt til Hardanger i mai 2018, der levningar av ein tenåring vert funnet nedgravd. Samtidig tar forfattar oss med tilbake til ting som skjedde i 1983 på same plass. Kapitla har klare overskrifter som gjer at det aldri levner nokon tvil om kva tidsperiode me befinn oss i.

«Uvigslet jord» er spanande og engasjerande frå fyrste stund. Da vert tidleg klart at dette har med homofili å gjera. Korleis var det å veksa opp på 80-talet i ei lita bygd, og samtidig vera homofil når innstillinga om at ein homofil var «en sånn som andre kalte syk» (sitat frå boka) som var ein vanleg tanke? Med fordomsfulle foreldre og vener kunne ein ikkje ha ein vanleg og trygg oppvekst. Kva gjer dette med eit menneske? Matre har skrevet ein krimroman om eit viktig tema som fortsatt er dagsaktuelt.

Da er fleire historier i romanen som gjer at den aldri vert kjedeleg. Nokre foregår i privatlivet, medan andre er i jobbsamanheng. Felles for desse bi-historiene er at dei er spanande på kvar sin måte. Sjølve plottet står fjellstøtt, og er ei truverdig forteljing om eit miljø som folk mislikte.

«Veien til Voss husket han lite av. Adrenalinet hadde hindret ham å tenke klart, men jaget ham framover. Med hodet bøyd, da han skulle gå om bord på toget, dro han kjensel på morentil en klassekamerat og fikkpanikk. Den første halvtimen satt han på toalettet, fullt klar over at det var et tidsspørsmål før han ble etterlyst. Oslo var ikke langt nok unna.»

Lensmann Bengt Alvsaker er samboer med Lerke Ribenholt. Lerke er kriminalteknisk etterforskar, og dermed både bur og jobbar dei tett saman. I dette forholdet sleit eg litt med å skjøna dynamikken dei to har seg i mellom. Kanskje eg ville skjønt meir viss eg hadde lest dei to andre bøkene i denne serien fyrst?

Boka er ein klassisk politikrim med etterforskning, obduksjonar, vitneavhør, DNA-tester, hypoteser og eit stort puslespel som skal leggast for å skjøna heile biletet. Her finn ein veldig lite konfliktar, og teamet til lensmannen får jobba i fred utan innblanding frå høgare hold. Dei samarbeider med Kripos, også dette går rimelig knirkefritt. Normalt ville ein kanskje hatt med nokre konfliktar for å skapa motsetningar og ha ei historie rundt dette, men denne boka har så masse annet å by på, at det rett og slett ikkje er nødvendig. Eg er glad for at Matre har valgt å fokusere på etterforskningsdelen i denne romanen.

Da er mange og spanande karakterer i boka. Ein del navn vert da etterkvart, der nokre er meir overfladiske enn andre, men samtidig så har dei fleste ein eller annan innvirkning på etterforskning og/eller sak.

Som lesar får eg aldri fred. Da er heile tida ting som skjer, og hjernecellene jobber på høggir etter å finna ein mistenkt. Ein del gode vendingar og overraskelsesmoment gjer at denne boka var særs vanskeleg å legga frå seg. (Som den fotballidioten eg er, så klarte eg til og med å gløyma ein fotballkamp medan eg leste…)

Boka handler som nevnt om homofili, men óg om oppvekstmiljø, utpressing, hemmeligheter, hevn og eit hat som er større enn forstanden.

Agnes Lovise Matre skildrar miljø og karakterer på ein strålande måte. Eg trur på da ho skriv. Eg trur på sårbarheita til enkelte personer, kjenner på hatet, ser omgivnadane og kjenner lukta av fiskeslo og lik ein varm vårdag. Denne krimromanen er ei fantastisk reise inn i eit univers som eg føler eg har vert fysisk til stades i gjennom mi lesestund.

Språket er enkelt, lett og flyt naturleg. Eg følte at skildringane av natur og stadar var i passeleg mengde. Ikkje for masse, ikkje for lite, og dermed falt ein aldri ut av handlinga. Kapitla er passeleg lange og inneheld cliffhangere som gjer at ein berre «må» lesa og lesa og lesa.

Eg kan ikkje anna enn å berre anbefala denne boka på da varmaste. Eg vert ikkje overraska om denne blir ein bestselger også utanfor landets grenser. Eit mesterverk.

TERNINGKAST: 6

Legg igjen en kommentar