Dødelig tro av Egil Foss Iversen

Ein seriemordar herjer i Bergens gater. Psykoterapeut Theodor Solomonsen vert motvilleg dratt inn i saka. Dette er fyrste bok i Theodor Solomonsen-serien.

  • Norsk tittel: Dødelig tro
  • Forfattar: Egil Foss Iversen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 287
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Neglebitt Forlag

Egil Foss Iversen (Født 1949) er utdanna som bedrifts – og markedsøkonom. Han debuterte som forfattar tilbake i 1997 med sakprosaboka «Det sitter i hodet». I 2011 debuterte han som skjønnlitterær forfattar med kriminalromanen «Ørnens skygge». Sidan har det blitt mange nye kriminalromaner, særskilt med Theodor Solomonsen i hovedrollen.

Ein seriemorder herjer i Bergens gater under tilnavnet Bibelmorderen. Han drep berre prostituerte og etterlet bibelsitater risset inn på kroppen til offeret. Så langt er fire prostituerte drept. Bedriftsrådgjevar og psykoterapeut Theodor Solomonsen vert motvillig dratt inn i saken. Ved hjelp av den vakre politietterforskaren Amalie Botega oppdagar Solomonsen at det går en raud tråd frå drapet i Bergen tilbake til ein misjonsstasjon i Kongo. Det han trudde ville vera ein enkel sak, viser seg å avsløre korrupsjon i det offentlige, svindel med faddarordningar og bistandsstøtte, utro politikere, barnesoldater, prostitusjon og trafficking.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå Neglebitt Forlag. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Dødelig tro».

Dette er den fyrste boka i dødelig-serien og er ei re-utgivelse, med Theodor Solomonsen i hovedrollen, og inngår i Pistolløp-serien til Neglebitt Forlag DA. Boka vart utgitt fyrste gong i 2014 på Commentum Forlag. «Dødelig tro» kan kjøpes her.

Egil Foss Iversen har etterkvart blitt eit kjent forfattarnamn her i Noreg. Dette er likevel mitt fyrste møte med han, så eg har ingen grunnlag for å samanlikne denne boka med nokre av hans andre utgivnadar.

Handlinga foregår i Bergens gater. Ein seriemorder er laus, og politiet får meir enn nok å jobba med. Me fylgjer politiet på sin jakt etter kven som drep og rissar inn bibeltekstar på ofra. Men parallelt fylgjer me psykoterapeuten Theodor Solomonsen, som er hyra inn av familien til eit av ofra for å reinvaske ho frå stempelet som prostituert. Da visar seg etterkvart at Theodor går motsatt veg av da politiet har som teori, med hjelp frå sin nære venn og politietterforskar Amalie Botega, og da blir etterkvart små konfliktar, splid og mistenksomhet.

Dette er ein blanding av politikrim og privatetterforsking med thrillerelement, der avhøyr, teorier og ein fandenivoldsk innstilling frå ein sjølvoppnevnt privatetterforskar er hovedingrediensane. Litt action er det, og ein god del drap av forskjellig art, men forfattar har unngått groteske skildringar, så i så måte er dette ei «snill» krimbok.

«Igjen fikk Theodor denne følelsen av å bli satt hundre år tilbake i tid, som han også hadde fått da han hadde svinget inn på tunet. Det var noe spøkelsesaktig over mannen der han kom, målbevisst og med lange steg. Han stoppet ved trappen og strøk hånden gjennom håret mens han så strengt på Theodor gjennom grå, buskete øyebryn.»

Plottet er spanande, og alt ligg til rette for at dette skal bli ei meget god krimbok. Men for meg vart starten famlende. Eg sleit med å skjønne kven som sa kva i enkelte av dialogane. Her kunne ein lagt inn litt meir tekst for å framheve kven som snakkar. Enkelte av kapitla startar med ordet «Han». Så kan det gå ei side før navnet vert nevnt, noko som skaper unødvendig «stopp» for meg som lesar, sidan ein heng seg meir opp i kven denne personen er, framfor å få med seg innholdet i teksten.

Da er ein del namn i boka, men fleire av dei har ein perifer rolle i handlinga. Eg skulle gjerne kommet meir under huda på hovedkarakterane, men da ville nok vert litt unaturlig å brukt masse tid på dette i den fyrste boka, så eg reknar med at ein får meir kjøtt på beinet etterkvart som serien skrider fram. Karakterane er spanande og har mange gode (og dårlege) eigenskapar som forfattar kan spinna vidare på.

Plottet er som nevnt meget bra. Språket utviklar seg utover i romanen, og ein finn nokre morosamme kommentarar her og der i dialogane, iblanda alt det alvorlege. Da er relativt korte kapitler, og slutten er intens og meget spanande. Ein kan sjå ein tydeleg progresjon utover i boka, noko som gjer at ein sit att med ei god kjensle når siste side er lest.

«Dødelig tro» har eit interessant og spanande innhold. Slutten har eit høgt nivå, og potensialet for serien er stor. Eg gleder meg til å lesa neste bok i denne serien.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s