Elskede Emilie av Myriam Bjerkli

Ein medrivende og spennende krimroman. Dette er bok nr. 6 med politioverbetjent Håkon Haakonsen i hovedrollen.

  • Norsk tittel: Elskede Emilie
  • Forfatter: Myriam H. Bjerkli
  • Sjanger: Krim
  • Antall sider: 288
  • Utgivelsesår: 2023
  • Utgiver: Bonnier Norsk Forlag

Myriam H. Bjerkli (Født 1963) er blant anna frilansjournalist, oversetjar og er forlagssjef i Forlagshuset i Vestfold. Ho debuterte med ei dikt og novellesamling i 2006 i samarbeid med to andre, før ho i 2007 gav ut si fyrste ungdomsbok. Den heiter «Cyprianus» som også vart til dansk. Etter ei rekkje med diverse utgivelsar, kom ho med si fyrste krimbok, «Lille Linerle» i 2017. Så fylgde «Stella Polaris» i 2019 og «Djevelens Yngel» i 2020. Desse tre bøkene utgjer Kodal-trilogien. «Engelens fall» vart utgitt i 2021, «Grønnøyd monster» i 2022, og «Elskede Emilie» i 2023.

En sensommerdag i Sandefjord bryter noen ungdommer seg inn i en container utenfor en matbutikk. Mens de ser etter mat de kan redde fra en unødig søppeldød, finner de et avhugget hode. Lokalavisene rapporterer sjokkert om hendelsen, men ingen er mer opprørt enn politioverbetjent Håkon Haakonsen: Han kjenner mannen. Frank Skår, enkemann og faren til Emilie Skår, en jente som fikk en tragisk fireårsdag da moren døde i en bilulykke. Når han nå skal overbringe nyheten om at hun har mistet faren også, oppdager de at den nå attenårige Emilie har forsvunnet. Da den dødssyke Dagny får vite om sønnens død, vet hun tilsynelatende ikke hvor verken Emilie, eller resten av Franks kropp, befinner seg.

Denne boka er eit leseeksemplar på PDF frå forfatter. Eg er på ingen måte påverka av dette, og har skrevet min egen subjektive vurdering av «Elskede Emilie».

I min bokblogg legg eg ut bøker som eg vil anbefale videre til deg som les den. Difor publiserer eg ikkje bokanmeldelser med karakter 3 eller dårligere. Unntaket er viss forfatter/forlag likevel ynskjer dette.

Dette er ein krimroman og er den sjette i rekken med politioverbetjent Håkon Haakonsen i hovedrollen. Boka kan fint leses frittstående, men siden privatlivet til Håkon stadig er i utvikling, anbefale det å lese bøkene kronologisk.

Me møter att politioverbetjent Håkon Haakonsen som får nok ein vanskeleg sak på bordet. Saman med hans kollega, Anders Guldbrandsen, må dei rykke ut til eit drap. Det er ikkje ofte at ein kan konstantere at det er eit drap umiddelbart etter ein innringing, men i dette tilfelle kan ein trygt gjere det. Utenfor ein Coop-butikk finn nokon ungdommer eit avkappa hovud. Håkon kjenner umiddelbart att kven det tilhøyrer, og det fører minnene langt tilbake i tid.

Parallellt med politiets etterforskning av drapet på Frank Skår, får me også Iphone-notater som er skrevet av Emilie Skår, dattera til Frank som er sakna. Gjennom desse notatene får me eit betre og betre innblikk i kven denne kvinna er, og kva ho har vært gjennom etter at moren omkom i ei bilulykke på hennes 4-årsdag.

Eit av dei fyrste minna Emilie har, er når ho står ved morens båre og ser på når den vert senka ned i jorda. Det er klart dette setter spor i eit lite barn, og noko ho dreg med seg resten av livet. Ho klandrer moren for at ho døde og etterlot ho og faren åleine att. Etter at moren omkom, har det vert Emilie og faren. Dette er ei jente som elsker alle turene, alle opplevelsene og alle gongene faren kjøpte noko til ho. Heile livet hennes kretser rundt ho og faren. Dei var tre, nå er dei berre to. Heldigvis har ho også ei farmor ho kan lene seg på, og som er ein god støttespeler for Emilie. Etterkvart forandrer ho væremåte, og ho er ikkje lenger den snille, søte jenta ho var. Her synes eg at Bjerkli klarer å skape ein velbygd dynamisk karakter som er både mystisk og spennende.

Jeg vet det er barnslig, men jeg er fremdeles rasende på mamma fordi hun var så dum ar hun døde. Hvorfor tok hun bilen og kjørte av gårde, når hun ikke kunne kjøre? Jeg savner henne ikke, men jeg er fremdeles irritert på henne. Kan du skjønne det?

Denne gongen tar forfatter for seg familieliv og tankegangen til eit menneske. Ho drar oss med inn i dei mørkeste avkrokene i eit menneskesinn, der ho provoserer og irriterer med si historie. Når boka er ferdiglest, så er det i leseren sitt sinn innhaldet har satt seg, og det er ein roman som vil bli husket lenge etter at den er lagt vekk.

Allereie ved fyrste avsnitt kjenner ein på følelser som kjem medan ein les. Dette er ein av Bjerklis store egenskaper; nemlig å dra leser inn i historia og universet sitt umiddelbart. Å skape ein slik kontakt med leser er ikkje alltid like lett, men dette klarer Bjerkli igjen og igjen.

En av mine første virkelige minner, er mammas begravelse. Kisten var dekket av blomster. Presten hadde sort kappe. De alvorlige ansiktene, bortvendte blikk som ikke ville møte mitt. Som om det smertet dem å se på meg. Som om det var de som hadde det vondt.
Jeg hadde akkurat fylt fire år.

Drivet i boka er strålende. Forfatter begir seg ikkje ut på lange utgreiinger eller vikler seg inn i unødige og platte dialoger og hendelser. Her er det konkrete situasjoner, gode og levende dialoger og ikkje minst framdrift. Sjølv om plottet ikkje er så djupt, så klarer Bjerkli å skape forvirring. Ho held dei rette korta tett til brystet, og dermed opprettholdes spenninga til siste slutt.

Håkon har eit enkelt, men likevel litt småkomplisert privatliv. Her skulle eg gjerne sett at Bjerkli gjekk enda grundigere til verks, og at me får ta større del i dette aspektet av livet hans. På jobb er han hardtarbeidende og har eit stort hjerte og empati for ofrene han møter. Han fremstår som ein sympatisk og hyggelig person, men likevel er han ikkje redd for å gå i skuddlinjen eller bruke makt ved behov. Men korleis er han utenfor jobben når vanskelege situasjoner oppstår? Når ein krangel bryter ut? Når uenigheter oppstår mellom han og kjæresten?

Bjerkli tar for seg ein vanskeleg tematikk, men eg synes likevel ho har klart å skrive om det på ein verdig måte. Igjen kjem dette med eit konsist og direkte språk inn. Ho treng ikkje lange utbroderinger for at leser skal skjønne kva som foregår eller kva ho vil oppnå med det ho skriv. På denne måten kan ho spare leser for mange unødige detaljer.

Å skulle forsøke å skildre språket til forfatter vil eg ikkje eingang forsøke å begi meg ut på. Det er enkelt og greit fantastisk. Ho drar deg rett inn i sitt eiga univers frå fyrste side av, og spytter deg ikkje ut før siste side er lest.

Det er til tider eit røft innhald, så boka er kanskje ikkje for alle. Dei verste skildringene er utelatt, men det er likevel nok til at leser får sterke inntrykk undervegs.

Da hjernen omsider tok innover seg det øynene så, svaiet han og bråsnudde, løp mot trappen, passerte Anders som sto og kikket ned på den lille barnesengen, dyttet ham unna, videre, ut i friluft. Der seg han ned på kne på den grønne, velklipte plenen og spydde.

Ved å bruke ein av hovedkarakterens eigne notater som ein parallell historie til hovedhandlinga, så ligg me til tider foran politiets arbeid i jakten på sanninga. Men forfatter varter likevel opp med tvister og vendinger undervegs, slik at ein i utgangspunktet litt lineær historie vert plukka frå kvarandre og tilført nokre særs interessante og spennende ingredienser.

«Elskede Emilie» er ein sterk og interessant krimroman. Med sitt strålende språk, veloppbygde karakterregister og fantastiske driv er dette nok ein bestselger frå Myriam H. Bjerkli. Årets påskekrim?!

TERNINGKAST: 5+

Legg igjen en kommentar