En fabelaktig andaktsbok av Kjersti Marken

Dette er boka for deg som treng nye ideer når du skal holde eit møte på bedehuset, eller lede ein samling for born eller vaksne.

  • Norsk tittel: En fabelaktig andaktsbok
  • Forfattar: Kjersti Marken
  • Sjanger: Religiøst, Livsstil
  • Antall sider: 80
  • Utgivelsesår: 2020
  • Utgiver: Publica

Kjersti Marken (Født 1962) har vert predikant sidan tenåra. Marken er ein god historieforteljar, noko ho har hatt bruk for i sitt arbeid som menighetspedagog og prestevikar. Ho er frilansmusiker, sanger, reiseleder, forkynner og pilegrim. I 2019 utgav ho boka «En skrue løs».

Treng du inspirasjon til ei andaktsstund? Dette er boka for deg som treng idéer og nye innfallsvinkler når du skal åpne eit møte på bedehuset, eller lede ei samling for born eller vaksne. Les rett frå boka, eller la deg inspirere til å lage din eiga tekst. Korleis er det å vera Maria, Josva, Eselet eller krybba i Betlehem? Her finn du bibelhistoriar med ein ny vri.

Denne boka er eit leseeksemplar frå forlaget Publica. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «En fabelaktig andaktsbok».

Kvart kapittel startar med eit lite bibelvers. Så spinn forfattar vidare på dette utgongspunktet, og lagar ei lita historie rundt det. Dette var litt annleis enn det eg såg for meg når eg fekk boka i hendene. Eg hadde forventa kva ein bibeltekst tyda osv… Så dette var ein ny vri.

Det er mange forskjellige forteljarstemmer i boka. Alt frå Maria, Josva og Peter, til eit esel, krybba i stallen og ein gjeterstav. Nesten alle historiene har ein ting til felles; nemlig deira møte med Jesus. Mange av historiene er retta mot born, og kvaliteten på dei er litt varierande.

Forfattar Marken skal ha ros for å gje ut ei annleis bok. Forteljingane i denne boka kan gje eit godt utgongspunkt for å tenke litt utanfor boksen. Ingen tvil om at denne boka vil inspirere fleire til å fortelja historier frå Bibelen med nye forteljarstemmer, særskilt då retta mot born. For den vaksne delen, så spørst det om dei er like interessert i å høyra ein gjeterstav sitt møte med Jesus… Men det er også nokre historiar som er mynta på ein vaksen tilhøyrarskare.

Forteljinga om Maria som skal vitja grava til Jesus er nær og sår. Og me får eit anna perspektiv på teksten som står i Bibelen. Det blir plutseleg noko folk kan relatere seg med, og setja seg inn i sorga til ei mor som er knust over å ha mista sonen sin.

Da er forskjellige lengder på kapitla. Nokre er på kun ei side, medan andre kan vera på fire-fem sider. Det er i alt 20 bibelvers og historiar i boka. Dei aller fleste bibelversa er nok kjente for dei som er godt bevandra i Bibelen.

Språket er enkelt og forfattar har brukt god fantasi og leikt seg litt med historiene. Nokre treff betre enn andre, men eg er sikker på at mange born vil finna da spennande å høyra når Jesus vart født, sett frå f.eks eit esel sitt synspunkt. Med ein slik tankegong Marken har ført i denne boka, er moglegheitane for historier uendelege.

Markedet for denne boka er nok noko begrensa. Men er du møteleder, prest, eller skal holde andakt eller liknande, gjerne for born, kan «En fabelaktig andaktsbok» vere eit spennande alternativ og vere utgongspunktet for den neste forteljinga di.

TERNINGKAST: 4

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s