Vargtimen av Geir Tangen

Eit nettspill med dødelig utfall er i ferd med å spre seg i ungdomsmiljøet i Haugesund. Det er opp til den ferske etterforskningsleiaren Gabriel Fjell å få ein stopp på da.

  • Norsk tittel: Vargtimen
  • Forfattar: Geir Tangen
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 384
  • Utgivelsesår: 2021
  • Utgiver: Gyldendal

Geir Tangen (Født 1970) er bosatt i Haugesund, der han jobber som lærer på ein ungdomsskule. Tangen debuterte som forfattar i 2016 med krimromanen «Maestro». Sidan har det blitt to ytterligare bokutgivelser i denne krimserien, «Hjerteknuser» (2017) og «Død manns tango» (2018) I 2021 kjem han ut med boka «Vargtimen». Dette er fyrste bok i ein ny krimserie.

Marthe Isaksen vert funnen hengt i skogen. Ho var berre fjorten år gammal. Etterforskninga viser at ho har deltatt i eit nettspel som er i ferd med å bre seg utover ungdomsmiljøet i Haugesund. Eit spel med mange utfordringar, der den siste og avsluttande oppgåva er å ta sitt eiga liv. Gabriel Fjell har vert politibetjent i Haugesund i ti år. No er han nyleg blitt forfremma til politioverbetjent og etterforskningsleder. No han nå gir seg i kast med sin fyrste sak, står han overfor eit skremmende scenario. Han må finna ut kven som står bak spillet, samtidig som han må hindre fleire ungdommer i å avslutte sitt eiga liv. Men korleis kan han stoppa ein person som ikkje finnes? Og kva må han gjere for å stoppe eit ungt menneske som ynskjer å skade seg sjølv?

Denne boka er eit forhåndseksemplar frå forfattar. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Vargtimen». Boka kjem ut 12.01 2021.

Boka startar dramatisk og spennande. Me får eit lite tilbakeblikk frå noko som hender i ein familie i 2005, før me blir tatt tilbake i «nåtid» i 2019. Innimellom vert me oppdatert på da som skjer med denne familien opp gjennom åra. Og denne «bihistorien» er veldig spennande å fylgja med på. Overskriftene levner ingen tvil om kva tidsperspektiv ein er i, så ein vert ikkje på noko tidspunkt usikker på kva ein les om.

Forfattar beveger seg inn i eit mørkt farvann med denne boka. Her er det ungdommers psykiske helse og sjølvmord som er hovedtema. Og dette er viktige temaer, som ikkje altfor ofte blir brakt opp og fram i lyset. Kanskje litt uvanleg å finne dette i ein krimroman?

Med andre ord vert det ein del røffe og sterke skildringar i denne boka, når sjølvmord og sjølvskading er ein del av historia. Eg synes Tangen klarar å skildra dette på mesterleg vis. Ein kan formeleg føla kjenslene til fleire av ungdommane, der dei meir eller mindre skriker etter oppmerksomhet, utan å bli sett. Nokre ungdommar blir overlatt til seg sjølv av sine eigne foreldre. Det er dyster lesning til tider. Så sjølv om dette er ein roman, så ligg det eit alvorleg tema til grunn. Eg er glad for at Tangen i sitt etterord i boka har oppgitt telefonnummeret til Hjelpetelefonen for personar med sjølvmordstankar.

Handlinga foregår i Haugesundsområdet på hausten, der mørket, regnet og vinden pisker utanfor. Eg vart sugd inn i det mørke og dystre universet til forfattar frå den fyrste sida i boka.

«Hun ville ikke se seg over skuldra, men klarte ikke å la være. Følelsen av at det sto noen i den beksvarte natta og betraktet henne, var så intens at hun mente å kunne kjenne angen av varm pust mot nakken.»

Hovedkarakteren, Gabriel Fjell, er nyleg blitt politioverbetjent. Eg var litt spent på kva hindringar og personlege problem han var utsatt for i boka. Forfattar har lagt til side all intern konflikt i politiet, som me ofte les om i andre krimbøker. Alle er hyggelege, og når dei er på jobb, så er det etterforskning som opptar forteljinga. Dette var befriende. På den private sida har Gabriel sin egen far buende i kjelleren. Han er i slutten av 50-åra og lider av angst. Da hender ofte at Gabriel må gå ned og roe ned faren. Dette fører til at han får dårleg samvittighet når han overnattar hos sin kjæreste, Makena Svendsen, som er helsesykepleier. Og nettopp Makena får ein betydelig rolle i denne boka, grunna sin jobb med ungdom, og det faktum at ho er saman med etterforskningslederen. Saman samarbeider dei innanfor gjeldande regler og retningslinjer. Gabriel har óg eit etterforskningsteam i ryggen, som samarbeider godt saman. I tillegg har storesøster til Gabriel begått sjølvmord for ein del år tilbake. Fleire minner og tanker dukk opp att hos Gabriel. Bør han tre til side i etterforskninga av denne saka?

Nettopp dette med angsten til faren sakna eg meir av utover i boka. Sidan forfattar gjorde eit lite nummer av dette, føler eg at det ikkje vart følgt godt nok opp utover i romanen. Det har ikkje noko å seie for handlinga, men det føltes litt overflødig, når det meir eller mindre fadet ut.

Geir Tangen har tatt utgongspunkt i fenomenet «Blue Whale Challenge». Dette er eit verkeleg sosialt fenomen som oppstod i 2016. Det går ut på at «spillerene» får ein serie av oppgåver fordelt på ein 50-dagers periode. Oppgåvene bestod blant anna av selvskading og å forberede kropp og tankesett på den avsluttande oppgåva, nemleg sjølvmord. Dette fenomenet skal også ha vert omtalt i Sarpsborg seinest i juli i 2020, der nokre ungdomar var blitt oppfordra til å delta i spelet.

Romanen vert dermed veldig realistisk. Dessverre må eg nesten legge til i denne settingen. Det er særs lite dødpunkt i boka, handlinga drives framover av bihistorier og eit spennande plott. Språket er lett og setningane flyt godt. Dette er ei klassisk krimbok der etterforskninga er i hovedfokus. Samtidig vert det skildringar på det menneskelege planet rundt alle ungdomane som slit med psykiske problem. Slutten er meget interessant og spennande.

Denne var veldig vanskeleg å legga frå seg, og vart lest på rekordtid. Liker du sitrende spenning, ispedd litt røffe skildringar? Da bør du definitivt lese denne! Denne kan eg varmt anbefale videre til alle krimelskere. Eg gleder meg til fortsettelsen! Boka kjem ut for salg 12.01.2021.

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar